Kategorier
Ymse informasjon

Nytt semester

adolf hopeVelkomen til nytt semester på Praktisk informasjonsarbeid. Kristian jabbar, alle vil sove.

 

 

Kategorier
Ymse informasjon

Sleppefest: Pickman’s Model

Reklameplakat
CC-BY Den Unge Herr Holm / Absalong

Dagen vi alle har venta på er endeleg her! Absalong er attende! Nye lokal, men med dei samme folka, og det samme mørke vanviddet. Vi startar med å feire ein av våre eigne, meisterteiknaren Kim Holm, kjend som Den Unge Herr Holm. Det vert med andre ord fest! Sleppefest for Pickman’s Model, av Den Unge Herr Holm, basert på H.P. Lovecraft si novelle, den 30. august.

H.P. Lovecraft er ein sentral skikkelse i moderne populærkultur og skrekkestetikk, men han er ein mann som få har klart å fange visuelt. I fleire år har Kim Holm jobba med denne utfordringa og resultatet har blitt ei teikneseriebok på litt over 100 sider, som vil skape grøss og glede! Pickman’s Model er forteljinga om den mystiske malaren Richard Upton Pickman fortald av ein av hans få attverande vener. Sanninga om maleria rystar forteljaren like mykje som lesaren.

Kim Holm bør vere kjendt for faste gjester på Absalong som mannen som har stått bak dei fleste plakatane våre, samt som mannen som prøvde seg som køntrisongar på eit av våre arrangement. Andre vil kjenne han frå Nemi og ulike andre teikneseriepublikasjonar. Streken hans er solid og lett attkjenneleg, og han hauster god kritikk verda over for arbeidet sitt.

Denne kvelden vil han presentere verket sitt, og det er gode sjansar for at det skjer ein og annan ting. Vi oppdaterar Facebook og mailinglista med informasjon etterkvart som arrangementet nærmer seg.

Vi har fått oss nye fine lokal, like ved lillelungeren, hjå VIP Lounge. Her opner vi dørene klokka 19.00 den 30. august og vonar at du og dine vener vil vere med å sparke liv i moroa att. Moroa koster som vanleg 50 kroner.

Vel møtt.

Den gode samtale? Eller konfrontasjon?

Kva er eit intervju for deg? Er det ein samtale mellom to personar, ein uformell prat der ein samarbeider om at informasjon og kunnskap vert tydleggjort? Kva når intervjuobjektet er uvillig til å fortelje, kva gjer då intervjuaren?

Eit intervju er så mangt. For kommunikasjonsarbeidaren er intervjuet aktuelt i to samanhengar – når han eller henne skal hente inn informasjon frå ein ekspert, som skal formidlast i pressemelding eller anna tekst, og når kommunikasjonsarbeidaren sjølv vert intervjua. Beggje delar er krevande situasjonar som ein må øve på for å meistre.

Kategorier
Ymse informasjon

Parkstemning

Aydnesparken om morgonen
Morgon i parken

Ein kan seie mykje stygt om førelesingar klokka 8 om morgonen, men det er lite som står stemninga klokka 8 i ein regnvåt Nygårdspark om hausten. Før den lokale faunaen har kvikna til.