Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Internkommunikasjon på arbeidsplassen

Internkommunikasjon på arbeidsplassen kan vere ei utfordring. Korleis er det da når arbeidsplassen er tospråkleg?

 

Signo Konows senter er eit butilbod til døve og døvblinde i Bergen, og er ein del av Signo som har ni ulike virksomheiter i Noreg. Med 140 døve ansatte er dette Norges største arbeidsplass for døve. På Signo Konows senter i Bergen er det 85 ansatte og av dei har 20% av dei ansatte teiknspråk som førstespråk.

 

Signo tyder «eg teiknar». I magasinet deira MagaSigno står det forklart at «å verne om menneskeverd er en stor utfordring, og det starter med kommunikasjon». Internkommunikasjon handlar om informasjonsflyt og kommunikasjon mellom leiarar og medarbeidarar, og kommunikasjon mellom enkeltpersonar. Signo Konows senter har eit eige intranett over heile Noreg, og i tillegg har senteret i Bergen eit internt intranett. Her har alle ansatte ei eiga side og månedsbreva er både i tekstutgåva og oversatt til teiknspråk av tolk, og lagt ut på nettsida som video. Teiknspråk har ikkje eit eige skriftsspråk, og derfor må språket festes til ein video via ein språkmodell for å ta vare på teksten.

 

Gøril (35) og Linnea (22) er to av dei ansatte ved sjukeheimen ved Signo Konows senter i Bergen. I tillegg til å vere kollegaer, underviser Gøril i teiknespråk og Linnea er elev. For Gøril tyder Signo ein moglegheit til fast arbeid, og ho har vore tilsett der i tre og eit halvt år. Døve har ikkje like mange alternativ som høyrande når det kjem til val av yrke. Derfor meiner Gøril at det er viktig at folk som er døve er flinke til å sjå etter moglegheiter. Mange døve jobbar i skule, barnehage eller sjukeheim. Gøril er opprinnleg frå Bergen, men budde ei periode i Stavanger. Der jobba ho som einaste døve på ein omsorgsbolig der folk kunne lite teiknspråk. Ho fungerte da som lærar, sjølv om ho er ufaglært. Ein gong i veka underviste ho dei ansatte i teiknspråk. Dette gjorde at dei døve beboarane kjente seg mykje tryggare, sidan dei no kunne forstå og bli forstått.

Foto: Gjertrud Skarsvåg«Det kjennes ut som ein kamp å vere den einaste som er døv på ein arbeidsplass, der ein må få andre til å forstå at ein kan klare jobben sin sjølv om ein er døv. Ein treng jo berre fleire hjelpemiddel», seier Gøril. Ho smiler før ho igjen får eit seriøst blikk. «Det er ingen god oppleving å bli oversett sjølv om du har noko å bidra med», forklarar ho. Samstundes meiner Gøril at døve bør vere forbredt på at høyrande kan ha fordommer og heller prøve å snu situasjonen til noko positiv. Da er det lurt å bruke mykje kroppsspråk og vere visuelle. Det er fleire, både ansatte og beboarar, som ikkje er vant til å kommunisere utan tale, men i følgje Gøril går dette seg til etter kvar. «Og Signo har fast tolk på huset», legg ho til.

Gøril samanliknar det å vere einaste døve på arbeidsplassen med ei klasse der kun to er døve. Desse to blir da heilt avhengige av kvarandre. «Når ein ikkje forstår kvarandre blir det vanskeleg å kommunisere, dette seier jo seg sjølv», seier ho alvorleg. Og nettopp derfor er Konow Senter avhengig av at også høyrande lærar seg teiknspråk. Det var ein lettelse for Gøril å kome til Konows senter, etter å ha budd ni år i Stavanger. På Signo er det tilgang til informasjon og hjelpemiddel som til dømes 149-teksttelefon. Dermed vart Gøril sin kompetanse satt pris på. «Det var godt å kome tilbake til Bergen. Her er mange av kampene allereie vunne», seier bergensaren med eit smil. Ho skryt av døvemiljøet i heimbyen, som er større med fleire moglegheiter. Sidan dei store byane byr på fleire moglegheiter, er det mange døve som velgjer å busetje seg her.

 

Ho meiner at to som er døve vil kunne føre ein samtale raskare enn to høyrande, men at ein døv og ein høyrande også vil kunne kommunisere effektivt, så lenge begge er innstilt på å forstå kvarandre. Kommunikasjon mellom døve og høyrande er ei stor utfordring. Og da er den døve avhengig av at den høyrande er innstilt på å lære teiknspråk. «Sjølv om ein kjem langt med god innsats», skunder Gøril å legge til. Ein må nemleg tørre å kaste seg sjølv i det, og prøve seg fram. For å betre kommunikasjonen på arbeidsplassen bør ein bli kjent med kvarandre sin bakgrunn, kultur og miljø. Gøril oppfordrar derfor døve og høyrande til å våge å sitte meir saman i sosiale lag.

