Kategorier

Fagleg formidling

Bruk språk som passar der og då (Foto: Ivar Utne)

[Utkast 7. aug. 2010,  rev. 11. aug., IU]

Fagleg formidling er sentralt for kommunikasjonsarbeid. Å kunne gjere det fagleg tunge og komplekse forståeleg og tilgjengeleg for publikum.

Emnet Praktisk informasjonsarbeid (PRAKTINF) er meint for studentar på slutten av BA-utdanninga som er ei fagutdanning. Etter eit par år med teoretisk utdanning, er det nyttig å lære korleis ein kan formidle fagkunnskap både internt på ein arbeidsstad og ut til folk flest. Det kan dreie seg om å formidle frå eigne arbeidsoppgåver, men òg å hjelpe andre på arbeidsstaden med formidling.

Eit sentralt mål for emnet Praktisk informasjonsarbeid er å kunne formidle fagkunnskap. Fagformidling skil seg klårt frå marknadsføring og allmenn journalistikk. Fagleg formidling ligg nær opp til journalistikk når det gjeld å popularisere fagstoff i massemedium, men kan òg hente lærdom om framstilling elles, f.eks. undervisning, nettbruk., allmenne skriveråd, talekunst, og bruk av lyd, grafikk og bilete.

Mange typar kommunikasjonsmedium er aktuelle, og formene endrar seg heile tida. Dei siste åra har det vore ein overgang frå papir til intranett og internett. Sosiale medium kan òg sjå ut til å bli viktige i åra som kjem.

Å kommunisere inneber tovegskontakt og at ein følgjer opp tilbakemeldingar. Derfor er det viktig å forme rutinar for faglege tilbakemeldingar som alle partar kan dra nytte av.

Viktig for framstillingsmåten i fagleg formidling er ryddig framstilling, godt forståeleg og  samstundes presist språk, appellerande og relevante titlar, ingressar og bilete. Det er viktig å gje framstillingane form og innhald som når fram til aktuelle målgrupper, og som gjer at dei ønskjer å ta kontakt tilbake.

Til grunn for fagleg framstilling skal det liggje sikker kunnskap, gjennom bruk av pålitelege kjelder og grundig vurdering av truverdet i innhaldet.

Både kanalar, framstillingsform og innhald skal blir brukt slik at bodskapen når fram på ein effektiv måte.

Alt det som er nemnt ovanfor, er sentrale emne i studiet.