Kategorier
Ymse informasjon

Musikk som ingen vil ha

Samtidsmusikk, frijazz, støy. Dette er eksempler på musikksjangrer som gir utfordring for lyttaren og er både elska og hata.

Det er mykje rart der ute. I Bergen vert det arrangert året rundt konsertar og festivalar for det dei fleste ville kalle «spesiell musikk». No nyleg i vår vart Jazzfestivalen arrangert for første gong på Landmark. Denne festivalen hadde som utgangspunkt å vere ein slags prostest for dagens jazzmusikk. «Har jazzbegrepet blitt tømt for mening? Er dagens jazzmusikere mest opptatt av å konservere gamle stilretninger eller av å bli popstjerner?«. Dette er tatt ut i frå pressemeldinga som vart sendt til NyMusikk i forkant av festivalen.

Illustrasjonsbilete. Foto: Trygve Johan Andal Svarstad
Illustrasjonsbilete. Foto: Trygve Johan Andal Svarstad

Ordet «protest» er ofte eit ord som vert brukt i kontekstar som spesielt omhandlar støymusikk, frijazz og anna kunstmusikk. Heilt tilbake til tidleg 1900-talet var det komponistar i tradisjonelle form for klassisk musikk som var veldig opptatte av å vere opprørsk med sin musikk. Den italienske komponisten Luigi Russolo er eit eksempel på ein særdeles opprørsk komponist og er i dag ein viktig inspirasjonskjelde for eksperiementelle musikarar innanfor den såkalla frie musikken (improvisert musikk og støy).

Å gi lyttaren ei utfordring med musikk kan på mange måtar skildrast som ein musikalsk protestaksjon, fordi det bryter med vanlege forventingar mennesket har til musikk. Emosjonell velbehag er ein vanleg forklaring på ein god opplevelse av musikk. Dette kjem oftast ut gjennom til dømes rytme, melodi og harmoni. Men kva skjer når dette vert viska vekk frå musikken? Musikk utan rytme, melodi og harmoni?

Gjennom intervju med ulike personar med interesse for impro- og støymusikk i masteroppgåva The shape of rock to come: Ein analyse av det norske støymiljøet, kjem det fram at dei har den same emosjonelle reaksjonen på impro- og støymusikk som dei har til anna musikk, til dømes pop, rock og klassisk musikk. Forskjellen er at dei lyttar annleis til impro- og støymusikk enn til anna musikk. Dei legg vekt på andre musikalske nivå, som til dømes puls, farge, lyd og volum. Dei har også eit nokså reflektert syn på musikk og skildrar seg sjølve som opne til all slags musikk.

Ein rask konklusjon kan dras mot å forklare denne «spesielle musikken» ved å fokusere på korleis ein lyttar til musikken. Dei som liker denne musikken lyttar annleis til den, mens dei som hatar det lyttar på same måten som dei gjer til meir vanleg musikk.

 

 

Legg igjen en kommentar