Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Forfatteren bak denne teksten skal endre livet sitt – du vil ikke tro hvordan!

I dag har eg tatt eit lagnadstungt val. Eit val som vil spara meg for mykje tid og irritasjon.

KLIKKFISKE: Ein moderne VG-journalist. FOTO: WAPSTER / https://www.flickr.com/photos/wapster

 

Eg bruker mykje tid på nett. Mykje av denne tida går med til det eg vil karakterisera som fornuftige aktivitetar som til dømes har med studium, interesser og hobbyar å gjera. Men eg bruker dessverre òg mykje tid på mindre fornuftige aktivitetar. Du vil ikke tro hvilke!

Som student som sit mykje framføre PC-en i samband med lesing av pensum og oppgåveskriving, blir det fort nokre besøk innom diverse nettaviser i laupet av ei arbeidsøkt. No har eg kome fram til at enkelte av desse nettavisene ikkje lenger skal få plass i min kvardag. Denne slutninga kjem som følgje av fleire grunnar, men eg vil seia at fellesnemnaren for desse er kommersialisering. No skal eg endeleg ta grep, og avgrensa mengda clickbaits eg utsett meg sjølv for.

 

Clickbaits – til å bli sjuk av

Det kan vera utfordrande å definera clickbaits, for ordet nyttast på forskjellige måtar. Enkelte vil nok karakterisera tekstar som listar opp korleis ein blir betre i ditt og datt, kva ein skal seia og ikkje seia til den og den personen, og kva symptom ein må sjå etter for å vita om ein er døyande (VG+), som clickbaiting.

Dette er døme på simple tekstar som har eitt enkelt formål, å generera klikk for penganes skyld. Slike saker har etter mi erfaring aldri noko opplysande informasjon å komma med, for punkta i desse listene har ein tendens til å seia sjølv. Kven skulle trudd at det å skru av lyset kunne ha positiv effekt på søvnen? Eller at det å lytta til partnaren sin kan vera bra for eit forhold? No abonnerer eg ikkje på VG+, så eg veit ikkje om eg er døyande i skrivande stund, men her ser eg for meg punkt som Du tisser blod, Tennene dine faller ut og Du spyr opp innvollene dine. Læringsutbytet ein sit igjen med etter å ha lest ei slik liste-sak er på sitt beste ikkje-eksisterande, men slike saker er iallfall ikkje misvisande. Ein veit liksom kva ein får ved å trykka seg inn på ei slik sak, iallfall etter å ha gått på smellen eit par gonger. Ikkje misforstå meg, eg hatar desse listene, og eg hatar det faktum at slike ikkje-nyheiter i det heile tatt er å finna i nettaviser, men det finnes verre formar for clickbaiting.

Clickbaiting slik eg først og fremst tenker på det, er overskrifter kor lesarar blir forsøkt lurt inn på ein artikkel ved at det ikkje blir gitt god nok informasjon om kva saka handlar om, eller ved at overskrifta er misvisande og framstiller saka heilt feil. Med clickbaits vil journalistar iallfall ha deg til å bita på kroken ved anten å pirra di nysgjerrigheit eller ved å sjokkera deg. Dei to metodane for å oppnå dette, å vera mangelfull og å vera misvisande, kan sjølvsagt henga saman ettersom misvisande informasjon kan følgja av mangelfull informasjon lagt fram på ein bestemt måte. Eit døme på dette kan vera ei sak frå Dagbladet: Ny straffelov: – Voldtekt blir ikkje lenger kalt «en forbrytelse». Inne i saka finn ein denne teksten under overskrifta: Det er et lovbrudd eller en kriminell handling. Dette er tåpelig, og saka kunne med enkle grep vore ei heilt ok nyheitssak, om berre namneendringa hadde fått plass i overskrifta. Dette er ikkje journalistikk, men ein skriftlig versjon av Rickrolling.

Eit anna døme på misvisande informasjon kan vera overskrifter som «Kjent skuespiller død», gjerne med eit bilete av to skodespelarar ovanfor. I desse tilfella er den eine av skodespelarane svært kjent, medan den andre vil vera ukjent for folk flest. Utifrå eit slikt oppsett er det enkelt å skjønna kven som er død om ein berre har litt erfaring frå enkelte nettaviser. Klikk-gribbane ville aldri lagt ved eit slikt bilete for å skapa usikkerheit dersom det var ein veldig kjent skodespelar som var død. Det heile er skammelig og respektlaust, og eg meiner at journalistar bør spørja seg kor greitt det er å bruka kjente fjes for å generera klikk og tena pengar på ein annan person sin død. Eg har i det siste vurdert å laga meg ei liste kor eg skriv ned namnet på journalistar eg kjem over som skriv slike saker. Med ei slik liste på plass, kan eg venta på at listefyllet mitt skal døy, for så å laga sak med tittelen «Journalist er daud», og slenga ved eit bilete av nokon av betyding.

 

Dette er slutten

Eit døme på nokon av betyding som tilsynelatande er døyande, er den såkalla vaktbikkja. Norske nettaviser går i større og større grad over til å skriva saker utan nyheitsrelevans. Saker som er enkle og billige å produsera, og som genererer mange klikk. Ja då, det er klart at eigarar vil tena pengar, og ettersom papiravisene også er døyande er dette tåpelege fokuset på å generera flest mogleg klikk den enklaste vegen å gå. Men kom an, om dette er retninga ein vel å gå, får ein presentera seg sjølv deretter. Ein ting er å vera misvisande i sine overskrifter og slik indirekte lyga om innhaldet i ei sak, ein annan ting er å lyga om innhaldet på sida generelt: Kjære VG-leser! Ved å skru på annonser, hjelper du å finansiere tidkrevende og viktig journalistikk. Eg skrur gjerne av Adblock på nettsider dersom eg finn dei verdige, men då må dei tilfredsstilla to enkle kriterium. Dei må 1) ha brukande innhald og 2) la journalistane sine skriva på nynorsk. VG bommar på begge krava mine, og difor er det no slutt på VG for min del. Framover skal eg halda meg til NRK, Bergens Tidende og andre nettaviser som tilfredsstill mine audmjuke krav. Dette vil spara meg for unødig tidsbruk på unødig «nyheitsstoff». VG, Dagbladet og andre kjendis/buzzfeed-nettsider kan ta seg ei bolle.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar