Frå dødsangst til «støv på hjernen»

-Ein samtale med Anemari Neple

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anemari Neple (32) – stipendiat ved Institutt for

lingvistiske, litterære og estetiske studier, ved UiB.

 

På eit kontor i HF-bygget sit Anemari Neple med beina i kryss og smiler. Eg kjem inn døra ti minutt seinare enn avtalt og forklarer at eg gjekk meg bort. Neple er rask med å samanlikne HF-bygget med den kafkanske labyrinten. Vi ler før intervjuet tek til.

 

For eit år sidan, våren 2011, foreleste Neple om Tor Ulven, i seminaret «Eksistens, erkjennelse og estetikk i Tor Ulvens forfatterskap». Det var ingen som da reagerte på at ho skulle forelese i eit slik seminar. Tor Ulven er jo hennar område, hennar spesialitet. Dette semesteret foreles ho i seminaret «Husmorparadokset». Da ho fortalte folk om det nye seminaret var det mange som meinte at overgangen her var stor. Ifølgje Neple er den mindre enn ein skulle tru.

 

-Det er ikkje tilfeldig kva som fenger deg. Da eg las Ulven gjenkjente eg noko, og eg hadde same oppleving da eg las om husmorsfenomenet.

Likevel møtte ho mange reaksjonar.

-Alle var overraska og alle sa det same: Dette er langt frå Ulven. Det var tilløp til skvetting!

 

Språket definerer

Det Tor Ulven og «Husmorsparadokset» har til felles er, i følgje Neple, at begge kan studerast i eit beslekta teoretisk perspektiv. Ho er oppteken av poststrukturalistisk teori, og dette er ein teoretisk bakgrunn for å forstå både Ulven og «Husmorparadokset». Ein bør altså i begge tilfella ha kjennskap til teoretikarar som Focault og Deleuze. Det å undersøke språket ligg til grunn, kva slags verknad språket har og det som ligg utanfor språket. Ulven nytta språket bevisst, medan husmødrene var omgitt av mykje språk, utan å nødvendigvis vere klar over det.

 

-Språket er med å avgjere korleis vi definerer oss, noko som kjem tydeleg fram i begge seminara, forklarer Neple.

Ho bestemte seg raskt for at Ulven passa inn i undervisningssamanheng, medan det gjekk fleire år før ho fekk ideen «Husmorparadokset». Neple innrømmer at ho ikkje hadde tort å forelese i «Husmorsparadokset» først. Det måtte byrje med Ulven, og deretter kunne ho ta til med husmorsfenomenet.

 

Tidsand

Da «Husmorparadokset» skulle lanseres offentleg som seminar, vart Neple overraska over den positive tilbakemeldinga. På forhand hadde ho tenkt å bestille 10 kompendium, men bestemte seg for å vere  optimistisk, og bestilte derfor 15. Det viste seg at det var 25 påmeldte studentar i «Husmorparadokset». Når ein samanliknar det med dei 13 påmeldte i Ulven, kan det verke som seminaret om Tor Ulven er Neple sitt smale seminar. Dette er ho ikkje einig i.

 

-Nei, for meg er det «Husmorsparadokset» som er det smale. Det er ei større utfording å gjere det relevant.

Sjølv meiner ho at ho har vore heldig med «timinga» av seminaret.

-Husmorsfenomenet er meir framme i offentlegheita no enn da eg byrja å interessere meg for det.

No svarar det altså til ei tidsand, Neple tar ei pause, før ho skundar seg å legge til:

-På lang sikt er faktisk Ulven meir aktuell, medan «Husmorsparadokset» er meir ein reaksjon i tida. Ulven representerer tema som «Døden» og «forgjengelegheit», og dette er jo tema som samfunnet ønskjer å tone ned. Slik sett kan ein vel seie at husmorsfenomenet er meir salbart. Husmorsfenomenet er ikkje til stades i akademia, men i media. Det er omvendt med Ulven. Det er snakk om ulik type tilstadevering.

 

Spelar på 50-tals estetikken

Neple synest det er interessant at husmorsfenomenet er i medieoffentlegheita no. Ho understreker at husmorsomgrepet no ikkje er det same som på 50-talet.

-Omgrepa er i rørsle. Husmorsomgrepet blir omkoda, seier Neple engasjert.

Ho forklarar at ein gjenoppliver 50-talet sin estetikk, utan å nødvendigvis gjenopplive kjønnsrollemønsteret.

-Vi ser ein tendens til at klassiske 50-tals positurer i dag kan representere noko anna enn det gjorde på 50-talet. Husmorbloggaren er ikkje nødvendigvis heimeverande, men kan like gjerne vere ei ung yrkeskvinne.

 

Neple bruker Clara Lidström som døme. Lindström sin blogg www.underbaraclaras.com, er ein av Sveriges mest leste bloggar og ho forsørgar familien med den.

-At ei ung kvinne i dag isenesetter seg sjølv i ei klassisk husmor-kontekst, betyr ikkje at ho kun blir definert som hustru og mor, noko som i langt større grad var tilfelle i etterkrigstida. Altså: Dei visuelle elementa liknar kvarandre, men dei representerer ikkje nødvendigvis det same, noko som absolutt er teoretisk interessant.

Medan Neple forklarar dette, bruker ho mykje kroppsspråk.

 

Ope forum

I seminara ønskjer Neple å skape eit miljø der det er rom for kommunikasjon, eit forum der det er trygt å ta ordet. Neple viser til at seminara hennar liknar på kvarandre, men har ulikt materiale. Dei som har valt «Husmorsparadokset» har ein meir variert fagleg bakgrunn enn dei som valte å ta seminaret om Tor Ulven. Dette skaper større utfordring til formidling, sidan det er større variasjon i kva studentane kan frå før. Likevel går praten lausare i «Husmorsparadokset», og dette meiner Neple skuldes både at ho har meir erfaring som forelesar, og at det er enklare å få assosiasjonar til husmorsfenomenet, sidan det er i offentlegheita.

-Og alle kjenner nokon som er i berøring med husmoromgrep. Kanskje du har besteforeldre som var husmødre, seier Neple spørjande.

 

Ulven eller husmora?

Siste spørsmål Neple må svare på for denne gong, er kven ho helst ville tatt med seg på ein tur til Fløyen. Tor Ulven eller ei vaskeekte husmor frå 50-talet? Neple byrjar å le, men så blir ho brått alvorleg. «Begge hadde jo trengt gåturen», seier ho grublande, før ho konkluderer med at ho nesten må velje Ulven. «Sjølv om han hadde sterk sosial angst og han hadde avlyst i siste liten. Likevel må eg velje Ulven», innrømmer ho.

Legg igjen en kommentar