Formidling på film

I tråd med utviklinga i resten av samfunnet, har òg Universitetet i Bergen byrja å ta skritt i retninga av meir digitalisert undervisning. Ein del av denne satsinga, er å finne ved Dragefjellet lærings- og formidlingssenter. Sjølv om avdelinga per dags dato ikkje er veldig stor, famnar den om forskjellige oppgåver som på ulike måtar går ut på å formidle innhald frå forelesarar og professorar til ulike mottakarar.

Tim Christian Wassmo. Foto: NRK
Tim Christian Wassmo. Foto: NRK

Avdelinga vert leia av visedekan for digitalisering Knut Martin Tande. Ved avdelinga jobbar det to produsentar av digitalt innhald. Eg har tatt ein prat med Tim Christian Wassmo, ein av dei som jobbar der, for å ta eit nærare blikk på kva som skjer bak kulissane i denne prosessen.
– Akkurat kva me arbeidar med ved Dragefjellet lærings- og formidlingssenter kan vera vanskeleg å definera skikkelig, seier Tim Christian. Me har mange forskjellige arbeidsoppgåver, og me gjer sjeldan det same to dagar på rad. Ein dag kan me jobbe med å lage rekrutteringsvideoar for eit fagområde, ein annan dag kan me jobbe med å produsere grafikk, og ein tredje kan me arbeide med innhald retta mot Internett. Men på eit generelt plan kan ein seie at me jobbar med å digitalisering av undervisning og formidling.

Jobbar for heile universitetet
Avdelinga er lokalisert på det juridiske fakultet, er det ikkje berre dei juridiske faga som tar steget inn i den digitale verda.

– Me har oppdrag frå heile universitetet, fortel Wassmo. Akkurat no jobbar me med rekrutteringsfilmar for humanistisk fakultet, som fungerar som reklame for dei ulike studia. Me jobbar i tillegg med noko som vert kalla ”flipped classroom” for engelsk sitt introduksjonsfag. Her får studentane moglegheita til å stille meir forberedt til undervisninga ved at me filmar forelesarane på førehand og lagar videoar som kan sjåast på Internett i forkant av forelesinga.

Formatering av format
Ein av utfordringane med digitaliseringa er at ein må tenke nytt om korleis ein best kan formidle eit bestemt innhald; for det er forskjell på korleis stoffet må presenterast for å fungera på film kontra forelesning.

– Det som fungerar i ein forelesningssal, fungerar gjerne ikkje på same måte på film. Når ein jobbar med eit digitalt medium må ein gjerne vera meir konkret og spissa. Dette er viktig for å halde på merksemda til sjåaeren, som gjerne har fleire distraksjonar rundt seg heime enn den har i ein forelesningssal. Det er i det heile andre krav til båe det narrative og pedagogiske aspektet i eit filmatisk innhald enn det ein kan stille i ein læringssituasjon med moglegheit for direkte interaksjon.
–  Ein av fordelane med å presentere innhald på film er at ein digitalt kan ta med studentane med i felten, om det så skulle vera i ein rettssal eller ved ein arkeologisk utgravingsstad. Grafikk og forelesningsmateriale kan klippast saman og balanserast slik at det vert skreddarsydd til det faglege formålet.

Kjem bodskapen fram?
Men det er og utfordringar knytt til det å formidle andre sitt innhald. Ein må ta hensyn til den opphavelege bodskapen, samstundes som det ikkje kan leggast skjul på at enkelte aspekt må endrast for å gi innhaldet ein form som passar for det mediet den skal presenterast i.

– Når det kjem til formidling av innhald, let me det faglege vere opp til dei som har kunnskapen om det. Men me må sjølvsagt sette oss inn i temaet det er snakk om. Dersom me ikkje hadde gjort det, kunne me vanskeleg ha presentert innhaldet i eit digitalt format samstundes som me kunne sei oss sikre på at bodskapen var ivaretatt. Korleis me stiller oss til det faglege innhaldet varierer sjølvsagt frå prosjekt til prosjekt.

Tek vare på dialogen
Dei fleste vil nok seie at aukt digitalisering av undervisninga er positivt. Ein vil over tid få letta arbeidstrykket på forelesarane, samstundes som at materialet vert lettare tilgjengeleg for studentane. Men det finst dei som meiner at ein ved digitalisering mister ein viktig del av læringa, nemlig det aspektet der studentane møter kvarandre og diskuterer seg imellom og med forelesar.

– Sjølv om undervisninga vert digitalisert, mistar ein ikkje relasjonen mellom studentane og forelesaren. Studentane kan til dømes, ved å ta i bruk den nye læringsplattformen Mitt UiB, stille spørsmål direkte til forelesar i eit forum der andre studentar òg kan sjå svaret. Dette gjer terskelen for å stille spørsmål lågare samstundes som forelesar vert meir tilgjengeleg utanom forelesing. Forelesingsvideoane er uansett ikkje tiltenkt som ein erstatning for møtet mellom studentar og formidlar. Det er heller meint som eit verktøy for repetisjon. I tillegg lagar me materiale som skal brukast som supplement, der studentane til dømes kan sjå det digitale innhaldet på førehand slik at det i forelesinga vert meir tid til diskusjon og refleksjon. På denne måten legg den digitale framstillinga av undervisningsmaterialet til rette for for tovegskommunikasjon.<

 

Tekst: Guro Sivertsen Prestegard

Ett svar til “Formidling på film”

Nok et bra intervju. Dette er saksorientert og lite fokusert på person. Emnet er virkelig interessant – digitalisering av formidling, undervisning og kunnskapsoverføring- som jeg synes kommer godt fram. Aktuelt på Praktinfo Et innholdsrikt intervju som også utfordrer litt (jfr spørsmålet om det personlige møte mellom student og foreleser)
Savner en liten avrunding ( konllusjon e.ign. lign) på intervjuet

Legg igjen en kommentar