Kategorier
Ymse informasjon

Å bli nedtrykt

Kva ville vel ei første skriveoppgåve vore utan det obligatoriske «eg skriv om det å skrive fordi eg ikkje kjem på noko å skrive om»-innlegget? Dette er eit ufråvikeleg faktum som stammar heilt frå antikken (dette er forrestein ein kommentar, og slett ikkje eit faktum). I alle høve er det i høgste grad gjeldande for onsdagane sine firetimars skriveseminar for PRAKTINF, der i skrivande stund fjorten menneske sit og trykkar som gale (dette er óg ein kommentar, sidan det heilt sikkert fins tilfelle der redaksjonar har blitt klaga inn til PFU for å ha referert til mental sjukdom i samanhengar der det ikkje høyrer heime i det heile teke).

(Illustrasjonsbilete henta frå forskning.no)

Nummer femten står det heller dårleg med. Men ho vil ikkje stå fram med namn, så då er det greitt.

Legg igjen en kommentar