Anette (21) har lidenskap for dans. Då ho gjekk på vidaregåande i Sogndal jobba ho som danseinstruktør. Og saman med dansegruppa Prestige, dansa ho for foreldrelause born på barneheimar i Latvia.
Kva er grunnen til at du starta med dans?
Eg starta med dans fordi eg gjekk lei dei andre tilboda bygda hadde å by på som fotball, handball, piano, ski mm. Eg byrja som elev i danseverkstaden, som er den dansemodellen Dans utan grenser har utarbeida, og elska det frå første augeblikk. Instruktørane våre var ikkje stort eldre enn oss, så dei blei fort eit forbilde – nokon du kunne identifisere deg med og ynskja å bli lik. På den måten blei ikkje avstanden mellom elevane og instruktørane so stor, du følte deg på ein måte tryggare. Du hadde ein eldre person du kunne prate med skulle det vere noko, på same side som denne personen var på ditt nivå som ungdom og ein del av gruppa. Etter å ha vore elev ved danseverkstaden i 4 sesongar ynskja eg sjølv å bli instruktør. Eg gjekk gjennom ein opplæringsfase på eit halvt år der me lærte alt frå koreografi, korleis bygge opp musikk, rombygging, korleis lære frå seg, og verte høyrd mm. Saman med meg var det ni andre som gjekk gjennom den same opplæringa for Sogndal sin danseverkstad, og me blei ei dansegruppa Prestige.
Kva gav dykk moglegheit til å reise til Latvia på barneheimsturné?
Dansegruppa vår er ein del av ein organisasjon som heiter dans utan grenser. Denne organisasjonen blei grunnlagd av Ove Henning Solheim i 1996. Det viktige for han er at born og ungdom skal bli sett og tekne på alvor. Han ville at det skulle lagast ein arena for dei unge, der dei sjølve hadde noko å seie i viktige avgjersler, og fekk opplæring i ung- til ung- formidling. Det var denne organisasjonen me reiste med og som gjorde det mogleg for oss å reise til Latvia.
Turen vår til Latvia var i regi av dans utan grenser, og Ove Henning var med oss. Behovet for kulturopplevingar og sosialisering er enormt for borna på heimane og målet vårt for turen var å gi dei dette og dermed spreie glede gjennom dans. Gjennom dansen hadde me også noko me kunne gjere saman sjølv om mange av dei ikkje kunne engelsk. Dansen blei vår måte å kommunisere på. Me laga ei førestilling på ein time som me turnerte med i to veker. På den tida budde me bland anna på ein av barneheimane der me hadde workshops kvar dag og fekk ein god kontakt med ungane. Dette kunne me tydleg sjå at dei sette pris på, noko som var svært koseleg og motiverande for å halde nivået og energien oppe for dei vidare førestillingane og workshopane.
Kva tankar sit du att med etter du kom heim?
Når ein kjem heim etter ein sånn tur ser ein kor lite som skal til for å glede andre. Me jobba utruleg hardt i forkant for å sette opp ein førestilling me følte haldt det nivået ungane fortjente, men samstundes er dette noko me elska å gjere, og det å få dele det med dei var berre ei glede. Ein sit att med eit ønskje om å kunne gjere meir, samstundes som ein veit at det me alt har gjort er eit lys i deira kvardag dei vil sitta att med i lang tid etter me er reist. Dei lærte alt frå oppvarmingar, danseleikar og koreografiar så dette er noko dei kan drive med i ettertid. Det er noko av det fine med dans synst eg. Ein treng ikkje ein idrettshall, ein ball, gode ski eller mange deltakarar. Det er noko ein kan gjere kvar som helst med kven og kor mange som helst. Det er uavhengig av alder og følelsen ein sit att med er ikkje anna enn god. Dans er som mottoet til danseverkstaden seier, ”ein plass for alle.”

Andrine Rygg