Kategorier

Praksis

På veg opp til yrkeslivet (Foto: Ivar Utne)

[Utkast 9. aug. 2010, rev. 14. jan. 2013, IU]

At studentane får relevant arbeidserfaring og praksis er grunnmuren for Praktisk informasjonsarbeid.

Studieemnet Praktisk informasjonsarbeid (PRAKTINF) skil seg frå dei fleste studium med at vi legg stor vekt på bruk av fagkunnskap i praktiske situasjonar. Emnet er delt i to fasar, undervisning og praksis.

Første halvdelen av emnet omfattar undervisning om gjennomføring av kommunikasjon i praksis, og med mange øvingar. Dette legg på ein kortfatta måte grunnlaget for praksisperioden og for kommunikasjonsarbeid seinare i yrkeslivet. Andre halvdelen omfattar praksis hos ein kommunikasjonsavdeling eller hos ein kommunikasjonsansvarleg på ein arbeidsstad.

Praksisperioden kan vere hos ei privat verksemd, på eit offentleg kontor eller hos ein institusjon. Det kan vere matprodusentar, eit transportselskap, ei avdeling i kommunal, fylkeskommunal eller statleg forvaltning, hos eit teater eller eit museum, og mykje anna.

Praksisperioden er både meint som ei vidare opplæring og som verkeleg arbeid på grunnlag av det ein allereie kan. Praksisen blir vidare opplæring fordi ein kan få meir tid til å gjere oppgåver ein tidlegare berre har hatt kort tid på i undervisninga.

Eit viktig formål med praksis på ein arbeidsstad er òg å lære å arbeide på lag og å dele dagen med andre som dels har same og dels ulike funksjonar som ein sjølv. Blant anna vil dette òg seie kontakt med folk både i andre delar av verksemda og folk utanfor verksemda, slik som f.eks. kundar og leverandørar, og ikkje minst media.

Arbeidet vil omfatte både oppgåver som arbeidsstaden har god nytte av, observasjon av korleis dei arbeider på staden, og opplæring frå dei tilsette.

Nyttige oppgåver for arbeidsstaden er slikt som utforming av dokument på papir og på nett, å planleggje bruk av nye media, samling av informasjon som grunnlag for presentasjonar,  vurdering av nettsider og framlegg til endringar, spørjeundersøkingar, og kontroll av språk og innhald i dokument.

Observasjonsoppgåver er deltaking på møte (f.eks. postmøte, prosjektmøte) og lesing av materiale av mange slag. For alle slags oppgåver er det naturleg at tilsette på arbeidsstaden driv opplæring, både med generelle råd for ulike typar oppgåver, og for spesielle rutinar på staden.

Det er viktig at ein langt på vei kan planleggje sin eigen arbeidsdag. Det er ikkje minst viktig med tanke på læring for vidare yrkesliv. Derfor vil det vere naturleg at praksisstudentane har ei eller få større arbeidsoppgåver som ein kan falle tilbake på mellom mindre daglege gjeremål.

Større oppgåver kan vere vurdering av nettsider, spørjeundersøkingar internt eller blant kundar, utforming av større presentasjonar (f.eks. konsertprogram), innsamling av bakgrunnsinformasjon og deltaking i utforming av kommunikasjonskampanjar.

Mindre omfattande daglege oppgåver kan vere skriving av artiklar eller gjennomføring av intervju til internaviser og andre presentasjonar, notisar til nettsider, skriving og oppfølging av pressemeldingar saman med andre, kontroll av innhald i dokument, og korrektur.

Før praksisperioden avtaler kvar student sjølv eit møte med praksisstaden sin. På møtet går studenten og ein kontaktperson hos praksisstaden gjennom kva arbedsoppgåver som kan vere aktuelle, og kva arbeidstider som passar. Dei avtaler ein plan så detaljert dei meiner det er behov for.

Både under og mellom parksisperiodar er det viktig med dialog mellom praksisstaden og emneleiinga om kva praksisperioden kan innehalde, slik at alle partar kan vurdere om praksis er aktuelt, og om det må til justeringar for praksis som er i gang. Emneleiinga er ikkje minst interessert i tilbakemeldingar frå praksisstadene for å kunne tilpasse studiet til kva som gjeld i yrkeslivet. Emneleiinga har normalt eit besøk på kvar praksisstad i praksisperioden, for å møte både studenten og ein konktaktperson.

Studentane skal skrive ei prosjektoppgåve som avslutning på studiet. Det er deira eksamen. Det er naturleg å byggje oppgåva på prosjekt eller mindre arbeidsoppgåver som studentane har arbeidd med i praksisperioden. Praksisstaden har ikkje ansvar for rettleiing av prosjektoppgåva, men dei bør kunne gje råd om kva materiale og type oppgåver som kan vere til nytte. Folk på praksisstaden bør òg vere merksame på at det vil bli skrive ei slik oppgåve på bakgrunn av opphaldet, og mellom anna setje grenser for kva som ikkje bør brukast utanfor parksisstaden.

Praksisen er å rekne som verkeleg arbeid. Det inneber at avtalar om arbeidsoppgåver og arbeidstider skal oppfyllast. Fråvær skal studentane melde til praksisstaden. Som for alt anna arbeid gjeld teieplikt om interne tilhøve.

Ett svar til “Praksis”