Kategorier
Aktuelt: Fagleg

– Ta praksisperioden på alvor!

Flåmmingen Maria Berge (27) har ein mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Liksom mange andre ønskjer ho seg jobb relatert til studiet, men har oppdaga at konkurransen i arbeidsmarknaden er særleg tøff for HFarar.

(Privat foto)

– Arbeidstakarar er nok usikre på kva kompetanse me humanistar sit inne med. Det er jo ganske teoretisk baserte utdanningar, og kanskje litt vage, seier Maria.

Det var difor ho som poststudent meldte seg på Praktisk informasjonsarbeid våren 2011.

– Eg vart tipsa om faget av ei studieveninne som hadde tatt det tidlegare, og som var veldig positivt innstilt. For min del, som for dei fleste, var det praksisperioden som freista. I tillegg til den nyttige erfaringa, ville det gje jobbsøknaden eit løft og gjere meg meir interessant som potensiell arbeidstakar.
 

Heldig med praksisplass
Maria vart utplassert i Spartacus Forlag, eit bokforlag som spesialiserer seg på sakprosa. Dette var midt i blinken for litteraturvitaren, som har fått jamlege frilansoppdrag frå Spartacus i ettertid.

– Fleire av medstudentane mine var i utgangspunktet skeptiske til arbeidsplassen dei vart tildelt. Eg var den einaste i mitt kull som var nøgd umiddelbart etter at Kristian hadde lese opp kven som skulle kvar. Men det skal seiast at dei fleste endra meining når dei fekk summa seg, eller vart positivt overraska då dei kom ut i praksis.

Spartacus har eit lite avdelingskontor i Bergen med to fast tilsette, så det var eit ganske intimt arbeidsmiljø ho kom inn i.

– Mange av dei andre i klassen var plasserte i større firma og organisasjonar. Somme opplevde at det var vanskeleg å finne sin plass i mylderet og at dei ikkje fekk tett nok oppfølging. Min situasjon var spesiell òg fordi det var ein såpass relevant arbeidsplass, og at eg har fått oppdrag derifrå utover praksisperioden. Det er altså høve til jobbmoglegskapar så å seie gjennom PRAKTINF, sjølv om det neppe er noko ein kan ha forventingar om. Kvart tilfelle er unikt, og det er mykje som skal klaffe.

Laga eigne tidsfristar
– Me skulle sjølv kontakte praksisstaden for å avtale nærare om arbeidstart og arbeidstid. Eg ville jobbe mest mogleg, så det enda opp med at det vart seks veker i nesten hundre prosent stilling i staden for femti prosent i fem veker, fortel Maria. Ho kunne ta seg tid til dette fordi ho kun tok Praktisk informasjonsarbeid det semesteret, og ville få mest mogleg ut av det.

– Det er noko eg absolutt vil tilrå: At de nyttar sjansen til å jobbe så mykje som råd! Den ekstra erfaringa ein sit att med er gull verd.
Første dag i praksisperioden var det ikkje noka offisiell innføringsrunde.

Sjefsredaktør Frode Molven og Maria hadde eit lite møte for nærmare å avtale arbeidstider, og ho fekk sine første oppgåver med ein gong utan noko.

– Frode er verdas travlaste fyr. Han reiser ofte til hovudkontoret i Oslo, og det hendte eg ringde rett dit for å få arbeidsoppgåver av dei som jobba der. Eg vart i stor grad min eigen sjef, for eg fekk ikkje noko særleg tidsfristar frå høgare hald. I staden nytta eg teknikken me hadde øvd inn på skriveseminar, og sette mine eigne korte deadlines for småtekstar eg skulle skrive, forklarar litteraturvitaren.

Som arbeidsmetode tykte ho dette var veldig fruktbart, for ein tvinger seg sjølv til å prioritere, og lærer å tenkje slik arbeidsgjevar vil at ein skal tenkje.

– Eg fekk skryt for å vere effektiv. Korttekstane var nok den forma eg fekk mest bruk for. Eg laga pressemapper, enkelttekstar til katalogen med oversikt over Spartacus sine bøker, dreiv journalistisk skriving og laga lister med kontaktinformasjon.

Skrivearbeidet var variert og Maria måtte vere veldig sjølvstendig. Ho fekk ikkje mykje rettleiing, men det var ikkje vanskeleg å få svar dersom ho hadde spørsmål. Som avveksling frå skrivinga fekk ho vere med på forfattarmøte, og ho fekk til og med reise ein tur til Oslo.

– Det skulle vere pressekonferanse Frank Rossavik si bok om historia til SV, og eg fekk vere med sjefen til Oslo. Der møtte eg dei tilsette ved Spartacus sitt hovudkontor og arbeidde der nokre dagar. Dette og forfattarmøta var nok det aller kjekkaste. Men alt i alt var praksisperioden ei veldig spennande og lærerik oppleving, smiler Maria.

Møt opp på seminar og førelesingar
I tillegg til å vere frilansar, pendlar Maria til Flåm der ho har deltidsjobb. Ho har byrja å studere webdesign for å få bli endå meir aktuell på arbeidsmarknaden.

– Eg vil gjerne jobbe fast i forlagsbransjen, men vil ikkje flytte til hovudstaden. Det gjer at eg må vere ekstra karrieremedviten og konkurransedyktig. Erfaringa og kontaktane eg har fått gjennom praksisen i vår har hjelpt meg mykje, og det same gjeld nok mange andre tidlegare studentar. Det er det som skil oss frå andre arbeidstakarar, meiner Maria.

Frå timane i klasserommet var det for hennar del først og fremst korttekstane ho fekk bruk for. Ho framhevar at det er veldig lurt å få med seg all undervisinga. Øvingane ein får i timane er viktigare enn pensum. Ikkje det at pensum ikkje er viktig, skyt ho inn.

– Eg vil tilrå at de er språkmedvitne på fritida òg fram mot og under praksisperioden. Alt frå å skrive korttekstar til å kritisere VG-artiklar, kan kome godt med. Og det aller viktigaste tipset er å ta praktikantstillinga alvorleg.

Ett svar til “– Ta praksisperioden på alvor!”

Legg igjen en kommentar