Forhåpentlegvis vil dei fleste velje det første alternativet. Særskrivingsfeil er i vinden for tida, og stadig fleire oppretter grupper for å motkjempe denne type skrivefeil på sosiale medier. Samansette substantiv skil seg ut med høgst særskrivingsfrekvens. Det kan ha samanheng med ordlengde, i og med at samansetjingane det dreiar seg om, er relativt lange.
Kvifor skal vi bry oss? Årsaken til at særskrivingsfeil har fått stor merksemd kan vere at tydinga vert ei heilt anna dersom ein deler ordet i to. Flyten i språket stoggar opp. Det kan vere vanskeleg å forstå kva avsendaren meinar.
Påverka av engelsk? Det har vore vanleg å hevde at engelske skrivenormer har vore med på å påverke særskrivingsfeil. Men i det siste åra har forskingsresultat vist at barn byrjar å dele ord før ein har lært å skrive engelsk.
Humor som reiskap. For ei vekes tid sidan valde komikaren André Ulveseter å bruke humor for å motkjempe skrivefeil. Han oppretta Facebook-gruppa «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», der han legg ut bilete som syner konsekvensane av å skrive ord som ”lammelår” og ”hostesaft” i to ord. På over ei veke har han fått 100 000 tomlar opp. Dette ser ut til å vere ein effektiv og morosam måte å motarbeide skrivefeil på.
– Kommunikasjon er nøkkelen til fredfull samhandling. Mange konfliktar startar med språkleg miskommunikasjon, seier Line Weggeberg (24), flyktningguide ved Bergen Røde Kors.
Tekst: Maija Egge
Line Weggeberg har ein bachelor i språk- og interkulturell kommunikasjon, dette vårsemesteret fullfører ho sin andre bachelor i samanliknande politikk. Ho fortel om sine erfaringar med kommunikasjon gjennom jobben som flyktningguide.
Foto: Ian Barkovitch
Hjelp til integrering
Som flyktningguide vert ein sett saman i ei kopling med ein flyktning, anten einsleg, eller ein familie. Dette tilbodet gjev Bergen Røde Kors til dei som er ferdige med eit eittårig introduksjonskurs.
– Det går ut på å hjelpe dei med det dei treng. Alt frå sosiale til praktiske ting, som til dømes å finne ein plass å bu, eller få råd til kvar ein kan handle mat til ein rimelig pris, fortel Line.
– Kommunikasjon betyr alt
I jobben som flyktningguide er kommunikasjon viktig.
– Ofte er det å prate med nokon det einaste flyktningane ønskjer. Mange kjenner seg åleine, andre vil få øve seg på norsken, seier Weggeberg.
For tida er det mange flyktningar frå Eritrea, desse dannar eit eige nettverk i Noreg, ulempa kan då vere at ein ikkje omgås nordmenn. Mange søkjer flyktningguide slik at dei kan lære om norsk språk og kultur. Men Line fortel at det likevel fort kan oppstå misforståingar.
– Miskommunikasjon i jobben som flyktningguide blir det verbalt sett. Då er det minst like viktig å nytte seg av non-verbal kommunikasjon. Ver hyggelig, open, aksepterande og respekterande, oppmodar ho.
«Same, same – but different»
– Når ein skal kommunisere på tvers av kulturar er det viktig å tenkje over at det eksisterer sosiale konvensjonar på det reint språklege. Til dømes er det i enkelte kulturar vanleg å sei ja når dei eigentleg meiner nei, fordi dei ønskjer å vere høflege. Sjølv om ein brukar dei same orda, kan desse ha heilt forskjellige tydingar, fortel Weggeberg.
Ho har tidlegare jobba på ein barneheim i Kenya. Då fekk ho sjølv erfare korleis det var å bu i eit land der kulturen var svært forskjellig frå den norske.
– Sjølv om dei snakka godt engelsk, og eg lærde meg swahili, skjedde det stadig misforståingar. Vi brukar dei same orda, men meiningane som ligg bak er forskjellige. Til dømes fekk vi beskjed om å møte klokka ti, men måtte ofte vente til klokka var tolv før resten møtte opp. Det var ei konstant misforståing fordi det var eit heilt flytande omgrep, fortel ho.
Å møtast på midten
Line prøvde å løyse det heile med å forklare at dei nok ikkje hadde same oppfatning av tid.
– Dei ler av det, fordi dei veit at dei er håplause når det kjem til tid. Men då brukar dei unnskyldningar som: Jammen vi måtte jo mjølke kyrne først!
Ho forklarar at ein kjem ganske langt med å vise interesse for korleis andre brukar språket. Ein kan unngå mange feiltakingar om ein setter seg inn i andre sine situasjonar og kulturar.
– Ver nysgjerrig! Ikkje ver redd for å spørje og grave for å finne ut av språklege skilnadar. Finn ut korleis dei uttrykker seg, og kva dei eigentleg meiner, seier ho ivrig.
Høglydt snakking ikkje noko for nordmenn?
Line skildrar kulturforskjellar med å fortelje om ein flyktning frå Somalia som har busett seg i Noreg. Han merka sjølv at måten ein snakka på her var særs annleis enn i heimlandet sitt.
– Han fortalte at han måtte jobbe med å dempe seg når han prata. Muslimar er gjerne meir høglydte, og dei kan av nordmenn bli oppfatta som sure når dei snakkar. Etter å ha budd her nokre år, høyrde andre muslimar prate høgt seg imellom. Då tenkte han: Åneei, du kan ikkje prate på denne måten i Noreg, du må roe deg!, flirer Line.
– Men dei har jo vakse opp med å snakke på denne måten. Derfor er det viktig å ha respekt og aksept for at ting er forskjellige. Har ein ikkje det, kan det føre til framandfrykt og generaliseringar, føyer ho til.
Interkulturell kommunikasjon er viktig uansett jobb
Kunnskap om kommunikasjon på tvers av kulturar er ikkje berre viktig i jobben som flyktningguide.
– Eg trur det er viktig i dei fleste samanhengar. Det skjer stadig at folk viser mangel for forståing, og meiner andre bør tilpasse seg slik vi er i Noreg. Dette ser ein igjen i dei fleste instansar i samfunnet. Om alle går rundt og dømmer kvarandre vert det eit fiendtleg samfunn. Kommunikasjon er nøkkelen til fredfull samhandling, seier Line.
– Ver tydeleg
– Det beste er å seie frå når ein misforstår kvarandre. Ein må prøve å finne ut av kvar det gjekk feil, og vidare møte kvarandre på midten.
Til slutt gjev den engasjerte flyktningguiden gode råd når det gjeld interkulturell kommunikasjon:
– Ikkje anta. Bruk heller litt energi på å tenkje over at denne personen kjem frå ei heilt anna verd der ting er annleis. Finn ut kvar kommunikasjonen gjekk gale, lær deg å le av det, og tenk at vår måte å gjer ting på ikkje alltid er den beste. Det kan vere at du lærer noko av dei også, fortel Line.
Aller helst vil eg skrive om noko som eg er lidenskapleg opptatt av. Noko som framstiller meg som ein positiv person. Men det motsette gjer seg gjeldane, og eg kjem muligens til å framstille meg sjølv som ei negativ sutrehøne. Eg mislikar å stå på ski. Faktisk vil eg gå so langt å innrømme at eg har eit sterkt hatforhold til det. Frå eg var liten har vennar og familie prøvd å lokke meg med i skiløypa. Dei synest det er moro og stakar i veg med friskt mot. Eg kryssar skia og dett, sjølv om eg står på flat bakke. Heldigvis er vinteren snart over. Vår og snøfritt fjell, her kjem eg.