Kategorier
Ymse informasjon

Den ukjende historia om Ivar Aasen

Ivar Aasen
CC BY National Library of Norway

 

5. august 2013 feira språk- og nynorskentusiastar over heile Noreg 200-årsdagen til han som fann eit skriftspråk; Ivar Aasen. I den anledning ga Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, ut ein biografi om denne mannen under tittelen «Historia om Ivar Aasen». Her tek Grepstad føre seg heile livet til Aasen; bondesonen frå fattige kår som la bak seg 25.000 km i jakta på eit skriftspråk.

Boka er full av faktaopplysingar om språkarbeidet til Aasen, men Grepstad veit også å krydre historia med innslag av mindre kjende sider av språkfinnaren – mellom anna får ein innblikk i kjærleikslivet hans. Ifølgje Grepstad taler fleire ting for at Aasen, ungkaren og einstøingen Ivar Aasen, faktisk på eit tidspunkt var trulova.  Den utvalte heitte Berte Paulsdotter Vike og om kjeldene har rett så er ho moglegeins delaktig i at Aasen fekk eit grunnlag for å utvikle sitt eige skriftspråk. Historia fortel at Aasen vart sendt som huslærar til Kaptein Ludvig J Daae for å kutte kontakta med Berte. Hjå Daae fekk Aasen tilgang til tidsskrift og eit rikhaldig bibliotek, og dette bar tydelegvis frukter. Året etter skreiv han artikkelen «Om vort Skriftssprog», der han for aller første gong formulerer tanken om å finne eit nytt skriftspråk.

Legg igjen en kommentar