Kategorier
Aktuelt: Fagleg

«Morna Jens!»

Eit utsegn som har gått inn i dei politiske historiebøkene og vart den store snakkisen etter årets stortingsval er Siv Jensen sin takketale og ordlyden ”morna Jens”. Kvifor vart dette så oppsiktsvekkande? Var det sjølve tala som vekka publikum eller ligg det meir bak?

 Valgnatt

Jens Stoltenberg (A), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (FrP). 

CC by Stortinget Stortinget  Flikr 2010

 

”Er det bra?” ropar partileiar, Siv Jensen.

Eit klingande ”Jaaa!” kjem frå salen under valvaka til Fremskrittspartiet.

”Er dere glad?”

”Jaaaa!”

”Er det fest?”

”Jaaaa!”

”Blir det regjeringsskifte?!”

”Jaaa!”

 

Siv Jensen går fram og tilbake på scena, ho veit at det kjem til å bli borgarleg regjering i dei fire neste åra. Trampeklapp, jubelrop, smil, vink, og ein energifull sal pregar stemninga. Det heile kan for oss tv-sjåarar følast som ein del av valet i USA har kome inn i stova vår. Stemninga i valvake-lokale er høgst truleg annleis enn hjå tilskodarane i dei mange tusen heimar, som får energiske Siv Jensen sitt jubelrop og det kjensleladde kroppsspråket hennar skrikande rett i mot seg i si eiga stove.

 

Siv Jensen stiller seg vidare opp bak talarstolen og bryt ut i eit politisk sigersbrøl.

”Dette har eg ventet leeenge på å si. Og eg har gledet med leeenge til å si det jeg skal si nå… Morna Jeeeeeens!”. Fremskrittspartiets tilhengarar som var under valvaka løfta taket i jublande begeistring og gjev ei euforisk tilbakemelding på Siv Jensen sin opptreden. Men i mange stover og vidare i sosiale media var stemninga ein annan.

 

Det er ein tankestrek å legge merke til korleis sigerstala vart oppfatta i lokale der Fremskrittspartiet hadde valvake, i forhold til korleis TV-sjåarane tolka utsegna. Under valvaka var alle tilhengarar, i same feststemning som Jensen og bar preg av overveldande positiv energi. Den same tala vart moteke på ein heilt anna måte av mange publikum som såg ”førestillinga” på fjernsyn eller nett og satt roleg i sin eigen heim.

 

Like etter halv tolv på valdagen gjentok Siv Jensen ”Morna Jens” i ei statusoppdatering på Facebook.  Ikkje lenge etter kom tilbakemeldingane strømmande frå folket.

”Du viser hvordan en dårlig vinner framstår, helt utrolig. Noen viser verdighet og respekt, andre bare nyter andres nederlag. Kondolerer, Erna. Dette monsteret skal du ha i regjering”

”Fysj for en usmakelig avskjed på Jens sine vegne, Siv”, ”Motbydelig barnslig sagt”, «Respektløs tale. Du har mye å lære av Erna», «Begynnelsen på slutten», «Et sant ansikt utad for FRP. Smakløs og vulgær».

 

Var” morna” så gale sagt i seg sjølv, det er vel berre ei helsing? Eller kva var det som gav denne medieblesten og kva var det alle reagerte på? Ord er ein svært liten del av kommunikasjonsprosessen. I kommunikasjonen mellom menneske er berre sju prosent ordas betydning, 38  prosent valg av ord og formuleringar og heile 55  prosent av forståinga vert til gjennom kroppsspråk. Framføringa, kroppsspråket og måten Siv Jensen opptredde under tala har kanskje meir å bety enn sjølve ordlegginga. At tala vart vist og vinkla via filmkamera spelar ei stor rolle.

 

Tidlegare talekunst som skulle ut til store folkemengder var prega av voldsamt kroppsspråk, ordlegging med enorme mengder energi, og ei svært høgrøysta stemme. I dagens samfunn ser vi sjeldan dette. Siv Jensen er eit levande bevis på at det ikkje tar seg bra ut på TV der det kjem rett inn i heimen til folk som ikkje er i den same sinnstemninga. I tillegg bryt ho sosiale reglar som å håne taparen og skrik i staden for å snakke.

 

Tv-skjermen forsterkar bevegelsar og sanseinntrykk. Ved at kamera zoomar inn på Siv Jensen kan det virke som ho ukontrollert skrik til forsamlinga, då får TV-sjåarane igjen ein følelse at det er oss ho skrik til. Det kan for sjåarane, som er i ein heilt anna sinnstilstand, virke som at  Siv Jensen ikkje har kontroll over eigne følelsar.

 

Dagen og dagane etter valvaka vart Siv Jensen framstilt som den uhyggelege teikneseriefiguren Ursula i Ariel. Ansiktsuttrykket og stillinga vart kopla saman, og det vart eit ramaskrik over heile Noregs land. TV og data forsterkar, framhevar bevegelsar og er eit veldig sterkt virkemiddel som bør brukast med omhug, då særleg framfor kamera. Dette er ein tankevekkar på at kroppsspråk og framføringsform kanskje er blitt enda meir framtredande i den digitale verden vi lev i.

Legg igjen en kommentar