Hva er praktisk informasjonsarbeid?

Studentane skal få trening i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver, og få teoretisk og metodisk innsikt i korleis kommunikasjonsarbeid kan foregå.

Kurset omfattar sentrale emne innan formidling av praktisk informasjon. Det vil seie kunnskap om kva kommunikasjon er, korleis ein finn og vurderer informasjon, korleis ein brukar skriftspråket som verktøy, og korleis ein i det heile best kan få formidla ein bodskap på ein effektiv måte. Omsynet til mottakarar av informasjon og praktisk arbeid med språk står sentralt.

Studiet er sett saman av fire faglege hovudperspektiv, som dels vil overlappe kvarandre:

1. Teori: Vekta blir lagd på omgrep knytte til kommunikasjon, informasjon og informasjonsarbeid.

2. Informasjonssøking: Det omfattar strategiar og teknikkar for søking, siling av informasjon, siteringsteknikk og bruk av referansar, etikk ved bruk av informasjon frå andre, og opplæring i bruk av elektroniske søkjeverktøy.

3. Skriving og andre uttrykksmåtar: Arbeidsspråket er norsk. Hovudvekta blir lagd på praktisk skriving og innlevering av korte tekstar ca. ein gong i veka. Det vil vere tekstar knytte til privat og offentleg verksemd, og dessutan særkrav for nettsider. Det blir lagd vekt på å skrive enkelt, strukturert, fokusert, rett, og med god stil. Dessutan vil det bli lagd noko vekt på grafisk utforming og munnleg presentasjon.

4. Formidling: Delemnet omfattar formidlingsstrategiar, både gjennom medium ein produserer sjølv, og gjennom eksterne kanalar. Det blir også lagd vekt på korleis ein kan søkje råd og kjøpe inn eksterne tenester. Arbeidet med formidling blir òg knytt til rettsreglar og etikk for presentasjon og vidareformidling av informasjon.

I tillegg blir studentane utplassert i ein praksisperiode. Praksisen blir lagd til private verksemder, offentlege kontor og institusjonar, eller til prosjekt ved UiB knytt til emnestudiet.