Lammelår eller lamme lår til middag?
Foto: André Ulveseter
Forhåpentlegvis vil dei fleste velje det første alternativet. Særskrivingsfeil er i vinden for tida, og stadig fleire oppretter grupper for å motkjempe denne type skrivefeil på sosiale medier. Samansette substantiv skil seg ut med høgst særskrivingsfrekvens. Det kan ha samanheng med ordlengde, i og med at samansetjingane det dreiar seg om, er relativt lange.
Kvifor skal vi bry oss? Årsaken til at særskrivingsfeil har fått stor merksemd kan vere at tydinga vert ei heilt anna dersom ein deler ordet i to. Flyten i språket stoggar opp. Det kan vere vanskeleg å forstå kva avsendaren meinar.
Påverka av engelsk? Det har vore vanleg å hevde at engelske skrivenormer har vore med på å påverke særskrivingsfeil. Men i det siste åra har forskingsresultat vist at barn byrjar å dele ord før ein har lært å skrive engelsk.
Humor som reiskap. For ei vekes tid sidan valde komikaren André Ulveseter å bruke humor for å motkjempe skrivefeil. Han oppretta Facebook-gruppa «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», der han legg ut bilete som syner konsekvensane av å skrive ord som ”lammelår” og ”hostesaft” i to ord. På over ei veke har han fått 100 000 tomlar opp. Dette ser ut til å vere ein effektiv og morosam måte å motarbeide skrivefeil på.