Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Dans som kommunikasjon – eit intervju med Anette Røse

Anette (21) har lidenskap for dans. Då ho gjekk på vidaregåande i Sogndal jobba ho som danseinstruktør. Og saman med dansegruppa Prestige, dansa ho for foreldrelause born på barneheimar i Latvia.

Kva er grunnen til at du starta med dans?

Eg starta med dans fordi eg gjekk lei dei andre tilboda bygda hadde å by på som fotball, handball, piano, ski mm. Eg byrja som elev i danseverkstaden, som er den dansemodellen Dans utan grenser har utarbeida, og elska det frå første augeblikk. Instruktørane våre var ikkje stort eldre enn oss, så dei blei fort eit forbilde – nokon du kunne identifisere deg med og ynskja å bli lik. På den måten blei ikkje avstanden mellom elevane og instruktørane so stor, du følte deg på ein måte tryggare. Du hadde ein eldre person du kunne prate med skulle det vere noko, på same side som denne personen var på ditt nivå som ungdom og ein del av gruppa. Etter å ha vore elev ved danseverkstaden i 4 sesongar ynskja eg sjølv å bli instruktør. Eg gjekk gjennom ein opplæringsfase på eit halvt år der me lærte alt frå koreografi, korleis bygge opp musikk, rombygging, korleis lære frå seg, og verte høyrd mm. Saman med meg var det ni andre som gjekk gjennom den same opplæringa for Sogndal sin danseverkstad, og me blei ei dansegruppa Prestige.

Kva gav dykk moglegheit til å reise til Latvia på barneheimsturné?

Dansegruppa vår er ein del av ein organisasjon som heiter dans utan grenser. Denne organisasjonen blei grunnlagd av Ove Henning Solheim i 1996. Det viktige for han er at born og ungdom skal bli sett og tekne på alvor. Han ville at det skulle lagast ein arena for dei unge, der dei sjølve hadde noko å seie i viktige avgjersler, og fekk opplæring i ung- til ung- formidling. Det var denne organisasjonen me reiste med og som gjorde det mogleg for oss å reise til Latvia.

Turen vår til Latvia var i regi av dans utan grenser, og Ove Henning var med oss. Behovet for kulturopplevingar og sosialisering er enormt for borna på heimane og målet vårt for turen var å gi dei dette og dermed spreie glede gjennom dans. Gjennom dansen hadde me også noko me kunne gjere saman sjølv om mange av dei ikkje kunne engelsk. Dansen blei vår måte å kommunisere på. Me laga ei førestilling på ein time som me turnerte med i to veker. På den tida budde me bland anna på ein av barneheimane der me hadde workshops kvar dag og fekk ein god kontakt med ungane. Dette kunne me tydleg sjå at dei sette pris på, noko som var svært koseleg og motiverande for å halde nivået og energien oppe for dei vidare førestillingane og workshopane.

Kva tankar sit du att med etter du kom heim?

Når ein kjem heim etter ein sånn tur ser ein kor lite som skal til for å glede andre. Me jobba utruleg hardt i forkant for å sette opp ein førestilling me følte haldt det nivået ungane fortjente, men samstundes er dette noko me elska å gjere, og det å få dele det med dei var berre ei glede. Ein sit att med eit ønskje om å kunne gjere meir, samstundes som ein veit at det me alt har gjort er eit lys i deira kvardag dei vil sitta att med i lang tid etter me er reist. Dei lærte alt frå oppvarmingar, danseleikar og koreografiar så dette er noko dei kan drive med i ettertid. Det er noko av det fine med dans synst eg. Ein treng ikkje ein idrettshall, ein ball, gode ski eller mange deltakarar. Det er noko ein kan gjere kvar som helst med kven og kor mange som helst. Det er uavhengig av alder og følelsen ein sit att med er ikkje anna enn god. Dans er som mottoet til danseverkstaden seier, ”ein plass for alle.”

Dansegruppa Prestige i action

Andrine Rygg

Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Kommunikasjonsutfordringar ein møter på som sogndøl

Ungdommar frå heile Noreg vel å flytte til Bergen når dei skal ta fatt på studietida. Dette gjer at Bergen sitt studentmiljø består av eit mylder av dialektar frå heile landet.

Studentbyen Bergen © Andrine Rygg
Studentbyen Bergen © Andrine Rygg

På vidaregåande lærte me om dei ulike dialektane i Noreg, og om bruken av kløyvd infinitiv og apokope. Me har også gjennom årevis av fjernsynssjåing klart å plukke opp forskjellane på korleis folk snakkar her i landet. Eg hugsar iallfall at eg var tidleg ute med å legge merke til at karakterane i favorittseriane Mummitrollet og Dyra i Hjorteparken hadde ulik måte å snakke på. Eg har alltid sett på dette mylderet av dialektar som ein blomsterbukett i ulike fargar, og at mangfaldet av dialektar er noko av det som gjer Noreg til eit kulturrikt land. Dialekt er identitetsskapande, det fortel folk kvar du er frå. Uansett kvar ein reiser i verda vil dialekta frå heimstaden alltid vere ein del av deg.

