Kategorier
Ymse informasjon

Studentmorgon søker nye medarbeidarar

Delar av dei som var medarbeidarar i Studentmorgon forrige semester. (https://www.facebook.com/Studentmorgen/photos/a.401360556595906.89639.401335559931739/885221601543130/?type=1&theater)

 

Me er no inne i nytt semster, noko som for Studentradioen i Bergen og Studentmorgon betyr rekruttering, og som for studentar betyr moglegheiter. – Ved å vera med i Studentradioen i Bergen får ein både praksis og erfaring som er kjekk å ha med seg vidare, og ein sosial møteplass kor ein kan bli kjent med nye menneske.

Studentradioen, som er hovudkonsesjonær på fire frekvensar, blei starta opp i 1982, og er dermed Bergens eldste lokalradio. Studentradioen blir dreven av rundt 180 frivillige medarbeidarar, fordelt på sju redaksjoner; nyhet, musikk, samfunn, kultur, humor & underholdning, nett og aktualitet. Som medarbeidar i Studentmorgon vil du vera del av det sistnemnte, altså aktualitetsredaksjonen.

Studentmorgon har tre timar lange livesending alle vekedagar, sendingane varer frå klokka sju til ti, og er slik del av morgonrutinane til mange studentar og andre som måtte peile seg inn på ein av radioens fire frekvensar, eller på nettradioen på heimesida, srib.no. I Studentmorgon er ein fire medarbeidarar som byttar på å vere med på sending, og den som ikkje er med på sjølve sendinga lagar gjerne ei nettsak eller eit innslag som blir spelt av i sendinga. Innhaldet i sendinga består av stikk, der ein tar for seg aktuelle saker ein har funne fram til på nettet, eller saker ein sjølv måtte ha på hjartet, av spalter som ein sjølv kan komme med forslag på kva skal gå ut på, fast på planen er også quiz, nyheiter og gjestar eller innslag.

 

 

 

 

Ett svar til “Studentmorgon søker nye medarbeidarar”

Biletet er nok litt for stort for sida her, så det må du justere.

Elles fin tekst. Hadde vore interessant å høyre kva din personelege motivasjon for å vere med i redaksjonen var.

Legg igjen en kommentar