Kategorier
Aktuelt: Allment

Gratulerer med kvinnedagen!

Kvinnedagen på Maldivene
Foto: Dying Regime. Kvinnedagen på Maldivene

I dag er det den internasjonale kvinnedagen.

Kvinnedagen blei danna med bakgunn i kvinnene sin kamp for stemmerett og ein kampdag for den sosialistiske kvinnerørsla. Dagen vart vedtatt av det amerikanske sosialistpartiet i 1908, men vart ikkje offentleg markert før i 1911. I Noreg blei dagen fyrst markert i 1915, og var fyrst og framst ein markering knytta til den sosialistiske og kommunistiske rørsla.Etter andre verdskrig vart «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund» danna, noko som seinare blei kalla «Norsk Kvinneforbund». Deira fyrste markering var i 1948. Kvinnene som deltok møtte stor motstand grunna Den kalde krigen som då hadde byrja. I 1972 vart tradisjonen tatt opp igjen då fleire kvinneorganisasjonar samlast for å markere dagen. I samband med det internasjonale kvinneåret i 1975, vart 8. mars erklært internasjonal kvinnedag av FN.

Noreg er det fjerde landet i verda kor kvinner får stemmerett (1913) etter New Zealand, Australia og Finland.

 

Norske kvinnesaksforkjemparar:

  • Gina Krog: Leiar av «Landskvinnestemmerettsforeningen», stifta i 1885.
  • Camilla Collet: Forfattar og kvinnesaksforkjempar
  • Fredrikke Marie Qvam: Stemmerettsforkjempar. Var med på å danne «Landskvinnestemmeretsforeningen», og var med i «Norske kvinners nasjonalråd»).
  • Anna Rogstad: Formann i «Kristiania Lærerinneforening» kor ho kjempa for å bedre lærerinnene si utdanning og løn. Ho vart valgt inn som fyrste kvinne i Stortinget.
  • Ragna Nielsen: Formann i «Norsk Kvinnesaksforening».
  • Katti Anker Møller: Danna «Mødrehygienekontoret» i 1924, og arbeida for at det skulle bli lettare for kvinner å ta abort.
  • Betzy Kjelsberg: Første kvinnelege medlem av sentralstyret i Venstre, var med på å danne «Drammen Kvinnesaksforening», og var aktiv i «Landskvinnestemmerettsforeningen».
  • Margarete Bonnevie: Skreiv i 1932 boka «Ekteskap og arbeide». I boka krev ho full fridom for kvinna, og meinte at når ei kvinne kunne delta aktivt i samfunnet på lik linje med mannen, ville vi få eit menneskesamfunn, ikkje eit maskulint samfunn. Ho jobba også med å få innført barnetrygd.
  • Eva Kolstad: Aktiv i «Norsk Kvinnesaksforening», representant i FN sin kvinnekommisjon, og det første likestillingsombudet i 1979.

 

Kjelder:
Kampdager.no (2002) 11 forkvinner [Internet] Tilgjengeleg frå: http://www.kampdager.no/arkiv/formodre/11forkvinner.html [Lest 8. Mars 2013]

Den internasjonale kvinnedagen (2013) Wikipedia [Internet]. Tilgjengelig frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Den_internasjonale_kvinnedagen [Lest 8.mars 2013].

Kvinnelig stemmeret (2013) Wikipedia [Internet]. Tilgjengelig frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Kvinnelig_stemmerett [Lest 8.mars 2013].

Forfattar og kommunikasjonsarbeidar

Forfattaren si viktigaste oppgåve er jo å kommunisere med lesaren gjennom litteraturen ved hjelp av språket. Mange trur kanskje at jobben til forfattaren er gjort når ei bok er blitt gjeve ut, og at ein då kan setje seg ned og slappe av. Men i røynda har kommunikasjonsarbeidet då såvidt byrja. Eg har snakka med forfattar, Sunniva Relling Berg om det å vere tilgjengeleg for sine lesarar, media og andre interesserte, og kva ho tenkjer om kommunikasjon mellom forfattar og målgruppe.

Foto: Samlaget. Sunniva Relling Berg
Foto: Samlaget. Sunniva Relling Berg

Sunniva gav i 2011 ut ungdomsboka Utfor, og kjem i april ut med si andre bok, Beina i gitaren. Til dagleg er ho student ved Universitetet i Bergen kor ho nettopp har starta på sin mastergrad i Digital kultur.

Utan manus
For Sunniva har det å bli kontakta av media blitt ganske vanleg etter utgjevinga av hennar fyrste bok. I april kjem hennar andre bok, noko som sannsynlegvis vil gje ein god del merksemd frå media. Etter å ha vore gjennom dette ein gong før, veit Sunniva meir om korleis ho bør forberete seg, og korleis ho kan handtere pressa.
– Eg veit eg kjem til å få spørsmål om kva det er eg vil uttrykke med boka mi, så det er det viktig at eg tenker over på førehand, men det å snakke om boka mi er veldig naturleg, for det er jo eg som har skrive det som står i ho, fortel Sunniva.
For Sunniva er det viktig å uttale seg på ein mest mogleg presis måte til journalistane, men samtidig ikkje ha ein fast tekst som manus.
– Eg har meir og meir byrja å be om sitatsjekk av journalistane, for det er så lett for at eg kan ha formulert meg uklart eller ha sagt noko som har blitt oppfatta feil. Med ein sitatsjekk er det lett å rette opp i desse feila.