 

For eit halvt år sidan hadde arbeidsplassen hennar eit foredrag om kommunikasjon der bodskapen var at god kommunikasjon på arbeidsplassen er viktig. Gøril meiner at det var mange som fekk opp augo i løpet av dette foredraget. «Vi jobber faktisk på ein sjukeheim for hørselshemma, og da er det avgjerande at kommunikasjonen fungerer», seier Gøril engasjert. Ho fortel vidare at ei kvinne i løpet av foredraget uttrykte at dersom ein ikkje hadde lært teiknspråk i løpet av to år i arbeid på Signo Konows senter, burde ein få sparken. Gøril syns det er bra at haldningane kjem så klart fram. «Ein må lære teiknspråk for å arbeide på ein sjukeheim for hørselshemma. Så enkelt er det», seier ho og nikker.

 

Det er opp til arbeidsplassen å legge til rette for at ansatte får moglegheit til å lære teiknspråk. På Signo Konows senter skal nye tilsette få tilbod om å byrje å lære teiknspråk to veker før dei tek til i jobben. «Det er viktig at dei kjenner seg trygge når dei kommuniserer», meiner ho. Det første dei lærer er grunnleggande teikn og alfabetet. Dette kan ein, i følgje Gøril, kome langt med. «Det er kjekt når folk viser interesse, og da blir læreprossesen enklare og det blir kjekt!».

 

Foto: Gjertrud SkarsvågLinnea Sund Stråbø (22) var ferdigutdanna sjukepleiar til sommaren, og på utkikk etter jobb. Da ho såg stillingsannonsa til Signo Konows senteret, syns ho det verka spanande med ei ekstra utfordring. «Eg har lenge hatt lyst å lære teiknspråk, og no fekk eg moglegheita», seier ho. Samstundes syns ho at det var skummelt, spesielt i byrjinga da ho følte at ho ikkje forsto noko. Men etter kvart gjekk det seg til. «Ein må oppleve det for å skjønne det», forklarar Linnea. «Det som er framand er jo uforståeleg, men etter kvart som det blir kjent blir det gjerne meir forståeleg».

 

Ho bruker mykje kroppsspråk når ho snakkar, og innrømmer gjerne at dette er noko ho har lagt til seg etter at ho byrja i jobben. Etter at ho byrja å lære teiknspråk har ho forstått at teiknespråk ikkje berre er teikn, men at det er mykje kroppsspråk og utrykk. «Og det er veldig visuelt!», seier Linnea engasjert. «Det er viktig å lære seg teikna, men ein kjem også langt ved å vere kreativ dersom ein ikkje kan teikna som ein ønskjer å uttrykke», forklarar Linnea medan ho aktivt bruker hendene når ho snakker.  

 

Frå dødsangst til «støv på hjernen»

-Ein samtale med Anemari Neple

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anemari Neple (32) – stipendiat ved Institutt for

lingvistiske, litterære og estetiske studier, ved UiB.

 

På eit kontor i HF-bygget sit Anemari Neple med beina i kryss og smiler. Eg kjem inn døra ti minutt seinare enn avtalt og forklarer at eg gjekk meg bort. Neple er rask med å samanlikne HF-bygget med den kafkanske labyrinten. Vi ler før intervjuet tek til.

 

For eit år sidan, våren 2011, foreleste Neple om Tor Ulven, i seminaret «Eksistens, erkjennelse og estetikk i Tor Ulvens forfatterskap». Det var ingen som da reagerte på at ho skulle forelese i eit slik seminar. Tor Ulven er jo hennar område, hennar spesialitet. Dette semesteret foreles ho i seminaret «Husmorparadokset». Da ho fortalte folk om det nye seminaret var det mange som meinte at overgangen her var stor. Ifølgje Neple er den mindre enn ein skulle tru.

 

-Det er ikkje tilfeldig kva som fenger deg. Da eg las Ulven gjenkjente eg noko, og eg hadde same oppleving da eg las om husmorsfenomenet.

Likevel møtte ho mange reaksjonar.

-Alle var overraska og alle sa det same: Dette er langt frå Ulven. Det var tilløp til skvetting!

 

Språket definerer

Det Tor Ulven og «Husmorsparadokset» har til felles er, i følgje Neple, at begge kan studerast i eit beslekta teoretisk perspektiv. Ho er oppteken av poststrukturalistisk teori, og dette er ein teoretisk bakgrunn for å forstå både Ulven og «Husmorparadokset». Ein bør altså i begge tilfella ha kjennskap til teoretikarar som Focault og Deleuze. Det å undersøke språket ligg til grunn, kva slags verknad språket har og det som ligg utanfor språket. Ulven nytta språket bevisst, medan husmødrene var omgitt av mykje språk, utan å nødvendigvis vere klar over det.

 

-Språket er med å avgjere korleis vi definerer oss, noko som kjem tydeleg fram i begge seminara, forklarer Neple.

Ho bestemte seg raskt for at Ulven passa inn i undervisningssamanheng, medan det gjekk fleire år før ho fekk ideen «Husmorparadokset». Neple innrømmer at ho ikkje hadde tort å forelese i «Husmorsparadokset» først. Det måtte byrje med Ulven, og deretter kunne ho ta til med husmorsfenomenet.

