Skrivelysten kulturredaktør

FOTO: Anders Løkeland Slåke
FOTO: Anders Løkeland Slåke

Varg Lukas Folkman kom til Bergen hausten 2014, og noko som starta som ein nysgjerrighet for det skrivne ord førte han raskt opp og fram i studentmiljøet. Til trass for at han studerer filosofi og hevder å vere utstyrt med særdeles dårleg grammatikk, har han funne seg til rette i mediebransjen og sit no som kulturredaktør i STOFF.

Eg møter Varg til ein kaffi på Blom og er nysgjerrig på korleis ein filosofistudent forviller seg inn i rolla som kulturredaktør, og kva tankar han har rundt kommunikasjon og språk.

– At eg snubla inn i rolla som kulturredaktør er eigentleg ganske tilfeldig. Eg hadde ikkje så mykje forhold til Stoff før eg melde meg inn. Dei hadde berre gitt ut eit par utgåver, så såg eg ei venninne som lyste ut behovet for medarbeidarar. Eg søkte, tenkte det kunne vere gøy å prøve seg på, så vart eg kalla inn til intervju hos sjefsredaktør. Interessen gjekk begge vegar, og vipps var eg inne i mediebransjen.

Det er ikkje berre berre å vere kulturredaktør i ei forholdsvis lita avis. Ein må belage seg på å vere tilgjengeleg store deler av døgnet. Berre i løpet av intervjut plingar det opptil fleire gongar i Varg sin telefon med jobbrelaterte meldingar. Ein må også bu seg på å gå ut i felten sjølv, og han er ikkje redd for å ta på seg journalist- eller anmelderskoa og ta seg ein tur på konsert eller teater.

– STOFF er ikkje sånn ein setjer seg ned med tre timar om dagen. Arbeidet med Stoff tar mykje plass som facebookmeldingar samt delegering av anmeldelsar og sakar som må skrivast. Eg er nett no den einaste teateranmeldaren i avisa, og skriv elles ei spalte om film. I tillegg skriv eg ein del saker dersom me har dårleg tilgang på journalistar. I forrige utgåve skreiv eg til dømes tre saker.

«Bergen» med liten «B»
Til trass for ansvaret og rolla han speler i avisa merker Varg at det somme gonger kan vere utfordrande å lese korrektur.

– Eg står ansvarleg for kvaliteten på tekstane når dei kjem ut. Og eg er jo fryktelig dårlig på grammatikk, så skrivefeil legg eg ikkje alltid like godt merke til, noko som eigentleg er litt sjølvmotseiande når eg skriver i avis. Eg klarte til dømes å skrive «bergen» med liten «b» i forrige utgave. Det er litt uheldig, og eg fikk høyre det.

Han er likevel rask med å spesifisere at grammatikken kanskje ikkje er det største hinderet han har møtt.

– Eg var jo sjefsredaktør i skuleaviskonkurranse på ungdomsskulen, der kvar klasse skulle lage si eiga avis. Og me kom på ein dundrande sisteplass med det som blei beskreve som ein av skulehistoria sine dårlegaste aviser, ler han. Eg har ikkje nevnt det så ofte. Trur heller det blir sånn som, hvis eg blir stor mediemann i fremtida, kan vere litt gøy å dra opp.

Litterær-journalistisk skriving
Framtida for unge studentar i dag er ofte flytande, og her er Varg inkje unntak. Sjølv om han nett no studerer filosofi, har han òg interesse for samanliknande politikk og økonomi, og ser ikkje bort frå at han kan ende opp på SV-fakultetet etter kvart. Ei anna framtid inneberer eit ynskje om å kunne komme inn på Skrivekunstakademiet for å videreutvikle skriveevna og interessa for fiksjon og prosa. Kva utfordringar kan interessa for litterær verdi, lyrikk og prosa ha i møtet med journalistisk skriving?

– Du har jo eksempel på journalistar som er glad i å finne på ting. Du kan gjere eit intervjuobjekt mykje meir spennande enn det det er. Som journalist har du både makt og ansvar. Dersom du sender sitatsjekk til eit intervjuobjekt og du har gjort sitata hans mykje bedre enn kanskje han sa det sjølv, så skal det kanskje litt til før han seier nei til å få det på trykk. Eg syns likevel i utgangspunktet at journalistikk og litteratur heng saman. Mykje journalistikk er kjedelig, og eg syns det er spennande med journalistikk som tør å vere litt fri i formen og kanskje litt meir skjønnlitterær. Ikkje nødvendigvis skjønnlitterær som i det å finne opp historien, men at du er kreativ i måten du formulerer deg på.

Vidare fortel han at han godt kunne tenkje seg å skrive for magasiner med friare form.
– Du har ein del magasiner i utlandet slik som The Atlantic og New York Review of Books der du får inn folk som skriv lange saker basert på enten bøker eller hendingar, til dømes der dei skriv personlige tekstar korleis dei opplevde Occupy Wall St., som eg synes er veldig spennande. Du får rom til å skrive og formulere deg på nye måtar. Kreativ prosa om alvorlige temaer.

– Det er ikkje så mykje rom for det i Noreg, det er ikkje så mange magasiner der du kan skrive på den måten. Kanskje landet er for litt for lite? Avsluttar Varg.

Ett svar til “Skrivelysten kulturredaktør”

Anders
Bar intervju. Jeg likte godt ingressen til dette intervjuet- en fin inngang til et portrettintervju med en person som virker spennende. Fra å fokusere mest på personen gikk siste del over til å ha handle om forholdet mellom fiksjon ( litteratur) og journalistikk. Spennende noe som ev kunne utvikles og bli litt tydeligere. Samtidig slapp du litt tråden fra portrettintervjuet og det gikk over på sak. Slik ble intervjuet litt haltende. Kanskje en ide å holde portrettforma helt ut.

Legg igjen en kommentar