Stor målgruppe
Sunniva er bevisst på å bruke sosiale media og web for å kommunisere med lesarane sine, pressa og andre aktørar. Dette gjer ho blant anna ved hjelp av ei heimeside, som blir brukt som eit kontaktpunkt for dei som vil ha tak i ho, anten det er lesarar som vil gi ho tilbakemeldingar, eller pressa som vil ha eit intervju.
– Sidan målgruppa til heimesida mi er så stor, vil eg at utsjånaden på den skal vere mest mogleg nøytral og enkel, slik at fleire i målgruppa blir nådd, seier Sunniva.
I tillegg til nettstaden, har Sunniva ei Facebook-side kor folk kan kommunisere direkte med ho.

Eg kan sjå nytten av både Facebook og Twitter, men det har blitt meir naturleg å vere på Facebook sidan det er det sosiale mediet eg brukar mest.

– Eg har fått nokre meldingar på Facebook frå lesarar som seier at dei likte boka mi, og det synes eg er veldig kjekt. Slike tilbakemeldingar vil eg jo gjerne at skal kome fram til meg.
Sunniva har også ein Twitter-konto, men den blir ikkje så mykje brukt.
– Eg kan sjå nytten av både Facebook og Twitter, men det har blitt meir naturleg å vere på Facebook sidan det er det sosiale mediet eg brukar mest. Men eigentleg burde eg ha samordna Facebook -og Twitter-kontoane slik at den same informasjonen kjem ut begge stadar, forklarar Sunniva.
På Facebook-sida til Sunniva blir det også lagt ut lenkjer til bloggen hennar. Bloggen er igjen kobla saman med heimesida slik at den får litt aktivitet.
– På bloggen skriv eg litt om e-litteratur, sidan eg studerer det, om skulebesøk eg er på, men også generelt om skriving og lesing. Bloggen er eit fint medium kor oppdragsgivarar kan sjå kva eg held på med, og korleis opplegget mitt er i høve skulebesøk, seier Sunniva.

Tilbake til litteraturen
Når Sunniva er i startfasen av eit nytt bokprosjekt, skriv ho mest for seg sjølv, og tenkjer på kva ho sjølv hadde likt å lese om. Vidare i arbeidet går ho meir nøye gjennom det ho har skrive, og ser på ordbruken i teksten.
– Eg har valt å ikkje skrive så altfor gamaldags nynorsk slik at det ikkje skal vere vanskeleg for unge å lese boka, men også til dømes dei frå austlandet. Eg tenkjer også på at det skal vere driv i det eg skriv, og at det skal vere fengande for ungdom. Dette er viktig i alle bøker, uansett målgruppe, avsluttar Sunniva.

Kategorier
Ymse informasjon

Les e-posten din

I dagens samfunn er det viktig å vere «på nett». Med dette meiner eg å få med seg viktig informasjon som er meint for deg. Dette vil til dømes seie via mobil (SMS, samtaler), e-post, Facebook eller Twitter. I mitt tilfelle har eg tilgang på all denne informasjonen via mobiltelefon. Eg vil ikkje påstå at eg er avhengig av å 24 timer i døgnet få med meg alt som skjer, men heller ikkje å henge for lenge etter.

1 ulest e-post
Les e-posten din! (Illustrasjonsfoto: Kristine Turøy)

På sosiale media, kan ein sjølv velge kva for informasjon ein vil få med seg. Eg vil påstå at dei fleste har «vener» på Facebook som ofte delar informasjon som ein ikkje vil få med seg. Døme på dette kan vere om alle skitbleiene han/ho har skifta den dagen, eller om kor tidleg han måtte stå opp for å kome seg på jobb. Det som er så fint, er at ein kan lett «luke» vekk desse oppdateringane frå nyhetsoppdateringa si. Når venelista er rydda opp i, sit ein igjen med kun den informasjonen ein vil få med seg.

Ein av dei informasjonskanalane som er viktigast for meg, er e-post. Når eg ser at det kjem opp eit tal på Gmail-ikonet på mobilen min, tyder dette på at eg har fått ein e-post. Det tar ikkje lang tid før denne e-posten er både lest og svart på. Sidan eg er svært opptatt av å vere snar med å svare på e-post, har det blitt slik at eg forventar det same av andre. Har eg sendt ein e-post utan å få svar på denne innan to dagar, må ein forvente ein purring. Dette er noko eg synes ein må forvente i dagens mobile samfunn. Dei fleste har tilgang til internett vertfall éin gong i løpet av dagen, og då synes eg at den tida bør brukast på å skjekke e-posten sin. Min 87 år gamle morfar les e-posten sin dagleg, og då synes eg at andre også burde klare det, spesielt dykk som har vakse opp med datamaskiner og mobiltelefonar.

Eg er engasjert i ulike organisasjonar, og har ulike verv. I forbindelse med desse verva, er det viktig for meg å kommunisere med andre, og at dei eg kommuniserer med får eit godt inntrykk av meg. Ved å vere snar med å svare på e-post, håpar eg at andre oppfattar meg som oppdatert og engasjert, noko som eg synes er gode eigenskapar.

Min oppfordring til deg: Les e-posten din!

Tekst: Kristine Turøy