
På førstkomande søndag kan det regne så mykje det vil og du kan ha ein heftig bakrus om du vil. Uansett finst det ein kur. Og kuren kan Thea Hjelmeland gje deg på Logen bar kl. 20.00.
Thea frå Førde skal med sin ukulele, mandolin og magiske stemme sjarmere deg i senk. Ho skal få deg til å gløyme alt som heiter ein dårlig søndag. Ho slepp endeleg ut sitt debut-album Oh the third som har fått mykje medieomtale og gode omtalar dei siste dagane. Ho spelte blant anna på By:larm som gjekk av stabelen i helga og albumet har høysta inn femmar blant anna hos dagbladet og BT. Albumet er produsert av Jostein Ansnes (Dadafon, Kristin Asbjørnsen) og Jarle Bernhoft, som også deltek på plata. Thea har skreve, komponert og arrangert alle songane på albumet sjølv.
Så kom deg inn i varmen på Logen, og opplev ein konsert som garantert kjem til begeistre deg!
Les meir om Thea:
- heimeside: http://theahjelmeland.com/
- facebook: http://www.facebook.com/#!/theahjelmelandmusic?sk=info
- myspace: http://www.myspace.com/theahjelmeland
Eller sjekk ut hennar nye musikkvideo til songen «perfume»: http://www.youtube.com/watch?v=HU3Z_9vloRQ
..Og sidan vi er så godt i gang med sosiale medier kan du til og med følgje thea på twitter: @Theahjelmeland
Om du får den kuren du hadde håpa på eller treng påfyll, kan du kjøpe albumet hennar på iTunes, eller stikke innom platekompaniet der du kan få den i form av CD eller LP.
Velkomen!