Kassadama sin kvardag

Kjære kassadame; god morgon, nei takk til pose, ja takk til kvittering, ha ein fin dag og alt slikt.

Tenkjer du over at du kan påverke kassadama sin kvardag med å gje ho eit enkelt smil og takke ho når ho seier deg beløpet du skal betale eller tilbyr deg ein pose?

Eg blir ikkje fort sint, men eg blir irritert ganske så ofte. Og det som regel når eg er på Rema 1000. Det er ikkje fordi det er irriterande lite plass i frukt og grønt avdelinga eller rundt om i butikken generelt. Det er heller ikkje fordi dagens tilbod på fersk laks er utseld. Eg vert irritert fordi så mange kundar ikkje kan oppføre seg skikkeleg! Gjentekne gongar ser og høyrer eg andre kundar som verken helser på kassadama eller seier nei takk til pose eller ja takk til kvittering. Alt for mange trykkar på telefonen,  isolerer all lyd med musikken dei har i øyra, og viser lite respekt til arbeidarane som sørgjer for at du får kjøpe den maten du vil ha.  Har me vorte til eit samfunn der me gjer ein grei f i  medmenneska rundt oss og verken kan helse eller smile fint på kvarandre sjølv om me ikkje deler same venekrets?

Eg bestemte meg for å intervjue ein rema1000-tilsett for å finne ut om dei tilsette delar mine tankar – eller om det er eg som begynnar å oppføre meg som ei eldre bestemor som klagar over dagens røyndom. Eg utførte eit uformelt intervju med Helena Aarsand, som har arbeida deltid ved fleire av dei mange Rema1000-butikkane i Bergen og omegn dei siste 2 åra.

– Sjølvsagt påverkar det min kvardag om det i løpet av eit 7 timars-skift er 200 kundar som ignorer meg og berre to som smiler og svarar meg. Eg har lært meg å hugse dei som smilar og ikkje tenke på dei som ser på meg som ein automat, men det var ikkje like enkelt i byrjinga, seier Helena.

Har du noko tankar om kva som er ein god kunde?-  Ein god kunde er ein som ser meg inn i auga og responderer til meg. Det tek den tida tek å pipe inn varene, det er ikkje noko eg kan endre særleg mykje ved. Me er i eit rolleforhold der eg er kassadame og han er kunden, eg krev ikkje stort meir enn eit smil, eit takk og eit «ha det bra» for at eg skal ha hatt ein god kundeoppleving. Det handlar litt om det å sjå at eg er eit menneske eg også, ikkje berre ei kassadame, sjølv om det er den rolla eg inntek mange timar i løpet av veka.

Kven er dei beste kundane? Dei eldre, yngre, studentar, business?  – Det varierar, verken eldre eller yngre er meir høflege. Det finst ikkje noko generell stereotypisering av dette.

Føler du at kunden sin oppførsel påverkar din arbeidsdag? Ja, absolutt. Det er utruleg kva eit takk og eit smil kan gjere, det er også grusomt kva blikk og dårleg oppførsel gjer ein. Men som regel kjem det nokre smilande personar, og då gløymer ein dei andre.

Bryr du deg om ein kunde er høfleg eller ikkje? Ja, som sagt. Det er jo jobben min, og eg prøvar å vera høfleg, men det kan bli utfordrande med kranglete kundar.

Føler du at du vert sett av kunden? Av nokre, men ikkje av dei fleste.

Har du nokre råd til korleis ein som kunde bør oppføre seg? Det viktigaste er at ein viser omsyn til kvarandre, både til andre kundar og til dei som arbeider i butikken, men det gjeld vel også sånn generelt i kvardagen.

OK, så kanskje eg tenker litt som ei sutrande bestemor, men basert på Helena sine svar, vil eg hevde at det likevel ligg noko i frustrasjonen min: – Det du kan gjere er å tenkje deg at det var du som sat i kassa og korleis du ville at kundane skulle behandle deg. Då smiler du kanskje oftare og seier takk ein ekstra gong, avsluttar Helena.

Målmennesket Miljeteig

Oddny Miljeteig er kanskje mest kjend som SV-politikar i Bergen.  Ho er ei engasjert dame som meiner mykje om mykje, og ho er ikkje redd for å snakke høgt når det gjeld. Eit tema som ho er lidenskapeleg oppteken av er språk og språklege minioritetar. Miljeteig brenn for at folk skal få lov til å uttrykkje seg på sitt eige språk, og i hjartet hennar har nynorsken ein heilt spesiell plass.

 

Foto: Marte Pupe Støyva
Oddny Miljeteig (Foto: Marte Pupe Støyva)

På spørsmål om kvifor akkurat nynorsk er så viktig for henne, svarar Miljeteig at ho har vore veldig heldig.

