Kategorier
Ymse informasjon

Femti nyansar porno

I følgje Kondomeriet var det hausten 2012 utseld for piskar, håndjern og bindeleiker. Copyright: Jay Aremac
I følgje Kondomeriet var det hausten 2012 utseld for piskar, håndjern og bindeleiker.
Copyright: Jay Aremac

Om litt over tre veker brakar det laus. Triologien som sendte den gamle husmorspornoen fleire hyller nedover på alle Narvesen og Mix-kioskar landet over. Ein må langt tilbake i tid for å finne ein serie bøker som har engasjert og provosert så mykje som desse bøkene. Med heile 34 millionar treff på Youtube, dankar «50 Shades of Grey»-traileren ut den Oscar-nominerte «American Sniper» (8 millionar treff) og den omdiskuterte «The Interview» (8 millionar treff). Men kva er det med desse bøkene, som gjer at kinosalane allereie er begynt å fylle seg opp, og at salet av vaginakuler, i følgje kommunikasjonsrådgjevar i Kondomeriet Sofie Jonsson til E24.no, har gått rett opp i skyene?

I følgje tv2.no slår Noreg verdsstatistikken når det gjeld pornosjåing. I mars 2014 fastslo nettstaden Pornhub brukarane sine vanar, og nordmenn ser lengre på porno enn det som er gjennomsnittet i resten av verda. Januar blir også framheva som den månaden der flest nordmenn ser på porno.

– Det er ingen vits å gøyme seg no. Nettet lyg ikkje, og no er dei harde fakta lagt på bordet, ler sjølvutpeikt sexspirator og redaktør for Cpunktet.no, Cecilie Kjensli (45) overfor TV 2. 

Dei harde tala kan me også sjå i omsetninga til Kondomeriet. I følgje E24 Bedrift har Kondomeriet auka omsetninga med 30 prosent sidan 2008. Men ikkje alle ser på dette som positivt. Heidi Helene Sveen skriv i Dagladet at porno er hovudkjelda til mange unge sin kunnskap om sex, og at dette kan gi eit skeivt bilete.

For dei som ikkje har lest dei grafiske bøkene, så er forteljinga enkel, men tydelegvis spennande nok til at over 400 000 nordmenn hadde skaffa seg eit opplag i 2013. Dei erotiske bøkene handlar om jomfrua Anastasia Steel som blir hovudstups forelska i den eldre Christian Grey som er litt over gjennomsnittet interessert i BDSM (bondage/discipline, dominance/submission og sadism/masochism). Resten kan ein lese om, eller om ein har tålmod, vente 3 veker å sjå på kino. God fornøyelse.

Ett svar til “Femti nyansar porno”

Fin tekst, men kunne trengt ein kjapp gjennomgang. Nordmenn har til dømes skaffa seg eksemplar, ikkje opplag.

Når ein bruker statistikk, så må ein vere sikker på at ein forstår den godt nok, og formidlre godt nok. Tal kan nyttast til å seie mykje rart. Til dømes seier tala til Pornhub mindre om kor mange nordmenn som ser porno, og meir om kor lenge dei ser på kvar pornofilm. Det er interessant data, men ikkje heilt det same som vert presentert her.

Brå å hente inn kjelder som Ceciilie Kjensli og Heidi Helene Sveen. Dei er kjende for sitt engasjement på temaet.

Legg igjen en kommentar