Noregs yngste redaktør satsar stort

Truls Sylvarnes er Noregs yngste redaktør. For han er «folk» nøkkelordet for å driva ei god lokal nettavis. 

Truls Sylvarnes meiner empati er hans viktigaste eigenskap. FOTO: Ina Eirin Eliassen.
Truls Sylvarnes meiner empati er hans viktigaste eigenskap. FOTO: Ina Eirin Eliassen.

I ein alder av 24 år er Sylvarnes den yngste redaktøren i Noreg. Han driv nettsida Porten.no som distribuerer nyhende for Årdal og Lærdal kommune. Sjølv om han er ung, har han likevel lang erfaring. Han ser på rolla som både krevjande og spennande.

– Sjølv om det er i eit mindre «seriøst» omfang, har eg fem år som redaktør for Chelsea.no bak meg, og der handlar det like mykje om det å ta ansvar for innhald. Men der er det først og fremst snakk om informasjonsarbeid, medan dette er journalistikk, og då gjeld det å ha tunga beint i munn og vita kva ein driv med. Eg synest det er ei givande rolla, der eg har moglegheit til å vera med og påverke og sette dagsorden i eit samfunn eg er oppvaksen i, seier Sylvarnes.

Vil vera først ute

Sjølv om Sylvarnes har mange erfaringar, har han lært mykje av å drive ei nettavis.

– I seinare tid har eg utan tvil blitt ein flinkare intervjuar, der eg kvar dag øver meg på å lytta etter det som er viktig og stille dei riktige spørsmåla for å få dei svara ein er ute etter. Ofte kan ein få eit svar berre ein stiller spørsmålet på riktig måte, men då handlar det også om å vita kven ein har med å gjera. Eg har nok blitt flinkare til å lesa folk og kva dei står for, fortel Sylvarnes.

Sylvarnes er ikkje berre redaktør i den vesle bedrifta, han tar seg også av personalansvar, bestilling av utstyr, signering av avtalar og i tillegg jobbar han som journalist. Målet hans er å først ute med nyhende i lokalsamfunnet, og da må ein jobbe hardt.

– Mitt mål er at alle skal veja Porten.no først når dei er ute etter siste nytt. Det betyr at me må tilby folk siste nytt, og dette må vera av høg kvalitet. Dessutan er me ikkje så store at me har eit breitt publikum. Me dekker alt frå ballettframsyninga til niesa di til kommunestyremøtet som mor deltek på. Det handlar om å visa fram folk og kva dei driv med i ei lokalavis, fortel den unge redaktøren.

Sosiale media er viktig

Han fortel at målgruppa deira er alle som bur i Årdal og Lærdal. Sylvarnes meiner at det ikkje alltid er like lett å engasjere 10-åringar med det same stoffet som skal engasjere andre, men at dei i like stor grad er ein del av målgruppa, sidan desse blir også brukt som kjelder i saker.

– Me ønskjer å løfta alle fram slik at samtlege skal føla at dei blir høyrt. Folk er eit nøkkelord. Menneske sel, og difor prøver me å syna fram ansikt og folk og personar på bileta våre. Me prøver også å henga oss på dei sakene som opptar folk, og det beste er dersom me klarar å skapa debatt på Facebook-sida vår. Meiningar må fram i lyset. Det er mange måtar me jobbar på for å nå ut til folk, seier Sylvarnes.

Han fortel at sosiale media er ein viktig kanal for å nå ut til folket.

– Sosiale medium er så viktig. Heldigvis har me ein del trufaste fans som har Porten.no som startside på dataen sin, men me ser at nesten 50 prosent av trafikken vår kjem via sosiale medium, og då er det vår oppgåve å tilby folk nyhenda der dei er, og kor er det? Jo, på Facebook, på Twitter, på Instagram. Alle desse tre brukar me aktivt. Eg vurderer også å ta i bruk Snapchat, fortel Sylvarnes.

Satsar stort i framtida

Sjølv om mange er skeptiske til framtida til journalistikken, har Sylvarnes ambisjonane klare. Målet er å dekkje heile Sogn.

– Eg har ikkje lagt skjul på at ei utviding kan skje i laupet av forholdsvis kort tid. Det vil seia at me aukar dekningsområdet vårt. Det viktigaste er å ta alt steg for steg. Eg har mange planar som eg ikkje kan avsløre, men lykkast me med desse, er eg trygg på at Porten.no i laupet av få år vil stå sterkt i lokalsamfunna. Om ti år skal ein ikkje sjå vekk i frå at Porten.no dekker heile Sogn. Alt handlar om strategi og ressursar og gi folk det dei vil ha, seier redaktøren.

Men sjølv om Porten.no er noko Sylvarnes brenn for, håpar han også at det vil føre til andre ting i framtida.

– Når det gjeld personlege draumar, håpar eg at Porten.no er eit fint springbrett vidare. Det er ikkje mange som er redaktør i ein alder av 24, og då håpar eg at eg vil skilje meg ut i søkarbunken til ei eller annan riksavis/kanal. Eg har trass alt erfaring frå TV, så eg er veldig allsidig slik sett, avsluttar Sylvarnes.

