Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Nyhende til sals

AviserMediegiganten VG og lokalavisa i Ørsta, Møre-Nytt, er mellom dei som har lansert betaling for tilgang til nyhende og saker på nettet. Kva gjer betalingsaspektet eigentleg med kommunikasjonen mellom avis og lesar?

Etter at nettavisene gjorde sitt inntog seint på 1990-talet har dei vorte ein integrert del av den digitale kvardagen til svært mange. Enkel og rask tilgang til nyhende har gjort nettavisene til eit godt alternativ til dei tidlegare så dominerande papiravisene, og i motsetning til desse har nettavisene vore gratis. Fleire ser no ut til å lansere betalingsløysingar også på nettet, men aktørane vel ulike måtar å gjere dette på.

Delvis betaling

VG har valt å lansere sitt nettavisabonnement VG+ som noko ekstra til dei som er villige til å betale litt meir for nyhende på nettet. Her får ein tilgang til større artiklar, intervju og ulike forbrukartestar, men hovudsakene og dei store hendingane får ein framleis i gratisversjonen på vg.no. VG+ framstår dermed som ein ekstra dimensjon for dei som ynskjer det, med det resultat at VG i større grad når ut til lesaren same kva preferansar denne har; papir- eller nettavis, lette saker eller i djupna, gratis eller ikkje. Slik brukar VG det nye nettavisabonnementet som eit ledd i styrkinga av kommunikasjonen med lesaren; dei når ut til nye lesargrupper og viser at VG har noko for alle.

Fullstendig betaling

Lokalavisa Møre-Nytt har valt ei heilt annan retning enn VG. På morenytt.no finn ein ei fullstendig avis med alle nyhende og aktuelle artiklar, men ein har berre tilgang til fem saker i månaden før ein må bestille abonnement for vidare bruk. Lesaren må i mykje større grad enn hjå VG velje mellom papir- eller nettavisabonnement då begge desse er betalingsbelasta. I motsetning til VG+ vert dermed ikkje nettavisabonnementet til Møre-Nytt eit supplement for dei interesserte, men nærast ei tvang om ein vil ha oppdaterte nyhende frå Ørsta kvar dag. På denne måten verkar dei økonomiske faktorane å setjast før kommunikasjonen og forholdet til lesaren, og abonnent Therese Aakre er mellom dei som reagerer på dette:

– Eg tykkjer det er håplaust å måtte betale for å lese lokalavisa mi på nettet når eg allereie abonnerer på papirutgåva. Møre-Nytt er på mange måtar den einaste seriøse kanalen for nyhende heime og det verkar urettferdig å måtte betale dobbelt. Eg set verkeleg pris på å få papirutgåva i posten så avvikling av denne er ikkje aktuelt. Då får ein heller finne andre måtar for å halde seg oppdatert også på nettet.

Sniker seg unna

Kravet om betaling for tilgang til Møre-Nytt på nettet har gjort at fleire lesarar har oppdaga utradisjonelle måtar å unngå dette på. Fjerning av informasjonskapslar (cookies) og privat nettsurfing er mellom metodane som vert nytta for å sleppe å betale, men samtidig halde seg oppdatert på nyhende frå Ørsta.

Legg igjen en kommentar