Kategorier
Ymse informasjon

Bergens yrande klubbscene.

Ein yrande klubbscene er nok ikkje det første du tenker på når det kjem til utelivet i Bergen. Men no har det byrja å kome fleire klubbkonsept det kan vera verd å få med seg. Nokre har vore her lenge, andre er temmeleg nyoppstarta. Felles for alle er at dei ofte kan være vanskeleg å vite om med mindre du oppsøkjer dei direkte. Uansett er det mykje som foregår i Bergen si klubbscene som kan få dansefoten til å riste.

 

1377092_568185406569319_1258360852_n
Foto: Profilbilete frå Facebook brukar JassboxBergen

 

Jassbox.

Dette er eit åtteår gamalt konsept som mange har hatt stor glede av. Dei har nyleg kome tilbake i Bergen sitt uteliv med herlege og dansbare rytmar. Ein får sjølvsagt servert ein god dose jass på desse kveldane. Det kan også spelast mykje afro og latino beats, ein forstår lett kva ein kan venta seg neste gong dersom ein har vore der ei natt. Her opnast med konsertar før DJ-kvelden startar. Dei held det gåande frå klokka ni til seint som dei seier, og ein slik kveld kan vera forbi før ein får sukk for seg. Dei held månadlige arrangement på Grand Selskapslokaler.

 

 

10636224_789345524451477_6860491529764199143_n
Foto: Profilbilete frå Facebook brukar Ploink

Ploink.

Før holdt desse klubbkveldane til på Klubb Kosmo, men etter at den vart lagt ned har dei flytta seg bort på Østre. Der kjem det meir til sin rett. Ein får servert minimal, repetitiv, suggesiv tekno med tilhøyrande visuals på veggene. Takta er den same heile kvelden, men ein får stor variasjon på lydbiletet og god kvalitet på DJ-ane som spelar. Som oftast er det sleppekveldar for nye EP-ar for teknolabelet med same namn. Likar du diskant, bass og beats i ei minimal innpakking er dette verd å sjekke ut.

 

 

 

1486638_762859313796736_697998855100228379_n
Foto: Profilbilete frå Facebook brukar Klubb Kok

Klubb Kok.

Dei kallar det sjølve for klubbkultur på kokepunktet. Dei starta opp i august med lange køar og mykje hype, blei spådd nord og ned av mange i utelivsscenen, men det må seiast at dei framleis held koken. Med gode kontaktar i hiphop- og DJ-miljøet har dei fått til mange fete kveldar. Der er også ganske god variasjon i musikkstilen dei serverer, ein får mykje hiphop og RnB, men også bra med house og dancehall frå tid til annan. Torsdagar til lørdagar held dei det gåande med god takt og god stil.

 

 

10337696_826835617381526_2841628212782047439_n
Foto: Veggbilete frå Facebook brukar Landmark Bergen

 

Klikk.

Landmark er generelt ein stad som har mange gode klubbkonsept. No har det dukka opp eit nytt som kan vera verd å få med seg. Klikk skal improvisere tekno foran øyro dine. Underteikna har ikkje hatt moglegheit til å delta på opninga av dette konseptet, men er meir enn interessert. For her skal ein få ta del i den skapande prosessen av snikande rytmar i symbiose med dansegolvet. Verkar veldig lovande.

 

 

 

 

 

Spanande scene.

Bergen har mykje bra å by på om ein har fått eit øyre for klubbmusikk. Nokre konsept er meir gjøymde enn andre, men her finst mykje godt om ein berre leitar litt. Og så må ein sjølvsagt også finne ut av kva som passar seg sjølv og eins eigen interne rytme. Vonleg fins det noko i Bergen som kan vera balsam for sjela di seint ei helgenatt.

 

Kjelder:

BT, Facebook: Jassbox, Ploink, Klubb Kok