Aller helst vil eg skrive om noko som eg er lidenskapleg opptatt av. Noko som framstiller meg som ein positiv person. Men det motsette gjer seg gjeldane, og eg kjem muligens til å framstille meg sjølv som ei negativ sutrehøne. Eg mislikar å stå på ski. Faktisk vil eg gå so langt å innrømme at eg har eit sterkt hatforhold til det. Frå eg var liten har vennar og familie prøvd å lokke meg med i skiløypa. Dei synest det er moro og stakar i veg med friskt mot. Eg kryssar skia og dett, sjølv om eg står på flat bakke. Heldigvis er vinteren snart over. Vår og snøfritt fjell, her kjem eg.
Tekst: Maija Egge