
Medan hausten kjem og lauvet fell, kjem det som for mange er eit høgdepunkt: nemleg årets IKEA-katalog.
Ein papirkatalog kan fort bli synonymt med ein telefonkatalog: ein trist, tung og avleggs sak som kun særingar nyttar. Men der stort sett alle dreiar mot digitale løysingar går IKEA mot straumen ved at deira framste ess i marknadsføringsermet er nettopp ein papirkatalog. Fungerer det i 2014?
Populær
Og den årlege IKEA-katalogen er populær: tala for 2013 syner at den blei trykt i 208 millionar eksemplar på verdsbasis. Med det er den mellom dei største trykksaks-prosjekta i verda. Det er alltid ei viss spenning rundt den årlege lanseringa av katalogen og kva trendar IKEA meiner er gjeldande. I Noreg stellar IKEA i stand ein større «lanseringshappening» med kjendis-konferansierar, og fleire medium har også i dei seinare år starta å anmelde katalogen, noko som berre er med å understreke dets posisjon.
Sjølv om IKEA også er store på nettet gjennom aktiv profilering på sosiale medium og heimeside, så er IKEA-katalogen framleis den største satsinga. Nærmare 70% av det årlege marknadsbudsjettet blir lagt i katalogen. Selskapet kan i grunn sjåast på å vere litt «annleis», noko dei har bygd opp under sjølv då dei i over femti år har fått kundane til å kjøpe flate møbel som dei har måtte setje saman sjølv.
Likevel kan ein undre seg kvifor IKEA bevisst satsar stort på ein slik tradisjonell kontaktform til sitt publikum. Hadde ikkje ein fått meir ut av pengane ved å velje ei papirfri-løysing, og samtidig gjort noko positivt utfrå eit miljøperspektiv?
Digital utvikling
Sjølv om det er ein standard papirkatalog med bilder og tekst, så er den likevel meir digital enn ein skulle tru. For nærmare tre fjerdedelar av produktbilda i katalogen er fullstendig digitale bilde, det vil seie at alle møblar og produkt i det spesifikke bildet er skapt digitalt, og ikkje er produsert fram i eit studio med fysiske produkt.
Slike 3D-modellar er difor både praktisk og fleksibelt i bruk for IKEA. Kvaliteten på bilda blir minst like god som i eit vanleg studio, og ein treng ikkje sette opp eit kjøkken for å ta bilde av det. I staden brukar ein digitale verkty for å få det resultatet ein vil.
Det gir igjen stor fleksibilitet i forhold til IKEAs spesifikke marknadsføring av katalogen til ulike land og regionar. Til dømes kan ein bruke lyse tremøblar mot den skandinaviske marknaden, mens ein redigerer inn mørkare nyansar i den amerikanske presentasjonen. Elles er det nesten berre fantasien som set grenser for kva IKEA vil velje av ulike fargar, nyansar og produkt i sine framstillingar, alt er gjort ved nokre tastetrykk.
Så i hovudsak kan slik redigering vere eit positivt verkemiddel, sjølv om det finst døme på uheldig redigering. Det var likevel ikkje snakk om eit møbel, men IKEA møtte sterke reaksjonar då det i 2012 vart vist til at IKEA hadde sensurert vekk kvinner i katalogen som blei distribuert i Saudi Arabia. Kritikk som IKEA seinare måtte beklage.
bookbook
IKEA har også klart å få positive vinklingar knytt til katalogen sin. Nyleg publiserte den svenske møbelgiganten årets IKEA-katelog, og i den samanheng publiserte dei ein video som kjapt slo an. Katalogen får tilnamnet «bookbook» i det som er ein openberr parodi på Apple-produkt.
I videoen argumenterer ein mellom anna for at IKEA-katalogen har lang batterilevetid og brukast ved hjelp av berøringsteknologi. Så kan ein kanskje spørje seg om IKEA også slår eit slag for ei ikkje-digital framstilling; papirkatalogen er gjerne vel så grei, om ikkje betre i bruk. Når det er sagt finn ein sjølvsagt katalogen i digital utgåve på Internett.
Tema for årets katalog er «En god dag starter her». Sjå videoen her: