
Mange gongar i løpet av livet må ein ta fatt på kampen mot det tomme arket. Word-dokumentet som fyller skjermen og gjer snøblind eller den vesle ramma med kvitt innhald, som har potensialet til å bli eit blogginnlegg.
Nokre er betre krigarar enn andre.
Nokre ser på tomme ark som ei ny mulegheit. Mulegheita for å dra ut på eventyr, la fingrane springe over tastane, av garde på nye oppdagingar. Andre ser på opne oppgåver som høge fjell, kanskje umulege å komme til toppen av. Det vil i alle fall krevje pågangsmot, styrke og tålmod.
Det fysiske arbeidet i seg sjølv er svært enkelt. Tastane trykkast lett ned, og i same augeblink dukkar perfekt utforma bokstavar fram på skjermen. Om ingenting anna går (etter at du har forsøkt å finne premiss, lage tankekart, når du har diskutert og disposisjonert), er det her du må byrje. Den enkle, fysiske rørsla av å trykke ned tast etter tast. Plutseleg har du eitt ord, så kjem fleire. Det kan vere springbrettet du treng.
175 ord seinare kan du sjå på ein rar liten tekst om tomme, kvite ark og tenkje at neste gong bør du kanskje nytte mulegheita betre. For potensialet er uendeleg, og kanskje tør du stupe uti med heile deg ved neste høve.
