Kva er eit intervju for deg? Er det ein samtale mellom to personar, ein uformell prat der ein samarbeider om at informasjon og kunnskap vert tydleggjort? Kva når intervjuobjektet er uvillig til å fortelje, kva gjer då intervjuaren?
Eit intervju er så mangt. For kommunikasjonsarbeidaren er intervjuet aktuelt i to samanhengar – når han eller henne skal hente inn informasjon frå ein ekspert, som skal formidlast i pressemelding eller anna tekst, og når kommunikasjonsarbeidaren sjølv vert intervjua. Beggje delar er krevande situasjonar som ein må øve på for å meistre.