Kategorier
Aktuelt: Fagleg

25 år med studentteater

Etter 25 år med uttalige forestillingar, er Immaturus no fast bestemt på å finne grunnleggjaren av Norges største studentteater.

Logo uten skrift

Heile Immaturus-eventyret byrja i 1990 då studenten Ulrikke Klages samla ei gruppe studentar for å starte ei teatergruppe. Året etter hadde Studentteateret si første forestilling. I dag er dei størst i Noreg med over 100 medlemmar.

Finn Ulrikke

Grunnleggjaren Ulrikke Klages vart ikkje verande i Noreg, og no er det ingen som kjenner ho. På Immaturus sitt 10-års jubileum var temaet «Finn Ulrikke Klages». Femten år seinare leitar me framleis, fortel Hedda Paulsen, PR- og informasjonsansvarleg i Immaturus, til Studvest.

Sjølv om ingen klarte å finne ho for 15 år sidan, er teatersjef Rania Broud optimisktisk i år.

– Me trur ho lev i Tyskland, uvitande om at Immaturus har blitt det det er i dag, seier Broud til Studvest.

Stor jubileumsfeiring

I jubileumsåret vil Immaturus slå til med både jubileumsforestilling og bankett. Immaturus skal blant anna vise fram storsatsinga «Alice In Wonderland» med Mira Nadina Mertens som regissør.

– Eg håpar me med dette stykke viser kor langt me har kome i vår kunstneriske utvikling, skriv teatersjef Broud i programbladet for året 2015.

Umoden og lat

Immaturus har ei lang historie bak seg med mange vellykka framføringar og store namn. Men Immaturus namnet sjølv tydar ikkje på storheit. Namnet Immaturus vart eigentleg først brukt som ein intervits blant medlemmane som dreiv med teater. Oversatt tydde det umoden og lat og vart tidlegare brukt om ein karakter ved Universitetet som stod for ikkje bestått. Studentane på den tida brukte så mykje tid på studentteateret at dei fleste strauk på eksamen, og slik fekk teateret til slutt namnet Immaturus.

– Dette vitnar om det me er aller mest stolt av: 25 år med fantastiske medlemmer som har vore dyktige, sterke og kreative ildsjeler, skriv Immaturus i programbladet for 2015.

Kategorier
Ymse informasjon

Femti nyansar porno

I følgje Kondomeriet var det hausten 2012 utseld for piskar, håndjern og bindeleiker. Copyright: Jay Aremac
I følgje Kondomeriet var det hausten 2012 utseld for piskar, håndjern og bindeleiker.
Copyright: Jay Aremac

Om litt over tre veker brakar det laus. Triologien som sendte den gamle husmorspornoen fleire hyller nedover på alle Narvesen og Mix-kioskar landet over. Ein må langt tilbake i tid for å finne ein serie bøker som har engasjert og provosert så mykje som desse bøkene. Med heile 34 millionar treff på Youtube, dankar «50 Shades of Grey»-traileren ut den Oscar-nominerte «American Sniper» (8 millionar treff) og den omdiskuterte «The Interview» (8 millionar treff). Men kva er det med desse bøkene, som gjer at kinosalane allereie er begynt å fylle seg opp, og at salet av vaginakuler, i følgje kommunikasjonsrådgjevar i Kondomeriet Sofie Jonsson til E24.no, har gått rett opp i skyene?

I følgje tv2.no slår Noreg verdsstatistikken når det gjeld pornosjåing. I mars 2014 fastslo nettstaden Pornhub brukarane sine vanar, og nordmenn ser lengre på porno enn det som er gjennomsnittet i resten av verda. Januar blir også framheva som den månaden der flest nordmenn ser på porno.

– Det er ingen vits å gøyme seg no. Nettet lyg ikkje, og no er dei harde fakta lagt på bordet, ler sjølvutpeikt sexspirator og redaktør for Cpunktet.no, Cecilie Kjensli (45) overfor TV 2. 

Dei harde tala kan me også sjå i omsetninga til Kondomeriet. I følgje E24 Bedrift har Kondomeriet auka omsetninga med 30 prosent sidan 2008. Men ikkje alle ser på dette som positivt. Heidi Helene Sveen skriv i Dagladet at porno er hovudkjelda til mange unge sin kunnskap om sex, og at dette kan gi eit skeivt bilete.

For dei som ikkje har lest dei grafiske bøkene, så er forteljinga enkel, men tydelegvis spennande nok til at over 400 000 nordmenn hadde skaffa seg eit opplag i 2013. Dei erotiske bøkene handlar om jomfrua Anastasia Steel som blir hovudstups forelska i den eldre Christian Grey som er litt over gjennomsnittet interessert i BDSM (bondage/discipline, dominance/submission og sadism/masochism). Resten kan ein lese om, eller om ein har tålmod, vente 3 veker å sjå på kino. God fornøyelse.