Kategorier
Aktuelt: Allment

Engasjement for datajournalistikk

Mediebransjen står overfor store mulegheiter og utfordringar for å utvikle journalistikken digitalt. Knut Olav Åmås frå Fritt Ord seier at media snakkar ned seg sjølv, samstundes som kvalitetsjournalistikken blomstrar. Han er ein av mange føredragshaldarar på NODA-konferansen.

NODA, eller The Nordic Data Journalism Conference, finn i år stad i Ålesund, frå 30. – 31. januar. Det er ein konferanse om datajournalistikk, som samlar mange spanande føredragshaldarar som Tarjei Vassbotn frå Google og Francesca Panetti frå The Guardian.

Digitale aviser

Før det heile starta, hadde konferansen eit mål om å samle 200 detalkarar. På fredag, då bankettsalen blei opna for første føredrag, viste det seg at dobbelt så mange hadde meldt seg på. Den første føredragshaldaren var Aron Pilhofer, digital redaktør i The Guardian. Han snakka om korleis dei gjorde avisa digital. Pilhofer meinte det var viktig å bruke alle fargane på paletten: journalistar, fotografar, designarar og programmerar for å få levert det som alltid har vore viktig: «Great storytelling». The Guardian har gjort fleire prosjekt som viser korleis ein kan bruke digitale flater til å formidle historier, som i Guantánamo Diary og The Seven Digital Deadly Sins.

For å klare å skape slike historier, trengst mange ressursar og økonomi til å få det til. Det er storskala produksjonar, som kan ta halvår å lage ferdig. Eit døme på det er den interaktive dokumentaren om første verdskrigen. Sunnmørsposten, som er ein av arrangørane dette året, har  vist at det går an å tenkje nytt om digital formidling òg for mindre mediebedrifter, innanfor eit strammare budsjett. Dei har laga app om bybrannen i Ålesund og testa kva transportmiddel som fungerar best i rush-trafikken.

Unik kompetanse

NODA samlar mange som jobbar med media, frå programmerarar og forskarar til journalistar. Føredragshaldarane gir inntrykk av engasjement og pågangsmot: Mulegheitene finst. I føredraget som innleia konferansen, kom Pilhofer med følgande oppfordring: «Embracing media as only we can.» Journalistar, og andre mediaaktørar sit på ein unik kompetanse som kan nyttast til å formidle digitalt.

bilde 3
På NODA får føredragshaldarane ein sydvest i gåve. Slik blir det når konferansen er i Ålesund. Foto: Sunniva R. Berg

Lysten på å vite meir?

Arrangørane er flinke til å dokumentere konferansen. Det er både Live-blogg og ein «mindre live»-blogg. Dessutan har #Noda15 ligge på toppen av lista over hashtag i Twitter-Noreg og du finn òg hashtaggen på instagram.

Kategorier
Ymse informasjon

Kampen mot kvite, tomme ark

Kvinne skriver
Acc. 90-105 – Science Service, Records, 1920s-1970s, Smithsonian Institution Archives

Mange gongar i løpet av livet må ein ta fatt på kampen mot det tomme arket. Word-dokumentet som fyller skjermen og gjer snøblind eller den vesle ramma med kvitt innhald, som har potensialet til å bli eit blogginnlegg.

Nokre er betre krigarar enn andre.

Nokre ser på tomme ark som ei ny mulegheit. Mulegheita for å dra ut på eventyr, la fingrane springe over tastane, av garde på nye oppdagingar. Andre ser på opne oppgåver som høge fjell, kanskje umulege å komme til toppen av. Det vil i alle fall krevje pågangsmot, styrke og tålmod.

Det fysiske arbeidet i seg sjølv er svært enkelt. Tastane trykkast lett ned, og i same augeblink dukkar perfekt utforma bokstavar fram på skjermen. Om ingenting anna går (etter at du har forsøkt å finne premiss, lage tankekart, når du har diskutert og disposisjonert), er det her du må byrje. Den enkle, fysiske rørsla av å trykke ned tast etter tast. Plutseleg har du eitt ord, så kjem fleire. Det kan vere springbrettet du treng.

175 ord seinare kan du sjå på ein rar liten tekst om tomme, kvite ark og tenkje at neste gong bør du kanskje nytte mulegheita betre. For potensialet er uendeleg, og kanskje tør du stupe uti med heile deg ved neste høve.

Gutt stuper
Kingscote Kids av Stephen Mitchell CC BY-NC-ND