Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Å ferdast i grumsete terreng

Som ein konsekvens av dei forferdelege aksjonane i Oslo og på Utøya har det naturlegvis blussa opp ein debatt om norsk debattklima, og korleis dette bør forbetrast. Det kom tidleg fram at terroristen var aktiv på ulike nettforum, så det har difor blitt retta særleg mykje merksemd mot desse.

Det var tidlegare tilnærma umogleg å kaste så mykje som eitt blikk på slike fora og kommentarfelt utan å lese om ulike «landsvikarar» og den trugande faren ved ei demografisk overtaking frå muslimsk hald. Medan desse paranoide oppfatningane før innbydde til ei oppgitt himling med augo, viste den 22. juli at det fins personar som trur sterkt nok på dei til å gjennomføre dei mest motbydelege handlingar.

Dei fleste ærlege og saklege menneske er einige at det er uansvarleg å la slike potensielt livsfarlege fantasioppfatningar få leve eit uimotsagt liv, slik dei i stor grad gjorde i tida før massakren. Dei store avisene utøver ein strengare debattsensur enn før, og enkelte har uttrykt at fleire opplyste menneske bør ta steget ned i nettforum-«trykkokaren» for søkje å bidra med korreksjon og fakta.

Lars Gule, førsteamanuensis ved Høgskulen i Oslo, er ein av dei som har tidlegare gjorde nettopp dette. Gjennom si fartstid på document.no hadde han i tida før massakren mellom anna ei replikkveksling med Anders Behring Breivik, og omtaler denne og liknande nettstader som «drivhus». Han såg at på desse stadene blei avvikande oppfatningar sett stygt på, noko som sjølvsagt resulterer i deltakarane berre er omgitt av meiningsfeller som til stadig stadfester meiningane deira.

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen retter seg mellom anna til deltakarane i slike fora då han i Morgenbladet løfter fram «besinnelse» som det beste botemiddelet mot eit hatefullt debattklima. Han nemner i denne samanheng ein regel om at dersom ein ikkje føler seg trygg nok til å framføre kritikken sin ansikt til ansikt til den/dei ein retter seg til, «kan det tenkes at du heller ikke skal sette den på trykk».

Eg er freista til å tru at få vil bry seg om dette så lenge moglegheita for å ytre seg anonymt er til stades, og den er det vanskeleg å gjere noko med, i alle fall utanfor dei store media. Personar som ergrer seg over at dei ikkje slepp til i avisene må ta inn over seg at ein der stiller eit minstekrav til saklege og etterettelege fråsegner, i tillegg til fullt namn. Då blir det frie nettet eit godt og lettvint alternativ for å få utblåsing for meiningane sine.

Spørsmålet om korleis ein skal behandle desse personane i det offentlege ordskiftet er særs vanskeleg. Om ein ikkje slepp dei til, styrkar ein utvilsamt den utbreidde oppfatninga om at media (og storsamfunnet elles) forsøker å kneble meiningane deira. Dersom ein hadde rydda spalteplass til Behring Breivik, kunne det resultert i ei oppfatning frå hans side om at dei feilaktige opplysningane hans blir rekna som legitime. På den andre sida hadde det opna for at fleire kunne satt han til veggs på det løgnaktige materialet han byggjer argumenta sine på.

Avstanden mellom ord og handling er ikkje nødvendigvis like stor som ein tidlegare likte å tru. Dersom ein indirekte oppfordrar til hatefulle handlingar kan det faktisk føre til at nokre tar ein på ordet. Dei såkalla «kulestøyparane», som saman med forbrytaren bidrog til å mogleggjere aksjonen den 22. juli, bør tenkje over dette, og vi andre bør minne dei på det med ein kvar anledning.

Det har alltid vore ein føresetnad for eit levande demokrati at ein har opplyste debattar kor ein slepp til alle sider. Det har derimot aldri vore eit poeng at folk som spreier løgner og hat skal bli via like mykje plass i det offentlege ordskiftet som saklege debattantar, av temmeleg openberre årsaker.

Bilete henta frå flickr og brukaren DafneCholet

Kategorier
Ymse informasjon

Nokre blir straffa, andre går fri…

Noko av det ein kan glede seg over i desse dagar er fallet til Libyas statsleiar, den råtne diktatoren Muammar Gaddafi. Denne “kongenes konge” har etter over førti år endeleg tatt sin kjortel og gått (eller sprunget) ut frå sin residensar i Tripoli, og jagast no av sine tidlegare undersåttar. Ein kan berre håpe at det ikkje blir gjort “kort prosess” med mannen, men at han må stå til rette for sine kriminelle handlingar og ta straffa si.

Elles kan ein glede seg (eventuelt bli forarga) over at den berykta tidlegare visepresidenten i USA, Richard Cheney (betre kjend under det sømmelege kjælenamnet “Dick”), har fått utgitt sine memoarar In My Time i desse dagar. Det er med andre ord fleire enn ein tidlegare statsleiar (noko Dick de facto var til tider) som fyller spaltene i verdas tidsskrift.

Denne mannen, som om mogleg er skuld i meir enn “Den galne hunden” ved Middelhavets kyst, står ikkje i fare for å bli stilt for retten, verken i nær eller fjern framtid. I ei ideell verd burde Cheney stå til rette for, som journalisten Glenn Greenwalds seier: hundreds of thousands of innocent people dead from a war of aggression”. Vidare burde han svare for å ha: “constructed a worldwide torture regime, and spied on thousands of Americans without the warrants required by law”.

Takket være det beskyttande skjoldet av immunitet denne mannen kan skjule seg bak i sitt vidare liv som pensjonist, eit liv som inntektene frå boka sannsynligvis vil berike, vil han nok leve utan nevneverdige bekymringar. Eg kan berre krysse fringrane og håpe at eg får sjå ein meir skrukkete Dick bli konfrontert med desse anklagene før han trer i grava, noko som forhåpentlegvis ikkje blir for lenge til.

Bilete er frå flickr, lagt ut av brukaren TrevMeister