Kategorier
Aktuelt: Fagleg

BERGENSAVISER I OMVELTING

FOTO: ANDERS LØKELAND SLÅKE
FOTO: ANDERS LØKELAND SLÅKE

10.02.2016

Av Anders Løkeland Slåke og Sirianne Vikestad

Ei hurtig utvikling har skjedd på mediefronten dei siste ti åra med enorme endringar. Mediegigantar som Facebook og Google blir stadig større på marknadsfronten, og hevdar seg i kampen om folks lesevanar. Dette får følger for dagens papiraviser og folks nettvanar ber om ei endring i norsk mediesatsing.

Facebook inviterte 27. januar sentrale aktørar frå norske mediehus til London for ein lynintroduksjon til nyhendesatsinga Facebook Instant Articles. Omtrent samstundes med dette

annonserte tre sentrale bergensaviser kutt i papiropplag. I årets første avis annonserte Studvest at dei nytt for året går over til å lansere aviser annakvar veke, og dermed halverer frekvensen.

— Med studentar som målgruppe er det klart me må satse meir og større på nettbasert journalistikk, men med dei rammevilkåra me har var me nøydde til å kutte i papirutgjevingar for å kunne gjere denne satsinga, påpeikar Ansvarleg Redaktør i Studvest, Mats Arnesen.

I fylgje Statistisk Sentralbyrå las 49 prosent av befolkninga ein eller fleire trykte aviser ein gjennomsnittsdag i 2014, mot 51 prosent eitt år tidligare. Nedgangen er ikkje statistisk signifikant, men den viser til ei utvikling som har føregått lenge. Til samanlikning var andelen papiravislesarar på 84 prosent i 1997.

Unge i alderen 16-24 år er ivrige internettbrukere og brukte i gjennomsnitt 3 timar og 24 minuttar på internett kvar dag.

Medievanane endrar seg kvikt, og det er ikkje berre enkelt for mediehusa å henge med på nye arenaar samtidig som dei leverer kvalitetsjournalistikk. Ved inngangen til februar annonserte Bergens Tidende og Bergensavisen at dei legg ned søndagsavisene i papirformat.


FAKTA:
– 2013 var første året då ein større andel av befolking las nettavis (52%) enn papiravis (51%) i løpet av ein gjennomsnittsdag

Kjelde: medienorge

FACEBOOK INSTANT ARTICLES:
– Standard nyhetsmal for bruk i Facebook-appen på smarttelefonar
– Mediehusa må inngå ein avtale med Facebook
– Mediehusa publiserer sakane sine direkte til Facebook
– Artikkelen opnast direkte i Facebook-appen
– Facebook og mediehusa deler artikkelen sine annonseinntektar

Kjelde: NRKbeta

Medier i omstilling

— At søndagsavisa vert lagd ned har først og fremst med opplag og økonomisk størrelse å gjere, seier sjefsredaktør i Bergens Tidene, Øyulf Hjertenes.

Han er peika ut som ein moderne medieleiar av styret til mediehuset, og slo fast då han vart tilsett som sjefsredaktør i haust, at hans ambisjon er at BT óg i ei digital framtid skal spela ei vesentleg rolle på vestlandet.

For Bergens Tidende står kvalitetsjournalistikken i ledtog for drifta.

— Med lågare inntekter og færre såkalla komplettabonnentar er det ikkje rekningssvarande å oppretthalde søndag. Skulle me gjort det, ville det gått ut over kvaliteten i journalistikken fordi me då i staden måtte redusert kostnadar i redaksjonen, fortel Hjertenes.

 

Lesevanar endrar skriveformat

Han vil likevel ikkje leggje lokket på at godt journalistisk arbeid blir å finne i papiraviser også i framtida. Sjefsredaktøren viser til BT ein dag langt framme vil bli eit reint digitalt mediehus, men han meiner at det er all grunn til å tru at papiravisa vil ha eit godt grunnlag i mange år framover før det skjer.

— Eit interessant utviklingstrekk nå er at lange formater har fått ein slags renessanse. Me ser at gode, grundige og viktige artiklar i langt format, som historia om «Glassjenta», får lesarar til å abonnere på BT digitalt, seier Hjertenes og fremmar at kvalitetskrava har steget etter at informasjon er blitt meir tilgjengelig på nettet for etterprøving.

Han ser ikkje bort i frå at  det blir to ytterpunkter å finne både i papiravisene og på nettet, då trenden er at det korte blir kortare og dei lange artiklane blir lengre og meir djuptgåande.

 

Nedlegging skapar reaksjonar

Til trass for argumentet om heva journalistisk kvalitet, er det likevel ikkje alle som er nøgde med kutta i papiraviser. Mikael Andreas Sandøy er ein av papirentusiastane som blir direkte råka av søndagsavisa sitt fråfall.

Mikael Andreas Sandøy kjem til å sakne skjermfrie sundagar. FOTO: ANDERS LØKELAND SLÅKE
Mikael Andreas Sandøy kjem til å sakne skjermfrie sundagar.
FOTO: ANDERS LØKELAND SLÅKE

Sandøy byrja å lese Bergens Tidende då han flytta til Bergen i 2012. Han ser seg sjølv som ein samfunnsengasjert student og likar å halde seg oppdatert på nasjonal så vel som lokal agenda, og har sett BT som ei nyttig kjelde til dette i studietida.

— Det er trist at nedskjæringane i mediebransjen skal få konsekvensar for dei av oss som likar å ta ein pause frå skjermen, seier han, då han blir fortalt om den planlagde nedskjæringa.

Sandøy har likevel stor forståelse for beslutninga.

— Det er vel den vegen det går med det meste i våre dagar. Publikum er på nett og då er det vel også der avisene må vere. Digitaliseringa har vel komen for å bli.

 

 

Kjelder:

Ett svar til “BERGENSAVISER I OMVELTING”

Nok en spennende og aktuell sak , ikke minst for oss på Praktinfo. Facebook og Googles stadig sterkere posisjon, nå også i nyhetsformidlingen, synes jeg er utfordrende. At mange aviser , inkludert studentpressen , nå benytter nye distribusjonsløsninger via feks FB og forlater papirformatet kan vi selvsagt forstå ut i fra økonomiske grunner. Men hvilke konsekvenser kan dette fåfor den redaksjonelle friheten, når aviser velger å la andre styre publiseringen og distribusjonen? Det skulle jeg ønske at både BT og ikke minst redaktøren i StudVest ville problematisere litt mer Interessant er det også som artikkelen pekte på, hvilke konsekvenser økt digital lesing vil få for journalistikken med både korte og lange artikler. Fører dette til større skille i lesevaner og bruk blant ulike lesergrupper? Bra sak.

Legg igjen en kommentar