Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Enda ein kronikk

Kronikkar er den nye vinen i den offentlege debatt. Men er den sur eller god?

Dette blir meta.

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Kronikk: Dette er ein kronikk om kronikkar i dagens offentlege debatt. Kronikkar har stor «K» for tida. Denne typen for offentleg ytring er i vinden og har vore det ei god stund no. Ved hjelp av sosiale medier vert kronikkar delt i hytt og pine og handlar oftast om miljø, statsbudsjett, feminisme, Brann SK, Vladimir Putin, ansiktet til Renee Zellweger og ikkje minst ærlige innlegg frå tenåringar om generasjon X.Kronikkar vert publisert i blant anna Bergens Tidende, NRK.no og Dagbladet, og bidrar i eller startar mange viktige debattar. Men det er likevel noko som skurrar. Det er nokon spørsmål som ligg i lufta når eg tenker over desse kronikkane: Stiller dei store medieinstitusjonane for små krav til kronikkbidragsytarar? Er kronikkforma eit godt nok kommunikasjonsverktøy for samfunnsutvikling og offentleg debatt?

Eg vil først ta for meg det eg vil kalle for eit tynt kronikkfilter. Noreg i dag er eit samfunn basert på sosialdemokratiske verdiar. Vi har ein velferdsstat med stort og godt offentleg støtteapparat og nordmenn stoler på denne ordninga og vi trivs med det. Det er ikkje så store rom for individualisme og vi er ikkje eit særleg liberalt folkeslag, sjølv om vi i dag har ei blå-blå regjering med slagord som «fridom», «skatteletter» og «individet i fokus». Det vil ta lang tid før slike ord vert skildrande for Noreg og det norske folk. Men i dagens mediebilete kan ein spore ei slags utvikling mot dette. I etterkant av framleggelsen av statsbudsjettet kom det ein storm mot regjeringa si dårlege satsing på uføretrygda her i landet. Eg kunne spore opp til 10 kronikkar om dette som vart delt på Facebook og Twitter.Dette var for det meste vanlege personar som var enten uføretrygda, kjente nokon som var det, jobba tett opp til uføretrygda eller hadde berre eit sterkt engasjement for uføretrygd. Det som er interessant ved desse kronikkane er at dei skapte eit enormt engasjement for statsbudsjettet og viste at store delar av det norske folk var interesserte i innhaldet i statsbudsjettet. Det som også er interessant er at fleire av desse kronikkane var ikkje særleg reflekterte og framstilte berre ei side av saka. For å sei det slik: Dei er skreve med stor patos, men liten logos. Dei handlar oftast om «personlege tragediar» som skal spegle Noreg som eit samfunn med store problem. Moralen vert på mange måtar viktigare enn det objektive, det forskingsbaserte. Og no skal det også seiast at denne debatten utvikla seg på mange måtar i feil retning ettersom det vart eit angrep på regjeringa i staden for Arbeiderpartiet som innførte første denne skiftinga i støtta til dei uføretrygda.

No skal ikkje dette vere ein forsvarstale til regjeringa, men heller eit angrep på dei ulike nettavisene som publiserer kronikkar som kanskje eigentleg ikkje burde blitt publisert. Eg saknar lengre kommentarar, vitskaplege artiklar, artige og reflekterte essay skreve av fagpersonar, enten professorar eller politikarar. Eg vil bli opplyst, ikkje følelsesmessig engasjert. Eg vil lese to sider av ei same sak, ikkje ei side. Eg vil lese lange og samanhengande svar, ikkje korte og usamanhengande. «Kjære Erna» er til dømes ein kronikk som representerer alt det eg ikkje vil lese. Det er flott at denne småbarnsmora seier i frå og eg likar engasjementet hennar, men la det ligge på Facebook. Ikkje publiser det på ei av Noregs største aviser. Eg saknar eit tjukt filter for kva som blir publisert på dei største nettavisene i Noreg. Det er desse som er ansvarlege for kva som blir offentlege debattar. Vist dårlege kronikkar vert publisert, ja, så blir det dårlege debattar.

