I dagens samfunn er det viktig å vere «på nett». Med dette meiner eg å få med seg viktig informasjon som er meint for deg. Dette vil til dømes seie via mobil (SMS, samtaler), e-post, Facebook eller Twitter. I mitt tilfelle har eg tilgang på all denne informasjonen via mobiltelefon. Eg vil ikkje påstå at eg er avhengig av å 24 timer i døgnet få med meg alt som skjer, men heller ikkje å henge for lenge etter.

På sosiale media, kan ein sjølv velge kva for informasjon ein vil få med seg. Eg vil påstå at dei fleste har «vener» på Facebook som ofte delar informasjon som ein ikkje vil få med seg. Døme på dette kan vere om alle skitbleiene han/ho har skifta den dagen, eller om kor tidleg han måtte stå opp for å kome seg på jobb. Det som er så fint, er at ein kan lett «luke» vekk desse oppdateringane frå nyhetsoppdateringa si. Når venelista er rydda opp i, sit ein igjen med kun den informasjonen ein vil få med seg.
Ein av dei informasjonskanalane som er viktigast for meg, er e-post. Når eg ser at det kjem opp eit tal på Gmail-ikonet på mobilen min, tyder dette på at eg har fått ein e-post. Det tar ikkje lang tid før denne e-posten er både lest og svart på. Sidan eg er svært opptatt av å vere snar med å svare på e-post, har det blitt slik at eg forventar det same av andre. Har eg sendt ein e-post utan å få svar på denne innan to dagar, må ein forvente ein purring. Dette er noko eg synes ein må forvente i dagens mobile samfunn. Dei fleste har tilgang til internett vertfall éin gong i løpet av dagen, og då synes eg at den tida bør brukast på å skjekke e-posten sin. Min 87 år gamle morfar les e-posten sin dagleg, og då synes eg at andre også burde klare det, spesielt dykk som har vakse opp med datamaskiner og mobiltelefonar.
Eg er engasjert i ulike organisasjonar, og har ulike verv. I forbindelse med desse verva, er det viktig for meg å kommunisere med andre, og at dei eg kommuniserer med får eit godt inntrykk av meg. Ved å vere snar med å svare på e-post, håpar eg at andre oppfattar meg som oppdatert og engasjert, noko som eg synes er gode eigenskapar.
Min oppfordring til deg: Les e-posten din!
Tekst: Kristine Turøy