Mange er av den oppfatning at lærarar har mykje fri. Helene Huseklepp Hatlem, som er fersk i yrket, veit at det ikkje stemmer med røynda.
– Jobben blir som oftast med heim. Eg brukar mykje tid til å planleggje, slik at elevane får den beste undervisninga dei kan få. Sjølv om det kan vere krevjande, så er det eit kjekt yrke og det gjev meg ny giv til å halde fram, seier Helene.

Helene Huseklepp Hatlem er 25 år og jobbar som lærar i Bergen kommune. Der har ho jobba i snart to år og underviser for 5. – 7. klasse. Ho er utdanna allmennlærar ved Høgskulen i Bergen, men har også tatt fag ved sidan av etter at ho byrja i jobb, for å skaffe seg meir kompetanse.
Gode eigenskapar
Arbeidet til ein lærar heng saman med personlege eigenskapar, menneskelege relasjonar og dei kunnskapar og ferdigheiter læraren har. Helene frå Hyllestad er som skapt for yrket. Ho trivst godt i jobben sin og valde læraryrket fordi ho alltid har likt å arbeide med menneske og å organisere.
– Eg har tidlegare vore med å arrangere aktivitetskveldar for barn og dette gav meirsmak. Eg er heller ikkje redd for å stå framfor folk og dele kunnskap. Eg tek lett leiarrolla, noko som er viktig i læraryrket, fortel ho.
Helene underviser i matematikk, mat og helse, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving og fysisk fostring. Ho likar alle faga godt, men spesialiseringa hennar er i matematikk, mat og helse, IKT og naturfag.
Lever opp til forventningane
Ho innrømmar at yrket til tider kan vere hardt og krevjande. Likevel meiner ho at det har levd opp til forventningane ho hadde på førehand.
– Det beste med å vere lærar er å sjå meistringsgleda elevane syner når dei har løyst ei oppgåve, medan utfordringa er problemløysing mellom elevar. Kven har gjort kva og korleis kan vi gå vidare i frå dette? reflekterar ho.
Ein lærar har stor innflytelse på den oppveksande generasjonen. Tenkjer du over at yrket ditt er eitt av dei viktigaste yrka i og for samfunnet?
– Eg tenkjer ikkje over dette dagleg, men i enkelte situasjonar tenkjer eg mykje på det. Det er min jobb å få elevar opp og fram. Om eg gjer ein dårleg jobb kan elevane miste ein murstein i grunnmuren sin. I læraryrket er det viktig å finne desse hola hos elevane og hjelpe dei slik at dei får ein fullstendig grunnmur. Som ny lærar kan dette vere ei lita utfordring, meiner Helene.
Kva er ditt tips til dei som går og tenkjer på om læraryrket er noko for dei?
– Søk! Det å vere lærar er ein fantastisk jobb!