Foto: Offisielle NRK Ytrings twitter konto (@NRKYtring)
Foto: Offisielle NRK Ytrings twitter konto (@NRKYtring)

Den kjente filosofen Jürgen Habermas er kritisk til korleis media og den offentlege debatten har utvikla seg dei siste 20-30 åra.Gjennom boka «Borgarleg offentlegheit» ser han med bekymringsfulle auger på offentlegheita og konkluderer nesten med at den har forfallet.Med eit kritisk og litt negativt blikk på dagens mediesituasjon i Noreg, vil eg påstå at offentlege debattar er no på botnnivå og dagens kronikkar bidreg til å dra den enda lenger ned. Eg vil ha tilbake Holmgang på TV2 med Oddvar Stenstrøm som inviterer småbarnsforeldre med pengenød, trailersjåførar som vil redusere bensinprisene, samar som er imot eigedomsskatt, prostituerte som er feministar og narkomane som vil ha sprøyterom. Gi dei ein mikrofon og plasser dei framfor eit kamera. Ikkje gi dei eit tastatur og gode kontaktar i Dagbladet, NRK eller Aftenposten.

Sånn! No har eg bidrege med ein kronikk som forhåpentlegvis skal dra den offentlege debatten enda nærmare botnen. Håpar den blir publisert på Dagbladet eller NRK Ytring, men det er vell lite truleg ettersom eg har ikkje så gode kontakter der og har ikkje noko viktig å klage over. Og forresten: Vinen er sur og ikkje noko særleg god.

Ein tydeleg sjef

Lønna stilling i ein frivillig studentorganisasjon kan vere både rart, men også motiverande. Dette fortel ansvarleg redaktør Marit Kristine Bjøntegård i pausen mellom medarbeidarsamtalane.

Foto: Eirik Kvam Goksøyr
Foto: Eirik Kvam Goksøyr

23 år gamle Marit tok på seg ansvaret for rolla som ansvarleg redaktør for Studentradioen i Bergen i haust og skal vere det fram til juni neste år. Studentradioen i Bergen er ein frivillig studentorganisasjon med ca. 170 medarbeidarar fordelt på 7 redaksjonar og i 35 program. Marit fortel at det er litt rart å plutselig bli lønna for eit arbeid som har lenge vore frivillig, men dette kan også fungere som ekstra motivasjon til å jobbe hardare.

– Det er veldig rart. Spesielt siden jeg har jobbet i radioen så pass lenge og har hatt mange verv uten å få lønn for det og så plutselig nå jobber jeg 100 % i radioen når alle andre jobber frivillig. Og så er det jo det at de frivillige også legger så mange timer da på frivillig basis, mens jeg gjør og får penger for det. Så det fungerer egentlig som en motivasjon til å jobbe litt ekstra hardt da. Det er nå jeg er ansvarlig redaktør og så mange har vist sin tillit til meg og da gjøre alt jeg kan for å gjøre radioen bedre og tilrettelegge for dem. Så det funker egentlig som en slags driv til å bare jobbe enda hardere.

Den interne kommunikasjon i Studentradioen
Det å kommunisere internt i ein frivillig organisasjon kan by på mange utfordringar, som å gi viktige beskjedar eller arbeidsoppgåver til dei andre redaktørane og motivere alle dei frivillige medarbeidarane. Så kva er då god kommunikasjon for Marit?

– God kommunikasjon for meg er å nå frem med beskjedene mine eller budskapene på en veldig klar og tydelig måte. Som sjef har jeg funnet ut at en kan aldri gi en beskjed for mange ganger, spesielt ikke i en frivillig organisasjon, der medarbeiderne har mye annet å tenke på. «…» Veldig viktig å lytte til de andre har å si, fordi vi er en frivillig organisasjon og da funker det ikke med et hierarki da, der jeg på en måte er en kjempeskummel og bossy leder. Det er i hvert fall ikke min lederstil. «…» og så er jo redaktørene mitt verktøy til medarbeiderne, som igjen har mye kontakt med produsentene, som igjen har kontakt med medarbeiderne. Så ta i bruk redaktørene da.

Ulike kommunikasjonsplattformar

Ettersom det er så mange medarbeidarar i Studentradioen må Marit ta i bruk ulike kommunikasjonsplattformar. Mykje møteverksemd og bruk av sosiale medier er noko som ligg i oppskriften til den ansvarlege redaktøren.

– «…» vi har både møter og så har vi Facebook-grupper. Vi har en felles studentradio-gruppe der mye informasjon blir lagt frem. Og så kommer de kanskje frem på møtene i tillegg da, men der skal uansett all fellesinformasjonen komme. Vi bruker også mail. Jeg skriver fellesmail hver måned. Og så er det ikke alle som har Facebook heller, så en kan jo ikke forvente at alle følger med på sosiale medier. Og så har vi en intern wiki der en kan lese litt om hvordan studentradioen er bygd opp på og finne linker til nettsak, som for eksempel hva ansvarlig redaktørs jobb er, hva som er forskjellen på ansvarlig redaktør, emneredaktør og produsent. Så mye møter, intern wiki, Facebook og mail. I tillegg til face-to-face kommunikasjon.