-Eg er oppvaksen med ei særeigen dialekt, og eg er oppvaksen med å skrive på nynorsk.

Miljeteig er oppteken av at språk er ein stor del av identiteten til folk.

-Om ein ikkje aksepterer språket til ein person, så aksepterer ein heller ikkje personen.

Sidemålskampen

Dei siste to åra har Miljeteig blitt kjend som supervervar for Noregs Mållag. Etter at Kristin Halvorsen, dåverande leiar i SV, gjekk i mot store delar av sitt eige parti i sidemålsaka i februar 2012, har Miljeteig kjempa nynorsken sin kamp. Ho seier sjølv at ho gjekk i svart den dagen. Etter dette har ho gjort det utrulege kunststykket å verve nesten 400 menneske til Noregs mållag. Oddny fortel villig om korleis vervearbeidet hennar byrja.

-Det var ein spesiell situasjon for sånne folk som meg i SV. Vi var jo så rasande.

Ho ser på forslaget om valfritt sidemål som eit angrep på nynorsken. Slike forslag er berre dårleg skjulte åttak på nynorsken, hevdar den engasjerte politikaren.

-Alle visste kor sint eg var, seier ho og ler. Ho byrja vervinga som ein reaksjon på det som føregjekk i SV.

-Plutseleg var det 20 heilt av seg sjølv, og så ringde VG.

 

Supervervar

VG ringde bergenspolitikaren i håp om å få eit karakterdrap på Kristin Halvorsen, fortel Miljeteige.

-men eg var meir oppteken av å fortelje om at eg var i gang med å verve folk til Noregs Mållag, smiler ho. Journalisten utfordra henne til å verve 100 personar, og Miljeteig vart trigga. Ho tok telefonen sin og såg gjennom kontaktlista si. Så byrja ho å sende ut meldingar.

-Då skjedde ting veldig fort. Det vart liksom ustoppeleg.

Miljeteig nytta alle kanalar ho hadde. Etter at telefonlista var gjennomgått, tok ho Facebook i bruk, og dette vart ein stor suksess. Ho seier sjølv at ho ikkje hadde hatt sjanse til å verve så mange utan sosiale media. Miljeteig starta ein Facebook-kampanje utan like.

-Nokre ting som eg skreiv var heilt spinnvilt. Eg helsa til folk i frå Ivar Aasen. Det vart mykje oppstyr.

For Miljeteig var det viktig å bruke mykje humor, trass i at bodskapen var alvorleg. Ho smiler og ler når ho fortel om vervinga, men utgangspunktet var alt anna enn morosamt. Det at folk lot seg verve så lett var eit resultat av den usikre politiske situasjonen i landet, fortel ho. Plutseleg følte folk seg som ein del av nynorsken som språk i Noreg.

-Det viste seg at nynorsken sin eksistens sit ganske djupt i folk. Folk kom ut av skapet dei ikkje visste dei hadde vore i.

Hovudpoenget til Miljeteig er enkelt og greit:

-Det er eit språkpolitisk standpunkt, ikkje ein rettskrivingskonkurranse!

Hennar kjærleik til språket sitt har ført til at ho i dag har verva nesten 400 medlem til mållaget, og fleire skal det bli. Ho treng berre litt meir tid på seg.

-Eg er overtydd om at det går tusenvis av menneske rundt som ikkje har blitt spurt om dei vil vere medlem i Noregs Mållag, som hadde sagt ja.

Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Romeo er i eit forhold med Julie – Sosiale media og moderne litteratur

Korleis taklar moderne litteratur sosiale media? Har Facebook tatt over for romantikken? Er den einaste løysinga å flykte frå det moderne samfunnet og søke ly innerst i ein Vestlandsfjord der ingen kjenner deg att?

Bilete: Samlaget 2013
Bilete: Samlaget 2013

I Agnes Ravatn sin roman Fugletribunalet som kom ut i 2013, gjer hovudpersonen nettopp dette. Allis er ein NRK-kjendis som blir innblanda i ei sexskandale på jobben. Ho vel å stikke av frå alt saman. Ho prøver å byrje på nytt som hushjelp og gartnar for ein ukjend person så langt unna resten av samfunnet som ho kan komme. Denne personen viser seg å vere Sigurd Bagge – ein svært inneslutta og mystisk mann. Romanen utviklar seg etterkvart til ei slags kjærleikshistorie der to einsame menneske lever saman langt unna det moderne livet.

