Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Enda ein kronikk

Kronikkar er den nye vinen i den offentlege debatt. Men er den sur eller god?

Dette blir meta.

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Kronikk: Dette er ein kronikk om kronikkar i dagens offentlege debatt. Kronikkar har stor «K» for tida. Denne typen for offentleg ytring er i vinden og har vore det ei god stund no. Ved hjelp av sosiale medier vert kronikkar delt i hytt og pine og handlar oftast om miljø, statsbudsjett, feminisme, Brann SK, Vladimir Putin, ansiktet til Renee Zellweger og ikkje minst ærlige innlegg frå tenåringar om generasjon X.Kronikkar vert publisert i blant anna Bergens Tidende, NRK.no og Dagbladet, og bidrar i eller startar mange viktige debattar. Men det er likevel noko som skurrar. Det er nokon spørsmål som ligg i lufta når eg tenker over desse kronikkane: Stiller dei store medieinstitusjonane for små krav til kronikkbidragsytarar? Er kronikkforma eit godt nok kommunikasjonsverktøy for samfunnsutvikling og offentleg debatt?

Eg vil først ta for meg det eg vil kalle for eit tynt kronikkfilter. Noreg i dag er eit samfunn basert på sosialdemokratiske verdiar. Vi har ein velferdsstat med stort og godt offentleg støtteapparat og nordmenn stoler på denne ordninga og vi trivs med det. Det er ikkje så store rom for individualisme og vi er ikkje eit særleg liberalt folkeslag, sjølv om vi i dag har ei blå-blå regjering med slagord som «fridom», «skatteletter» og «individet i fokus». Det vil ta lang tid før slike ord vert skildrande for Noreg og det norske folk. Men i dagens mediebilete kan ein spore ei slags utvikling mot dette. I etterkant av framleggelsen av statsbudsjettet kom det ein storm mot regjeringa si dårlege satsing på uføretrygda her i landet. Eg kunne spore opp til 10 kronikkar om dette som vart delt på Facebook og Twitter.Dette var for det meste vanlege personar som var enten uføretrygda, kjente nokon som var det, jobba tett opp til uføretrygda eller hadde berre eit sterkt engasjement for uføretrygd. Det som er interessant ved desse kronikkane er at dei skapte eit enormt engasjement for statsbudsjettet og viste at store delar av det norske folk var interesserte i innhaldet i statsbudsjettet. Det som også er interessant er at fleire av desse kronikkane var ikkje særleg reflekterte og framstilte berre ei side av saka. For å sei det slik: Dei er skreve med stor patos, men liten logos. Dei handlar oftast om «personlege tragediar» som skal spegle Noreg som eit samfunn med store problem. Moralen vert på mange måtar viktigare enn det objektive, det forskingsbaserte. Og no skal det også seiast at denne debatten utvikla seg på mange måtar i feil retning ettersom det vart eit angrep på regjeringa i staden for Arbeiderpartiet som innførte første denne skiftinga i støtta til dei uføretrygda.

No skal ikkje dette vere ein forsvarstale til regjeringa, men heller eit angrep på dei ulike nettavisene som publiserer kronikkar som kanskje eigentleg ikkje burde blitt publisert. Eg saknar lengre kommentarar, vitskaplege artiklar, artige og reflekterte essay skreve av fagpersonar, enten professorar eller politikarar. Eg vil bli opplyst, ikkje følelsesmessig engasjert. Eg vil lese to sider av ei same sak, ikkje ei side. Eg vil lese lange og samanhengande svar, ikkje korte og usamanhengande. «Kjære Erna» er til dømes ein kronikk som representerer alt det eg ikkje vil lese. Det er flott at denne småbarnsmora seier i frå og eg likar engasjementet hennar, men la det ligge på Facebook. Ikkje publiser det på ei av Noregs største aviser. Eg saknar eit tjukt filter for kva som blir publisert på dei største nettavisene i Noreg. Det er desse som er ansvarlege for kva som blir offentlege debattar. Vist dårlege kronikkar vert publisert, ja, så blir det dårlege debattar.

Foto: Offisielle NRK Ytrings twitter konto (@NRKYtring)
Foto: Offisielle NRK Ytrings twitter konto (@NRKYtring)

Den kjente filosofen Jürgen Habermas er kritisk til korleis media og den offentlege debatten har utvikla seg dei siste 20-30 åra.Gjennom boka «Borgarleg offentlegheit» ser han med bekymringsfulle auger på offentlegheita og konkluderer nesten med at den har forfallet.Med eit kritisk og litt negativt blikk på dagens mediesituasjon i Noreg, vil eg påstå at offentlege debattar er no på botnnivå og dagens kronikkar bidreg til å dra den enda lenger ned. Eg vil ha tilbake Holmgang på TV2 med Oddvar Stenstrøm som inviterer småbarnsforeldre med pengenød, trailersjåførar som vil redusere bensinprisene, samar som er imot eigedomsskatt, prostituerte som er feministar og narkomane som vil ha sprøyterom. Gi dei ein mikrofon og plasser dei framfor eit kamera. Ikkje gi dei eit tastatur og gode kontaktar i Dagbladet, NRK eller Aftenposten.

Sånn! No har eg bidrege med ein kronikk som forhåpentlegvis skal dra den offentlege debatten enda nærmare botnen. Håpar den blir publisert på Dagbladet eller NRK Ytring, men det er vell lite truleg ettersom eg har ikkje så gode kontakter der og har ikkje noko viktig å klage over. Og forresten: Vinen er sur og ikkje noko særleg god.

Legg igjen en kommentar