Når eg vendte nasen mot Bergen i 2010 tenkte eg at byen allereie var full i sogningar, så dialekta mi hadde gjort sin debut der lenge før eg kom. Men eg merka raskt at talemåten min frå Indre Sogn ikkje var kjent for alle. Då eg og veninna mi frå Sogndal hadde ein samtale då me var med ein studentgjeng, var det ein gut frå Kristiansand som følgde fascinert med. Til slutt sa han at han ikkje kunne forstå eitt einaste ord frå samtalen vår. Ein anna gong når eg var på kafé og skulle bestille, fekk eg spørsmål om eg kunne vær så snill å snakke engelsk fordi han ikkje forstod språket mitt. ”Ke e da so e i danna chilikaffien?” vart frustrerande nok bytta om til ”whats in that chilicoffee?”. Dette byggjer seg naturlegvis opp til ein frustrasjon i meg over tid.

Eg har fleire gonger tenkt at det hadde vore så mykje lettare dersom eg hadde snakka austlandsdialekt, slik som over ein million andre gjer i Noreg. Som når eg til dømes har framføring i seminar, og eg kan sjå på blikket til nokre av mine stakkars medstudentar at dei slit med å få med seg samanhengen av det eg seier. (Nokre av vennene mine frå Sogn ser på dette som ein fordel, og snakkar med ekstra tjukk dialekt når dei ikkje eigentleg veit sjølv kva dei formidlar). Men så blir eg litt fornærma og tenkjer at dersom nokon ikkje forstår, så skal eg ikkje leggje om på dialekta mi, men heller halde sterkare på den. Det er ikkje negativt å vise kvar du er frå, det er ein del av deg. Ei veninne av meg gjer alltid dette i praksis når ho møter på kommunikasjonsutfordringar, og det er utruleg underhaldande å vere vitne til. Ein gong me var ute på byen, overhøyrde eg ein samtale ho hadde med ein i klassen der ho fortalte han i  ekstase om dei billige drinkane. ”Da e so bra at da berre kosta nisjan krone for shotten!” uttrykte ho, og den stakkars samtalepartnaren hennar frå Oslo svarte ”hæ?!” tre gonger før han forstod at nisjan krone er det same som nitten kroner.

Heldigvis har sognemål blitt meir kjent for folk etter at nokre profilerte sogningar dukka opp meir på fjernsynsskjermen. Dette er eg takksamd for, og eg ser fram til at kommunikasjonsutfordringane i kvardagen blir færre i framtida. Eg kan forstå at nokre sogne-uttrykk kan vere vanskeleg å fortstå, så til slutt lagar eg ei lita ordliste.

Sognemål: Vi du bli me å maula ei kjøtlefsa å preika vaol?

Bokmål: Vil du bli med å spise pizza og snakke tull?

Sognemål: Ao, pao, dao

Bokmål: Av, på, da

Sognemål: brokji

Bokmål: buksa

Sognemål: knitte

Bokmål: kneet

Sognemål: seusjan, asjan, nisjan

Bokmål: søtten, atten, nitten

Sognemål: Snedde

Bokmål: Lettvindt

Sognemål: ilt

Bokmål: vondt

Sognemål: øye

Bokmål: veldig

 

– Andrine Rygg

 

Kategorier
Ymse informasjon

Ein veldig kort anmeldelse av filmen «Kon Tiki»

På fredag (24.08) var det duka for premiere på den norske storfilmsatsinga «Kon Tiki». Blant dei som var tidleg ute med å skaffe seg billett var meg. Forventningane til filmen var høge, men nådde dei opp? Etter to timar med filmvisning var dommen klar. Dette var absolutt ein av dei beste norske filmane eg har sett, ein blockbuster som likna på dei som blir laga i sjølvaste Hollywood. Men sjølv med gode skodespelarar og flott filmarbeid, klarar ikkje den kritiske sida av meg å sjå vekk frå at filmen mangla store spenningsmoment. Kanskje dette har ein samanheng med at eg frå før kjente til historia om Thor Heyerdal si historiske flåteferd, og at denne ferda endte utan at nokon liv vart tapt. Uansett hadde (diverre) filmsjåaren i meg hatt ei større interesse av å sjå at dei truande haiane faktisk tok tak i ein fot eller to, og drog ein av hovudrollane over bord. Akk ja, utanom det har i det minste denne filmen bevist at Aksel Hennie ikkje nødvendigvis er eit «må ha» i norsk film, og at vetle Noreg nærmar seg USA når det gjeld filmsatsing. Ein historisk «feel good»-film som er verdt å få med seg. Dersom eg skulle kasta terningen hadde den hamna ein stad mellom fire og fem, lat oss sei fem, takka vere den briljante skodespelaren «Pål Sverre Valheim Hagen» i rolla som Thor Heyerdahl.

Ein kritisk anmeldar. Andrine Rygg
Ein nøgd anmeldar. Andrine Rygg
 

 Her kan du sjå traileren til filmen «Kon Tiki».  

 

Andrine.