Kjærleik er som alltid eit svært aktuelt tema i litteraturen. Det har blitt omtalt på alle mogelege måtar i alle sjangrar, og folk får aldri nok av historiene om kjærleik. Men kva skjer med kjærleikshistoriene i vår tid, når sosiale media i realiteten har tatt over? Går det an å skildre ei moderne kjærleikshistorie når sosiale media spelar ei sentral rolle i kvardagslivet til folk flest?

Det er jo ikkje til å unngå at sosiale media har blitt avgjerande for kjærleikslivet til mange i Noreg i dag. I jakta på den rette har det blitt ein del av prosessen å ”stalke” nokon på Facebook, vurdere kvarandre sine profilar, google personar ein er interessert i, følje dei på Twitter, sende snapchatbilete til kvarandre og så vidare. For ikkje å snakke om datingnettstader og datingappar, som blir tatt i bruk av fleire og fleire. Dette er realiteten, men det er kanskje ikkje særleg romantisk. Ny, moderne litteratur har i alle fall ikkje inkludert sosiale media i sine skildringar av det moderne livet. Det blir skrive om kjærleik, men litteraturen gjenspeglar ikkje kvardagen.

I Fugletribunalet rømmer hovudpersonen frå alt dette, og løyser dermed problemstillinga på ein enkel måte. Forfattaren av boka har sjølv uttalt seg kritisk til sosiale media, og ho har valt å slette sin Facebook-konto. Ravatn skriv i ein artikkel for Dagbladet: Eg kjenner knapt éin person i min eigen generasjon som ikkje lever i eit ulykkeleg ekteskap med internett (Ravatn:2012). Ho er med andre ord ikkje særleg begeistra for sosiale media, noko Fugletribunalet gjenspeglar.

Denne romanen er eit godt døme på ny, norsk litteratur som har blitt godt mottatt av publikum. Historia er satt til notida, og kjærleik er definitivt eit tema i boka. Likevel er sosiale media ikkje til stades i romanen i det heile, og dette er ein tendens som går att i påfallande mykje norsk litteratur. Vi held fram med å skrive om kjærleik, forhold og samliv, men sosiale media er stort sett ikkje-eksisterande i skjønnlitteraturen. Det er vanskeleg å avgjere om dette skuldast at sosiale media er så nytt at litteraturen ikkje er klar for det endå, eller om det moderne mennesket rett og slett mista romantikken ein stad på vegen. Når kommunikasjon skjer på Facebook i staden for i (kjærleiks)brev, har kanskje den store kjærleikshistoria blitt umogeleg. Med mindre ein gøymer seg i eit lite hus innerst i ein Vestlandsfjord.

Ravatn, A. Fugletribunalet 2013 Samlaget, Oslo.

Ravatn, A. (2012) Vi lever i et ulykkelig ekteskap med internett [Internett] Henta frå: <http://www.dagbladet.no/2012/11/09/kultur/debatt/kommentar/ideer/selvhjelp/24285772/> Lasta ned 24.02.14

Samlaget Fugletribunalet [Internett] <http://samlaget.no/nn-no/skjonnlitteratur/romanar-og-noveller/romanar/fugletribunalet/innbunden.aspx> [26.02.14]

Kategorier
Ymse informasjon

LESEMÅL 2014

8314929977_28fd740070
CC BY Abee5

Det høyrest kanskje litt sært ut, men det å sette opp lesemål for 2014 har blitt ei populær greie for lesehestar. Det er særleg bokbloggarar som har kasta seg på trenden. Dei lagar lister og planar med litterære utfordringar til seg sjølve, og nytt år betyr nye moglegheiter. Der andre har som mål å bli bedre til å lage mat eller å lære seg å sy, har desse boknerdane planar om å lese «hundre bøker», «x antal debutantar» eller «norske noveller». Det er lett å ta seg litt vatn over hovudet i byrjinga av året, for det er mykje som fristar der ute.Det finnst sjølvsagt eigne nettstader der ein kan oppdatere vennane sine om kor langt ein har komt i kvar utfordring, og sjå korleis dei andre ligg an. Goodreads.com er klassikaren, og bokelskere.no har slåttt an i Noreg. Populære kategoriar er til dømes «My English Challenge» og «Back to the Classics 2014», eller kva med å «Lese to mursteinar» og delta i eit lesemaraton?

Alt dette er sikkert vel og bra, men ein kan bli megastressa av mindre. Det er vel få ting som er verre enn kjensla av å tvinge seg sjølv til å lese noko ein eigentleg ikkje er så interessert i, berre for å kunne styke det av lista i tide. I år har eg for første gong tenkt å ha eit lesemål. Men i motsetnad til bloggaren som har tenkt å lese 400 bøker i 2014, gjer eg det litt enklare. Eg vil rett og slett prøve å lese meir av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Det bør vel gå?