Kategorier

Kjeldebruk

Kjeldesortering? (Foto: Ivar Utne)
[Utkast 10. aug. 2010, rev. 11. aug. 2010, IU]

Emnet Praktisk informasjonsarbeid (PRAKTINF) gir opplæring i korleis vi kan kommunisere godt om fagleg innhald på ein arbeidsplass. Å kommunisere om fagleg innhald føreset at ein byggjer på mest mogleg sikker fagkunnskap, som er dokumentert gjennom truverdige kjelder.

Fagleg kommunikasjon krev at vi brukar kjelder med høgt fagleg nivå om det vi skal formidle, og at vi kjenner til effektive søkjeteknikkar for å finne fram til relevant innhald, både på papir, elektronisk og munnleg.

I mange tilfelle finn vi fram til kjelder vi ikkje har erfaring med frå før. I slike tilfelle må vi kjenne til framgangsmåtar for å vurdere kor fagleg truverdige forfattarar, publikasjonar og kjelder som framstillinga byggjer på, er. Dessutan må vi ta omsyn til kor oppdatert informasjonen er og kva målgruppe, og dermed presisjonsnivå, framstillinga har.

For alle typar publikasjonar gjeld reglar om opphavsrett for dei som har skrive og publisert dei. Dette stiller krav om tilvising vi kjeldene vi nyttar, og eventuell løyve til bruk av større delar av andre sine faglege åndsverk.

Fagleg innhald får vi i mange tilfelle tak i frå situasjonar der vi har teieplikt, eller der personopplysningar om einskildpersonar ikke skal offentleggjerast. Ofte er det slik med opplysningar frå ein arbeidsplass. Det stiller krav til anonymisering og ulike former for generalisering, eller til at ein ikkje brukar informasjonen.

Vi skal vere spesielt forsiktige med bruk av sitat frå barn og personar i sårbare situasjonar, f.eks. sjuke. Det same gjeld bilete av dei.

Så langt det passar for formålet, skal referansar i tekst og referanseliste (litteraturliste) vere så presise at lesarane kan spore dei opp.