Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Informasjonsjobb ved UiB?

Medan me framleis har fredagsførelesinga om munnlege presentasjonar friskt i minne, kva med å skaffa seg jobb på universitetet sin skulebesøksturné? UiB treng nemleg folk til å vera med til vidaregåande skular i heile landet for å gje elevane der informasjon om vår alle sin yndlingsutdanningsinstitusjon.Det dreier seg om to til åtte veker i dei fyrste tre månadene i 2012. Vidare vert det søkt særskilt etter dyktige og pålitelege informasjonsarbeidarar, så ein skulle tru at alle årets praktinfarar fell fint inn på toppen av denne søknadsbunka. I alle fall når ein også oppmodar «[s]tudenter som enten har jobbet med informasjonsarbeid og/eller har god erfaring fra arbeid i studentorganisasjoner» til å søkja. Men heng i, for søknadsfristen går ut 11.10.2011!

Sjekk ut infoen på UiB sine nettsider.

Og eit intervju med ein tidlegare turnémedarbeidar.

Legg igjen en kommentar