Noregs yngste redaktør satsar stort

Truls Sylvarnes er Noregs yngste redaktør. For han er «folk» nøkkelordet for å driva ei god lokal nettavis. 

Truls Sylvarnes meiner empati er hans viktigaste eigenskap. FOTO: Ina Eirin Eliassen.
Truls Sylvarnes meiner empati er hans viktigaste eigenskap. FOTO: Ina Eirin Eliassen.

I ein alder av 24 år er Sylvarnes den yngste redaktøren i Noreg. Han driv nettsida Porten.no som distribuerer nyhende for Årdal og Lærdal kommune. Sjølv om han er ung, har han likevel lang erfaring. Han ser på rolla som både krevjande og spennande.

– Sjølv om det er i eit mindre «seriøst» omfang, har eg fem år som redaktør for Chelsea.no bak meg, og der handlar det like mykje om det å ta ansvar for innhald. Men der er det først og fremst snakk om informasjonsarbeid, medan dette er journalistikk, og då gjeld det å ha tunga beint i munn og vita kva ein driv med. Eg synest det er ei givande rolla, der eg har moglegheit til å vera med og påverke og sette dagsorden i eit samfunn eg er oppvaksen i, seier Sylvarnes.

Vil vera først ute

Sjølv om Sylvarnes har mange erfaringar, har han lært mykje av å drive ei nettavis.

– I seinare tid har eg utan tvil blitt ein flinkare intervjuar, der eg kvar dag øver meg på å lytta etter det som er viktig og stille dei riktige spørsmåla for å få dei svara ein er ute etter. Ofte kan ein få eit svar berre ein stiller spørsmålet på riktig måte, men då handlar det også om å vita kven ein har med å gjera. Eg har nok blitt flinkare til å lesa folk og kva dei står for, fortel Sylvarnes.

Sylvarnes er ikkje berre redaktør i den vesle bedrifta, han tar seg også av personalansvar, bestilling av utstyr, signering av avtalar og i tillegg jobbar han som journalist. Målet hans er å først ute med nyhende i lokalsamfunnet, og da må ein jobbe hardt.

– Mitt mål er at alle skal veja Porten.no først når dei er ute etter siste nytt. Det betyr at me må tilby folk siste nytt, og dette må vera av høg kvalitet. Dessutan er me ikkje så store at me har eit breitt publikum. Me dekker alt frå ballettframsyninga til niesa di til kommunestyremøtet som mor deltek på. Det handlar om å visa fram folk og kva dei driv med i ei lokalavis, fortel den unge redaktøren.

Sosiale media er viktig

Han fortel at målgruppa deira er alle som bur i Årdal og Lærdal. Sylvarnes meiner at det ikkje alltid er like lett å engasjere 10-åringar med det same stoffet som skal engasjere andre, men at dei i like stor grad er ein del av målgruppa, sidan desse blir også brukt som kjelder i saker.

– Me ønskjer å løfta alle fram slik at samtlege skal føla at dei blir høyrt. Folk er eit nøkkelord. Menneske sel, og difor prøver me å syna fram ansikt og folk og personar på bileta våre. Me prøver også å henga oss på dei sakene som opptar folk, og det beste er dersom me klarar å skapa debatt på Facebook-sida vår. Meiningar må fram i lyset. Det er mange måtar me jobbar på for å nå ut til folk, seier Sylvarnes.

Han fortel at sosiale media er ein viktig kanal for å nå ut til folket.

– Sosiale medium er så viktig. Heldigvis har me ein del trufaste fans som har Porten.no som startside på dataen sin, men me ser at nesten 50 prosent av trafikken vår kjem via sosiale medium, og då er det vår oppgåve å tilby folk nyhenda der dei er, og kor er det? Jo, på Facebook, på Twitter, på Instagram. Alle desse tre brukar me aktivt. Eg vurderer også å ta i bruk Snapchat, fortel Sylvarnes.

Satsar stort i framtida

Sjølv om mange er skeptiske til framtida til journalistikken, har Sylvarnes ambisjonane klare. Målet er å dekkje heile Sogn.

– Eg har ikkje lagt skjul på at ei utviding kan skje i laupet av forholdsvis kort tid. Det vil seia at me aukar dekningsområdet vårt. Det viktigaste er å ta alt steg for steg. Eg har mange planar som eg ikkje kan avsløre, men lykkast me med desse, er eg trygg på at Porten.no i laupet av få år vil stå sterkt i lokalsamfunna. Om ti år skal ein ikkje sjå vekk i frå at Porten.no dekker heile Sogn. Alt handlar om strategi og ressursar og gi folk det dei vil ha, seier redaktøren.

Men sjølv om Porten.no er noko Sylvarnes brenn for, håpar han også at det vil føre til andre ting i framtida.

– Når det gjeld personlege draumar, håpar eg at Porten.no er eit fint springbrett vidare. Det er ikkje mange som er redaktør i ein alder av 24, og då håpar eg at eg vil skilje meg ut i søkarbunken til ei eller annan riksavis/kanal. Eg har trass alt erfaring frå TV, så eg er veldig allsidig slik sett, avsluttar Sylvarnes.

2 svar til “Noregs yngste redaktør satsar stort”

Eit godt og spanande intervju. Intervjuet formidla tankar både om journalistikk, arbeid i lokalavis og kommunikasjon. Samstundes fekk eg eit god bilete på ein ung, ambisiøs redaktør med stor sjølvtru. Her har du klart å kombinere både sak- og personskildring.
Eg lurte berre på ein einaste ting: Kor gamal var redaktøren? … det fekk eg vite heilt til slutt. Burde eg få svar på dette tidlegare?

Legg igjen en kommentar