Foto: Eirik Kvam Goksøyr
Foto: Eirik Kvam Goksøyr

Kva gjer Marit i ein krisesituasjon?

Mange som sit i ei sjefstilling må ofte løyse eit problem eller ein konflikt. Dette kan vere både interne og eksterne situasjonar. Eg testa Marit ut på korleis ho ville løyse ein situasjon der ein medarbeidar hadde gjort ein kriminell handling og Bergens Tidende fiska etter informasjon om denne situasjonen. Korleis ville ho kommunisert med medarbeidaren og BT-journalisten og korleis ville ho ha skilt kommunikasjonen mellom dei to?

– Til medarbeideren så hadde jeg tatt med tillitsvalgt og det er veldig viktig å ta i bruk tillitsvalgt, det har vi fått oppleve før, sånn at det ikke oppstår noen misforståelser, fordi det skjer jo ganske lett. Hvis det er en vanlig medarbeider så hadde jeg kanskje tatt med emneredaktør eller produsenten i tillegg. Så hadde jeg prøvd å oppklare der og vært klar og tydelig. Til BT-journalisten, hvis det hadde vært en intern konflikt innad i radioen, så hadde jeg vell sagt at vi jobber med saken og at vi prøver å oppklare det selv, og er ikke interessert i gå ut med det før vi vet hva som er kjernen til problemet/konflikten.

 

 

 

Kategorier
Ymse informasjon

Musikk som ingen vil ha

Samtidsmusikk, frijazz, støy. Dette er eksempler på musikksjangrer som gir utfordring for lyttaren og er både elska og hata.

Det er mykje rart der ute. I Bergen vert det arrangert året rundt konsertar og festivalar for det dei fleste ville kalle «spesiell musikk». No nyleg i vår vart Jazzfestivalen arrangert for første gong på Landmark. Denne festivalen hadde som utgangspunkt å vere ein slags prostest for dagens jazzmusikk. «Har jazzbegrepet blitt tømt for mening? Er dagens jazzmusikere mest opptatt av å konservere gamle stilretninger eller av å bli popstjerner?«. Dette er tatt ut i frå pressemeldinga som vart sendt til NyMusikk i forkant av festivalen.

Illustrasjonsbilete. Foto: Trygve Johan Andal Svarstad
Illustrasjonsbilete. Foto: Trygve Johan Andal Svarstad

Ordet «protest» er ofte eit ord som vert brukt i kontekstar som spesielt omhandlar støymusikk, frijazz og anna kunstmusikk. Heilt tilbake til tidleg 1900-talet var det komponistar i tradisjonelle form for klassisk musikk som var veldig opptatte av å vere opprørsk med sin musikk. Den italienske komponisten Luigi Russolo er eit eksempel på ein særdeles opprørsk komponist og er i dag ein viktig inspirasjonskjelde for eksperiementelle musikarar innanfor den såkalla frie musikken (improvisert musikk og støy).

Å gi lyttaren ei utfordring med musikk kan på mange måtar skildrast som ein musikalsk protestaksjon, fordi det bryter med vanlege forventingar mennesket har til musikk. Emosjonell velbehag er ein vanleg forklaring på ein god opplevelse av musikk. Dette kjem oftast ut gjennom til dømes rytme, melodi og harmoni. Men kva skjer når dette vert viska vekk frå musikken? Musikk utan rytme, melodi og harmoni?

Gjennom intervju med ulike personar med interesse for impro- og støymusikk i masteroppgåva The shape of rock to come: Ein analyse av det norske støymiljøet, kjem det fram at dei har den same emosjonelle reaksjonen på impro- og støymusikk som dei har til anna musikk, til dømes pop, rock og klassisk musikk. Forskjellen er at dei lyttar annleis til impro- og støymusikk enn til anna musikk. Dei legg vekt på andre musikalske nivå, som til dømes puls, farge, lyd og volum. Dei har også eit nokså reflektert syn på musikk og skildrar seg sjølve som opne til all slags musikk.

Ein rask konklusjon kan dras mot å forklare denne «spesielle musikken» ved å fokusere på korleis ein lyttar til musikken. Dei som liker denne musikken lyttar annleis til den, mens dei som hatar det lyttar på same måten som dei gjer til meir vanleg musikk.