Mediebransjen står overfor store mulegheiter og utfordringar for å utvikle journalistikken digitalt. Knut Olav Åmås frå Fritt Ord seier at media snakkar ned seg sjølv, samstundes som kvalitetsjournalistikken blomstrar. Han er ein av mange føredragshaldarar på NODA-konferansen.
NODA, eller The Nordic Data Journalism Conference, finn i år stad i Ålesund, frå 30. – 31. januar. Det er ein konferanse om datajournalistikk, som samlar mange spanande føredragshaldarar som Tarjei Vassbotn frå Google og Francesca Panetti frå The Guardian.
Digitale aviser
Før det heile starta, hadde konferansen eit mål om å samle 200 detalkarar. På fredag, då bankettsalen blei opna for første føredrag, viste det seg at dobbelt så mange hadde meldt seg på. Den første føredragshaldaren var Aron Pilhofer, digital redaktør i The Guardian. Han snakka om korleis dei gjorde avisa digital. Pilhofer meinte det var viktig å bruke alle fargane på paletten: journalistar, fotografar, designarar og programmerar for å få levert det som alltid har vore viktig: «Great storytelling». The Guardian har gjort fleire prosjekt som viser korleis ein kan bruke digitale flater til å formidle historier, som i Guantánamo Diary og The Seven Digital Deadly Sins.
For å klare å skape slike historier, trengst mange ressursar og økonomi til å få det til. Det er storskala produksjonar, som kan ta halvår å lage ferdig. Eit døme på det er den interaktive dokumentaren om første verdskrigen. Sunnmørsposten, som er ein av arrangørane dette året, har vist at det går an å tenkje nytt om digital formidling òg for mindre mediebedrifter, innanfor eit strammare budsjett. Dei har laga app om bybrannen i Ålesund og testa kva transportmiddel som fungerar best i rush-trafikken.
Unik kompetanse
NODA samlar mange som jobbar med media, frå programmerarar og forskarar til journalistar. Føredragshaldarane gir inntrykk av engasjement og pågangsmot: Mulegheitene finst. I føredraget som innleia konferansen, kom Pilhofer med følgande oppfordring: «Embracing media as only we can.» Journalistar, og andre mediaaktørar sit på ein unik kompetanse som kan nyttast til å formidle digitalt.

Lysten på å vite meir?
Arrangørane er flinke til å dokumentere konferansen. Det er både Live-blogg og ein «mindre live»-blogg. Dessutan har #Noda15 ligge på toppen av lista over hashtag i Twitter-Noreg og du finn òg hashtaggen på instagram.