Kategorier

Redaksjonene

Fiks innhald, blikkfang og språk (Foto: Ivar Utne)

Den øvste redaksjonen for sida er dei faglege og administrativt ansvarlege for Praktisk informasjonsarbeid.  Øvste ansvaret har fagleg ansvarleg. Studentane utgjer til saman to redaksjonsgrupper som skal produsere tekst til sidene.

 

Dei to redaksjonane skal produsere tekst til Aktuelt: Allment og til Aktuelt: Fagleg, medan alle kan produsere innhald til Fotografi og bilete. Redaksjonane for dei to hovudkategoriane står fritt til å utveksle idear og tankar seg i mellom, dersom det skulle vere aktuelt. Redaksjonane har ansvar for at det vert jamleg lagt ut tekst, og at alle legg ut minst ein tekst i den bestemte kategorien. Redaksjonane sett difor tidsfristar for kvart enkelt redaksjonsmedlem, og vil gå gjennom tekst før publikasjon. Ein redaksjon bør difor iallefall ha ein utvalt redaktør og ein redaksjonssekretær for å følgje opp dette arbeidet.

Under kategorien Foto og bilete kan ein leggje ut eigenprodusert bilete og tekst, gjerne i samråd med sin redaksjon. Bileta må gjerne vere lagt ut under ein Creative Commons-lisens.