
I arbeidet som førskulelærar har Kathrine Sæbønes vorte vand med å kommunisere på mange ulike måtar og nivå gjennom ein heilt vanleg arbeidsdag. Den beste kommunikasjonen skjer når ein møter barnet på hans eller hennar nivå, meiner ho.
Kva tykkjer du er det viktigaste når det gjeld kommunikasjon med born?
– Det aller viktigaste i komunikasjonen med born er nok å møte dei på deira nivå. Dette kan innebere å setje seg ned slik at ein kjem i same høgd, men også å bruke enkle ord og setningar slik at dei tydeleg forstår bodskapen. Eg er også veldig obs på korleis eg brukar stemma mi og kroppsspråket, for desse er vel så viktige som det eg seier.
Kvifor er kroppsspråk og stemmebruk så viktig?
– Det handlar mykje om at eg skal vere så tydeleg som mogleg og difor kommunisere det same bodskapet gjennom ulike kanalar. For små born er det ofte lettare å lese kroppsspråk enn å forstå heile innhaldet i det eg seier, så då er det desto viktigare at det er samsvar mellom ord, kroppsspråk og stemme.
Når det gjeld stemmebruken handlar også dette mykje om tydelegheit; borna skal lett høyre forskjell på stemma mi om noko er farleg, eller om dei gjer noko veldig bra. Slik skal ein heller ikkje trenge å rope for å verte høyrt – det skal vere nok å bruke rett stemme.
Verkar dette alltid, eller har du somme gongar måtte ty til andre metoder for å få fram bodskapen din?
– Hehe, somme gonger har eg verkeleg brukt «sintestemma», det er nok ikkje til å unngå. Men det er klart, ein skal heile tida vere eit førebilete og det er viktig å ikkje vere dobbeltmoralsk. Så ein kan for eksempel ikkje stå å kjefte med utestemme når ein er inne, uansett situasjon.
Kva er den største kommunikative utfordringa du møter i jobben din?
– Det mange kanskje ikkje veit er at vi i barnehagen må kommunisere med utruleg mange andre enn borna, og dette er ofte utfordrande. Det er alt i frå foreldre og PPT til barnevernet og kommunen, for å nemne nokre. Her skal ein vere ganske påpasseleg i forhold til tausheitsplikta, og passe på å følgje dei formelle krava for kommunikasjon. I forhold til foreldre er det svært viktig å tenkje over ordbruken, då somme har lett for å tolke det du seier i ulike retningar.
Kathrine har altså klare tankar om kva som er viktig når det gjeld kommunikasjon i arbeidet med born. Stemmebruk, kroppsspråk og ordval er viktige omgrep ho har drege fram, og det er ikkje tvil om at ho brukar desse bevisst for å sikre ein god og føremålsretta kommunikasjon.