Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Den heilage Åndsverklova

 

Du skal ikkje stele bilete åt nesten din.

 

Det vil nok ikkje kome som ei bombe på dei fleste at på nettet regjerer følgjande oppfatting: Er noko først publisert, er det å rekne for allemannseige. Dei verste syndarane er kanskje bloggarar, men dei fleste av oss som har nytta publiseringsverky på nett i ein eller anna samanheng, har mest sannsynleg brote Åndsverklova utan å vere klar over det. Tilstrekkeleg kunnskap om – eventuelt respekt for – kva denne lova seier, er nemleg manglande hos svært mange.

 

Økonomisk, ideellt og tidsmessig vern

Åndsverklova slår for det første fast at den som skapar eit åndsverk (eit litterært, kunstnarisk eller vitskapleg verk), til dømes eit fotografi, eig opphavsretten til det. Opphavsretten gjer det mogleg for den som eig verket eller arbeidet å ha kontroll med og kreve vederlag for bruken av det.

Når det gjeld biletebruk på nettet knytt til opphavsrett, er følgjande med heimel i lova viktig å ha kjennskap til:

  • Dei økonomiske rettane når det gjeld opphavsrett har såkalla vernetid. For eit fotografisk bilete er denne på 15 år etter utgangen av fotografens dødsår, men likevel minst 50 år frå utgangen av året biletet blei til. Dette er unntak frå den vanlege regelen om vernetid i 70 år etter utgangen av opphavspersonen sitt dødsår.
  • Dei ideelle rettane skal respekterast til evig tid. Her gjeld mellom anna namngjevingsretten.
  • Dersom opphavsmannen har gjeve si tillating til at eit verk kan publiserast på ein bestemt nettstad, impliserer ikkje dette at det kan kopierast og publiserast på andre nettstader. I slike tilfelle trengs ny tillating.

Kort sagt: Når du på eit nettsidebesøk kjem over eit symbol som består av den tredje bokstaven i alfabetet med ein ring rundt seg, så betyr det faktisk noko. Det som står til høgre for dette symbolet, informerar om kven som er eigaren, og at dersom du kopierar utan tillating, gjer du faktisk noko ulovleg som kan få følgjer.

 

Brot kan bli bot

Fotobyrået Scanpix har uttala at dei ein sjeldan gong får førespørsel om tillating til å bruke deira bilete, i forhold til dei mange døma på brot på opphavsretten dei sjølve kjem over. Fleire gongar har dei sett seg nøydde til å ta kontakt med den det gjeld og krevje at biletet blir fjerna, eller i ytste konsekvens økonomisk godtgjersle. Dette siste gjeld spesielt dersom den skuldige tenar pengar på bloggen.

Dersom du no føler det er over og ut for bloggen din, eller tanken på å måtte kontakte fotografen for kvart einaste bilete du vil bruke er kvelande, fortvil ikkje. Det fins råd.

 

Gode alternativ

Det er her til dømes Creative Commons kjem inn, som er eit alternativ til Copyright, og betyr at opphavspersonen har valt å gjere sitt åndsverk tilgjengeleg for offentlegheita vederlagsfritt. Vedkommande kan knyte ulike linsenselement til opp til sin CC-lisens, som fortel dei som vil bruke biletet kva for vilkår dei kan kopierast under. Det eksisterar fire ulike slik element:

Navngjeving (BY – attribution): Obligatorisk, jamfør Åndsverklova. Opphavspersonen  skal alltid krediterast

 

 

Inga bearbeiding (ND – no derivatives): Valfritt. Biletet kan berre spreiast og nyttast i uendra tilstand.

 


Ikkje-kommersiell (NC – non-commercial): Valfritt. Biletet skal ikkje nyttast i kommersiell samanheng  / gje økonomisk         vinning.
Del på same vilkår (SA  – share alike): Valfritt. Bearbeidingar av verket kan kun verte spreidd på same vilkår som det
opphavlege verket.

Kjem du over til dømes koden CC-BY-NC-ND i tilknytning til eit bilete på nett, tyder det at dette biletet har ein variant av Creative Commons-lisensane som inneber at du kan nytte biletet om du krediterer opphavsmannen, ikkje nyttar det i kommersiell samanheng, samt ikkje endrar det.

 

Nettstader med “lovlege” bilete er til dømes:

Flickr

Wikipedia Commons

Illustrasjonsbilete henta frå Creative Commons Norge

Ett svar til “Den heilage Åndsverklova”

Beklagar det som skjedde med oppsettet der. Får ikkje til å fikse det heller, då wordpress tydlegvis har eit elsk/hat-forhold til mellomrom.

Legg igjen en kommentar