På fredag (24.08) var det duka for premiere på den norske storfilmsatsinga «Kon Tiki». Blant dei som var tidleg ute med å skaffe seg billett var meg. Forventningane til filmen var høge, men nådde dei opp? Etter to timar med filmvisning var dommen klar. Dette var absolutt ein av dei beste norske filmane eg har sett, ein blockbuster som likna på dei som blir laga i sjølvaste Hollywood. Men sjølv med gode skodespelarar og flott filmarbeid, klarar ikkje den kritiske sida av meg å sjå vekk frå at filmen mangla store spenningsmoment. Kanskje dette har ein samanheng med at eg frå før kjente til historia om Thor Heyerdal si historiske flåteferd, og at denne ferda endte utan at nokon liv vart tapt. Uansett hadde (diverre) filmsjåaren i meg hatt ei større interesse av å sjå at dei truande haiane faktisk tok tak i ein fot eller to, og drog ein av hovudrollane over bord. Akk ja, utanom det har i det minste denne filmen bevist at Aksel Hennie ikkje nødvendigvis er eit «må ha» i norsk film, og at vetle Noreg nærmar seg USA når det gjeld filmsatsing. Ein historisk «feel good»-film som er verdt å få med seg. Dersom eg skulle kasta terningen hadde den hamna ein stad mellom fire og fem, lat oss sei fem, takka vere den briljante skodespelaren «Pål Sverre Valheim Hagen» i rolla som Thor Heyerdahl.


Her kan du sjå traileren til filmen «Kon Tiki».
Andrine.