Kategorier
Ymse informasjon

Humanistisk studentutval

HSU
HSU

Studentutvalet på Humanistisk fakultet (HF) har på få år gått frå å vere nær daudt, til å bli ein stor organisasjon med over hundre aktive medlemmar, fem underutval og seks lønna verv og eige skjenkeløyve. Humanistisk studentutval (HSU) jobbar dagleg for HF-studentanes ve og vel, gjennom sosiale tiltak så vel som lesesalskontrollar, arrangering av kurs og dialog med administrasjonen. Og som alle organisasjonar med respekt for seg sjølv har me ein noko kompisert struktur.
HSU er delt inn i fem underutval:

Det er studentpuben Ad fontes, som har ope kvar vekedag 10-00.00. Der kan hardtarbeidande studentar og tilsette få seg kaffi, ein mjuk sofa å sitte i og ikkje minst godt selskap. Ad fontes er drifta av om lag 60 frivillige HF-studentar. På kvelden er det pubdrift, og med vekentlege arrangement som quiz på onsdagar og fin fredag har det blitt ein fast stoppestad for dei fleste HF-studentar.

HF-revyen set opp ein eigenprodusert revy kvar vår, og består i år av om lag 40 medlemmar som jobbar konstant mot premieren 3. mars. Nytt av året er at maskoten, Hesten, har fått sin eigen videoblogg, der han med ujamne mellomrom legg ut små snuttar av livet sitt.

Humanistisk arbeidslivsutval (HAU) jobbar opp mot arbeidslivet på vegne av HF-studentar. Så utruleg det enn høyrest ut er det ein heil del med studentar på HF som ikkje planlegg å bli lærar, men ser for seg karrierer innan heilt andre delar av arbeidslivet. HSUs oppgåve er å gjere både arbeidslivet og studentar klar over kompetansen ein sit på med ei utdanning innan humaniora, og å promotere den.

Fadderstyret arrangerar fadderveka på HF kvar haust og arbeider jamt gjennom heile året for å kunne gje nye studentar ein fantastisk start på studielivet.

Så er det Studentutvalet (SU), som er styret i HSU. Det er 13 medlemmar som har møter ein gong i månaden. Dei står for fordeling av masterlesesalsplassar, lesesalskontrollar, arrangerar borggårdsdag og andre arrangement for både aktive i HSU og andre HF-studentar. Men den viktigaste oppgåve til SU er å arbeide opp mot administrasjonen for å sikre at studiekvardagen din vert så god som mogeleg.