 

Tidsand

Da «Husmorparadokset» skulle lanseres offentleg som seminar, vart Neple overraska over den positive tilbakemeldinga. På forhand hadde ho tenkt å bestille 10 kompendium, men bestemte seg for å vere  optimistisk, og bestilte derfor 15. Det viste seg at det var 25 påmeldte studentar i «Husmorparadokset». Når ein samanliknar det med dei 13 påmeldte i Ulven, kan det verke som seminaret om Tor Ulven er Neple sitt smale seminar. Dette er ho ikkje einig i.

 

-Nei, for meg er det «Husmorsparadokset» som er det smale. Det er ei større utfording å gjere det relevant.

Sjølv meiner ho at ho har vore heldig med «timinga» av seminaret.

-Husmorsfenomenet er meir framme i offentlegheita no enn da eg byrja å interessere meg for det.

No svarar det altså til ei tidsand, Neple tar ei pause, før ho skundar seg å legge til:

-På lang sikt er faktisk Ulven meir aktuell, medan «Husmorsparadokset» er meir ein reaksjon i tida. Ulven representerer tema som «Døden» og «forgjengelegheit», og dette er jo tema som samfunnet ønskjer å tone ned. Slik sett kan ein vel seie at husmorsfenomenet er meir salbart. Husmorsfenomenet er ikkje til stades i akademia, men i media. Det er omvendt med Ulven. Det er snakk om ulik type tilstadevering.

 

Spelar på 50-tals estetikken

Neple synest det er interessant at husmorsfenomenet er i medieoffentlegheita no. Ho understreker at husmorsomgrepet no ikkje er det same som på 50-talet.

-Omgrepa er i rørsle. Husmorsomgrepet blir omkoda, seier Neple engasjert.

Ho forklarar at ein gjenoppliver 50-talet sin estetikk, utan å nødvendigvis gjenopplive kjønnsrollemønsteret.

-Vi ser ein tendens til at klassiske 50-tals positurer i dag kan representere noko anna enn det gjorde på 50-talet. Husmorbloggaren er ikkje nødvendigvis heimeverande, men kan like gjerne vere ei ung yrkeskvinne.

 

Neple bruker Clara Lidström som døme. Lindström sin blogg www.underbaraclaras.com, er ein av Sveriges mest leste bloggar og ho forsørgar familien med den.

-At ei ung kvinne i dag isenesetter seg sjølv i ei klassisk husmor-kontekst, betyr ikkje at ho kun blir definert som hustru og mor, noko som i langt større grad var tilfelle i etterkrigstida. Altså: Dei visuelle elementa liknar kvarandre, men dei representerer ikkje nødvendigvis det same, noko som absolutt er teoretisk interessant.

Medan Neple forklarar dette, bruker ho mykje kroppsspråk.

 

Ope forum

I seminara ønskjer Neple å skape eit miljø der det er rom for kommunikasjon, eit forum der det er trygt å ta ordet. Neple viser til at seminara hennar liknar på kvarandre, men har ulikt materiale. Dei som har valt «Husmorsparadokset» har ein meir variert fagleg bakgrunn enn dei som valte å ta seminaret om Tor Ulven. Dette skaper større utfordring til formidling, sidan det er større variasjon i kva studentane kan frå før. Likevel går praten lausare i «Husmorsparadokset», og dette meiner Neple skuldes både at ho har meir erfaring som forelesar, og at det er enklare å få assosiasjonar til husmorsfenomenet, sidan det er i offentlegheita.

-Og alle kjenner nokon som er i berøring med husmoromgrep. Kanskje du har besteforeldre som var husmødre, seier Neple spørjande.

 

Ulven eller husmora?

Siste spørsmål Neple må svare på for denne gong, er kven ho helst ville tatt med seg på ein tur til Fløyen. Tor Ulven eller ei vaskeekte husmor frå 50-talet? Neple byrjar å le, men så blir ho brått alvorleg. «Begge hadde jo trengt gåturen», seier ho grublande, før ho konkluderer med at ho nesten må velje Ulven. «Sjølv om han hadde sterk sosial angst og han hadde avlyst i siste liten. Likevel må eg velje Ulven», innrømmer ho.

Kategorier
Aktuelt: Allment

Opningsmøte!

I kveld klokka 18.30 har du moglegheit til å møte Hans-Wilhelm Steinfeld og Frank Aarebrot. I tillegg kan du få høyre Bergen Filharmoniske Orkester sin versjon av Skjebnesymfonien. Alt dette skjer i Grieghallen. Det er nemleg Studentersamfunnet sitt opningsmøte og temaet er Putins Russland. Kjenner du deg lite oppdatert når det kjem til presidentvalet i Russland, så er dette noko for deg. Dersom du er oppdatert på valet, er dette også noko for deg. Steinfeld, som for tida er korrespondent i Moskva, er komen til Bergen for å samtale med vår kjære, statsviter og valgforsker, Frank Aarebrot. I følgje facebook skal 443 delta, og dersom alle i praktinf møter opp, blir vi godt over 450. 

Vel møtt!

Foto: Mark Rain