Kategorier
Ymse informasjon

Fartsfull moro

For første gong i Noreg arrangerte Red Bull olabilløp i Bergen søndag 25. august. I strålande sol tok over 10.000 tilskodarar turen til Nygårdsparken for å oppleve det imponerande olabil-racet denne ettermiddagen.

Førre helg var det tid for Red Bull Olabilløp i Nygårdsparken. Den elles grå og berykta parken var for anledninga pynta til ein folkefest av dimensjonar og bada i solskin. Tema for dagen var mellom anna underhaldning, kreativitet, energi og fartsfullt moro.

Folkefest

Trude Drevland opna showet og var tydeleg stolt over parken.

  Nygårdsparken var på kort tid blitt til ei racingbane, der ei stor folkemengd var samla og det fantastiske vêret gjorde arangementet komplett. Stemninga var til å ta og føle på og det var eit forrykande show som fall i smak både hjå arrangør, publikum og deltakarar.

Flest gutar deltok

Totalt 34 lag med fire personar deltok på løpet. Det var ei stor overvekt av gutelag, då det kunn var tre reine jentelag. Dei ulike kassebilentusiastane hadde eit alderspenn frå 18-40 år, men felles for alle var at dei sjølve hadde laga kassebilen og eit 30 sekunders kreativt show.

Kreativt

Bilane som deltok under olabilløpet i Nygårdsparken var mellom anna ein likkiste, ein gigantisk hjelm og ein kopi av Il Tempo Gigante. Det kunne virke som om nokre verkeleg hadde brukt dag og natt heile sommaren, noko som gav eit flott resultat.

Førebuingar

På førehand hadde Red Bull teamet jobba på spreng for å lage til ei 14 grader bratt racerbane med ulike utfordringar. Bana bar preg av doseringar, hopp og ei rekke høyballar, inngjerdingar, matstasjonar, storskjermar og eit stort kamerateam som streama showet frå ende til annen live.  

Dramatisk vending

Tross sikre rammer og eit godt gjennomtenkt opplegg velta eim kassebil i eine doseringa. Det heile hendte midt i arrangementet og det var ganske dramatisk ei stund. Den eine sjåføren velta bilen og datt med hovudet først ned ein bratt skråning.

  Ambulanse, som allereie var på staden, tok han om den skadde og det kom etter kvart fram at han slapp unna med ein lett hjerneristing.

Verdsomspennande

Red Bull Olabilløp vart arrangert for første gong i 2000, og har sidan den tid arrangert overkant av 80 løp i heile 42 land. Arrangemnetet i bergen var det første i Noreg.

 

Legg igjen en kommentar