Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Per, du lyver! Nei, jeg gjør ei!

Tenkjer du alltid over korleis du står eller måten du gestikulerer på når du held eit føredrag eller samtalar med frua? Kanskje du held eit stivt blikk eller kryssar armane medan du pratar eller sveittar i handflata medan du serverer ein kvit lygn? Samanheng mellom ord og handling påverkar andre si oppfatning av deg meir enn du trur.

Tekst: Sara Skåre

Tydeleg kroppsspråk på president Putin (Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko/NTB Scanpix gjengitt frå Dagbladet.)
Tydeleg kroppsspråk på president Putin (Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko/NTB Scanpix gjengitt frå Dagbladet.)

Kroppsspråket avslørar deg!
Kroppsspråk kan definerast som måtar å kommunisere eit bodskap på, ved bruk av kroppslege uttrykk og utan bruk av tale- eller skriftspråk. Det vil derfor innebere alle typar av uttrykk eller teikn som kroppen din sender, bevisst eller ubevisst, og som gjer mottakaren ein ide den bakomliggjande meininga til sendaren.

Forsking visar at over 55 prosent av all kommunikasjon med andre føregår gjennom kroppen din og dei signala den sender. Ved at det ofte føregår ubevisst og ikkje som del av en bevisst kommunikasjonsstrategi, avslører ein ofte kjensler og tankar som ein kanskje ville halde skjult.

Typisk kroppsspråk som skjer ubevisst, er blant anna ved glede, då vil ofte eit smil breie seg over ansiktet ditt; ved kjensle av sinne vil du dra kjeven saman, rynke augnebryna eller knyte handa. Likens vil ein engsteleg eller sjenert person vil kanskje krysse armar eller bein, eller begge deler samtidig. (Men pass på; akkurat dette kan også vere teikn på at ein lyg!)

Kroppsspråket har ofte vorte brukt til å avsløre om du vert førd bak lyset eller ei. Ein ser til dømes etter sveitte panner eller flakkande blikk, men i røyndomen kan ein verkeleg god løgnar vera flink til å halde maska og kontrollere dei indre kjenslene. I korte augneblikk kan maska derimot falle, og dei ekte kjenslene – mikrouttrykka kjem fram. Forskarar hevdar at ein kan trene seg opp til å observere slike mikrouttrykk og dermed avsløre løgnarar, medan andre forskarar hevdar det er vanskelegare enn anteke.

Du kan manipulere deg sjølv
Den siste tida har fokuset auka på korleis ein kan ta kontroll over sine kroppslege uttrykk og manipulere kroppsspråket til sin fordel. Dersom ein slit med dårleg sjølvkjensle og er nervøs før eit jobbintervju eller eit føredrag, kan ein få hjernen din til å tru at du er sjølvsikkerheita sjølv.

Dette gjer du ved at du står eit par minutt med breie bein og armane godt planta i sida, samtidig som du ser rett framover. Slik vil testosteronnivået i kroppen auke med 20 prosent, samtidig som kortisolnivået (som fører til nervøsitet) bli redusert. Resultat: suksessfult manipulert hjerne. Dette kan også gå andre vegen; dersom ein ruller seg saman som ein ball eller gøymer seg i hendene, kan sjølvsikkerheita forsvinne like raskt som den kom.

Me brukar kroppsspråket heile tida, men det er stor forskjell på kor bevisste folk er på denne bruken. Max Atkinson studerte på 80-talet ei rekke forskjellige opptak av offentlege talar frå politiske leiarar som Hitler, Mussolini, John F Kennedy og Martin Luther King. Han hevda at dei alle delte fleire tekniske evner som må til for å kunne inspirere, mobilisere og danne meiningar.

Dei fleste tenker nødvendigvis ikkje over korleis kroppsspråket påverkar eigne og andre sine oppfatningar, medan andre har eit stort fokus på korleis dei kan bruke kroppsspråket til å nå sine mål. Ved å tolke andre sitt kroppsspråk, kan ein finne ut kva den andre personen eigentleg tenkjer; i Dagbladet i dag kan ein lese om korleis Pentagon studerer kroppsspråket til president Putin i Russland, dette med mål om å spå hans neste trekk. Også TV-serien Lie to me handla om korleis etterforskarar brukte kroppsspråk til å finne sanningar.

Smilefjes med universell meining? (Foto: Screenshot privat mobil Sara Skåre )
Smilefjes med universell meining? (Foto: Screenshot privat mobil Sara Skåre )

Han rista på hovudet og var semd i det eg sa

Nokre kroppslege uttrykk kan hevdast å vera medfødde og universelle, anten det er å smile når ein er glad, trekke munnvikane ned når ein er trist eller å ha stivopne auger ved kjensle av skrekk.

Å strekkje armane ut og oppover, er eit teikn på seier og uovervinnelegheit, medan det å trekkje på skuldrane og halde opp handflatene signaliserer underkasting og uvissheit verda over. Ser ein på den utstrakte bruken av smilefjes ved tekniske duppedingsar, finn ein fleire universelle trekk som betyr mykje det same for dei fleste menneske.

Nokre delar av kroppsspråket kan også tenkjast å vera kulturspesifikt og tileigna gjennom miljøet ein lev i. Til dømes dersom ein ristar på hovudet, vil dette i store delar av Verda bety at ein ikkje er semd i det den andre personen seier.

I India derimot, er hovudristing ei form for aksept og symboliserer at ein er einig eller at ein lyttar til det den andre personen seier. Dette kan skape forvirring for ein vestleg gjesteførelesar ved eit indisk universitet; då alle sit og ristar på hovudet medan førelesaren held presentasjonen sin.

Kryss for all del ikkje beina på neste førelesing
Ikkje nok med at kroppsspråket kan avsløre våre inste kjensler, eller at det kan fungere som eit verkemiddel for å manipulere eigne tankar, forsking viser også at kroppsspråket kan påverke hukommelsen.

Så neste gong du er på førelesing eller foredrag av ein eller anna sort; kryss verken armar eller bein – så hugsar du betre det som vert sagt!

Legg igjen en kommentar