Kategorier
Aktuelt: Allment

Gratulerer med kvinnedagen!

Kvinnedagen på Maldivene
Foto: Dying Regime. Kvinnedagen på Maldivene

I dag er det den internasjonale kvinnedagen.

Kvinnedagen blei danna med bakgunn i kvinnene sin kamp for stemmerett og ein kampdag for den sosialistiske kvinnerørsla. Dagen vart vedtatt av det amerikanske sosialistpartiet i 1908, men vart ikkje offentleg markert før i 1911. I Noreg blei dagen fyrst markert i 1915, og var fyrst og framst ein markering knytta til den sosialistiske og kommunistiske rørsla.Etter andre verdskrig vart «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund» danna, noko som seinare blei kalla «Norsk Kvinneforbund». Deira fyrste markering var i 1948. Kvinnene som deltok møtte stor motstand grunna Den kalde krigen som då hadde byrja. I 1972 vart tradisjonen tatt opp igjen då fleire kvinneorganisasjonar samlast for å markere dagen. I samband med det internasjonale kvinneåret i 1975, vart 8. mars erklært internasjonal kvinnedag av FN.

Noreg er det fjerde landet i verda kor kvinner får stemmerett (1913) etter New Zealand, Australia og Finland.

 

Norske kvinnesaksforkjemparar:

  • Gina Krog: Leiar av «Landskvinnestemmerettsforeningen», stifta i 1885.
  • Camilla Collet: Forfattar og kvinnesaksforkjempar
  • Fredrikke Marie Qvam: Stemmerettsforkjempar. Var med på å danne «Landskvinnestemmeretsforeningen», og var med i «Norske kvinners nasjonalråd»).
  • Anna Rogstad: Formann i «Kristiania Lærerinneforening» kor ho kjempa for å bedre lærerinnene si utdanning og løn. Ho vart valgt inn som fyrste kvinne i Stortinget.
  • Ragna Nielsen: Formann i «Norsk Kvinnesaksforening».
  • Katti Anker Møller: Danna «Mødrehygienekontoret» i 1924, og arbeida for at det skulle bli lettare for kvinner å ta abort.
  • Betzy Kjelsberg: Første kvinnelege medlem av sentralstyret i Venstre, var med på å danne «Drammen Kvinnesaksforening», og var aktiv i «Landskvinnestemmerettsforeningen».
  • Margarete Bonnevie: Skreiv i 1932 boka «Ekteskap og arbeide». I boka krev ho full fridom for kvinna, og meinte at når ei kvinne kunne delta aktivt i samfunnet på lik linje med mannen, ville vi få eit menneskesamfunn, ikkje eit maskulint samfunn. Ho jobba også med å få innført barnetrygd.
  • Eva Kolstad: Aktiv i «Norsk Kvinnesaksforening», representant i FN sin kvinnekommisjon, og det første likestillingsombudet i 1979.

 

Kjelder:
Kampdager.no (2002) 11 forkvinner [Internet] Tilgjengeleg frå: http://www.kampdager.no/arkiv/formodre/11forkvinner.html [Lest 8. Mars 2013]

Den internasjonale kvinnedagen (2013) Wikipedia [Internet]. Tilgjengelig frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Den_internasjonale_kvinnedagen [Lest 8.mars 2013].

Kvinnelig stemmeret (2013) Wikipedia [Internet]. Tilgjengelig frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Kvinnelig_stemmerett [Lest 8.mars 2013].

Legg igjen en kommentar