Kategorier
Aktuelt: Allment

Aleine i ein by med 250 000

800px-Black_and_white_branch
Foto: Wikimedia Commons https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Black_and_white_branch.jpg

Å første gong ta steget ut døra, hugse å dra ut kaffitraktaren før du går. Mor har alltid hatt den rolla. Ho har gjort det for deg. Og du drakk jo ikkje kaffi før inntil eit halvt år sidan uansett, men no er du eit koffeinvrak. Eit skjelvande koffeinvrak.

Ei einaste natt er alt du har hatt her, og no er det rett på. I går sov du til halv eitt, i dag skal du opp halv sju. Du dusjar, kjemmer håret. Første skuledag, du har gjort det før, men få ganger har det kjentes meir framand enn dette. Ny by. Nye menneske, men du kjenner ingen. Før du flytta til Bergen var du fast bestemt på at du måtte til utlandet for å finne det du vil kalle «storbyar», men den gang ei. Bergen kjennest stor no. 250 000 menneske, men du kjenner ingen.

Du trudde desse tinga berre skjedd på film, men allereie første natta får du oppleve høglydd hyrdestund signert naboen din. Du ynskjer å vere glad på hans vegne. Du vil så veldig gjerne, men du klarar det ikkje heilt. Han kjenner andre. Det gjer ikkje du. Han burde for faen invitere deg med. Eller inn. Kanskje ikkje med. Det skal han sleppe, men berre ein kopp kaffi? Det burde ikkje vere så vanskeleg. Dei største ideane blir til i nye møter med god tid, kaffi og store øyrer. Du håpar å bli kjend med storøyra mennesker og helst berre sitte i hjørnet på Cafe Opera og løyse verdsproblem, men ein må jo finansiere kaffiforbruket. Ein må jo ha inntekt. Takk gud for Statens lånekasse for utdanning.

Du opnar baggen du ikkje orka å pakke ut kvelden før. Nye Converse, Fjällräven-sekk. Så mange merkelappar. Så mykje plast. Det er det ein har i byen, er det ikkje? Det er august og du skal forhåpentlegvis bli kjend med nokon som held ut i studiene like lenge som deg. Dei ørkeslause timane ein nyttar denne føremiddagen. Opprop på Forum Kino, du har aldri vert der før eller sidan. I byrjinga skular alle på kvarandre. «Jaså. Så det er desse eg skal bli kjend med. Dette er altså neste generasjons medievitarar.». Berre tanken på å vere omringa av alle desse forventningane ville vanlegvis vere nok til å etterlate deg sengeliggande i fleire dagar, men du har lova deg sjølv å skjerpe deg. Du skal skjerpe deg. Det er trass alt venta av deg.

Etter ørkeslause timar utan eit ord kjem endeleg det første. Ein av desse karane som fekk bakoversveis i konfirmasjonsgave ropar nervøst «Så ja, det blir fest hos meg i kveld. Håpar de kjem!», i det de skiljer lag. Det er som om han forventar at de kjem. At de veit kvar han bur. Alle sammen. Du veit det ikkje, men det er sikkert ikkje så nøye. Det kan jo ikkje skade å sitte aleine berre ein kveld til.

Det kan vere godt å vere aleine. Du trur og det kan vere godt å vere saman med andre, men det beste er nok å kunne velje mellom dei to. Velje fritt. Ikkje la seg temme av den svarte hunden som heng med hovudet i spegelen kvar einaste morgon.

Legg igjen en kommentar